Liva Ingebrigtsen ope om tøff tid: – Eg såg ikkje for meg at det skulle bli så dyrt

1 week ago 8


– Det har kosta meir enn eg trudde det skulle då vi gav oss ut på dette her, seier Liva Ingebrigtsen til NRK.

Ho snakkar om livet gjennom medgang og motgang med Henrik Ingebrigtsen, som ho gifta seg med for seks år sidan. Den evige kampen om å få familiekabalen til å gå opp samtidig som det skal satsast mot internasjonale meisterskapar i friidrett.

Denne våren blei belastninga for stor.

– Kroppen synest det blei litt for mykje, litt tidlegare enn eg trudde, seier Liva Ingebrigtsen i den tredje episoden av serien «Born to Run», som handlar om dei tre løpebrørne Ingebrigtsen og familiane.

Kjente igjen symptom

Henrik Ingebrigtsen drog til Flagstaff i USA på det som skulle vore ein åtte veker lang treningsleir, noko lengre enn vanleg. Han drog heim fleire veker før tida.

På same tidspunkt hadde Liva, som er ein populær influensar, plutseleg slutta å oppdatere sine meir enn 180 000 Snapchat-abonnentar i kvardagen. Følgarane lurte på kor det blei av henne. Ho uttalte etter ei lita stund på Instagram at ho trong ein pause frå alt. No blir fleire detaljar avslørte.

Då ho henta ektemannen på flyplassen, var ho heilt utsliten. Ho rista.

– Det har vore sånn før, ein gong. Eg hadde svangerskapsdepresjon med panikkangst. Eg merka at det blei veldig likt som sist gong. Eg ville gjerne ikkje hamne der. Då var eg sjukmeld eitt år.

Ho trur ho fekk stoppa det før det gjekk for langt denne gongen.

– Det er prisen for toppidretten. Eg såg ikkje for meg at det skulle bli så dyrt, fortel ho med tårer i auga i serien.

  • Sjå hendinga frå serien «Born to Run»:

Frå serien «Born to Run». Bilete med løyve frå Amazon Prime.

– Det var ganske jævlig

Liva Ingebrigtsen ønsker ikkje å gå i detaljane då NRK spør henne om episoden under Amazon presselanseringa av Prime-serien, men beskriv det som kjipt.

Det er ho som har hatt ansvaret for dei to døtrene til paret når ektemannen reiser til Flagstaff, Sierra Nevada og St. Moritz på lengre treningsopphald. Det har vore tøffe periodar undervegs tidlegare, men denne gongen skjønte Henrik Ingebrigtsen at det berre var ein ting å gjere.

Det var ganske jævlig. Liva var jo ganske nede for teljing, rett og slett. Eg var sliten etter ein tøff treningsleir, ei helsikes reise. Og skulle prøve å gjere treninga mi og ta ungane og huset og hundane og alt.

Den eldste av dei tre løparbrørne omtaler det som ein tøff periode. Han veit kor avhengig han er av hjelp om han skal satse på toppidretten.

Det valet var på ein måte ganske lett, men tøft å ta likevel. For det går jo mot det eg eigentleg prøver på, men det blei tydeleg at det ikkje er berre berre å vere heime heller, sjølv om det er tøft å vere på treningsleir.

Liva Børkja Ingebrigtsen og Henrik Børkja Ingebrigtsen

VANSKELEG BALANSE: Liva og Henrik Ingebrigtsen prøver å finne ut av korleis dei skal få kvardagen til å gå opp.

Foto: Mikael Kaspersen Kinnestad / NRK

Delar på erfaringane

Liva Ingebrigtsen er ærleg om at tilværet har kosta. Dei har eit stort hus, to døtrer som må følgast opp og ein hund. Ho er glad ho ikkje visste kva det ville seie å vere toppidrettskone før det blei slik, men finn støtte i svigersøstrene sine.

– Det kom ikkje noko sånn manual med. Vi kan kanskje skrive den, smiler Liva, og siktar til Astrid Mangen Ingebrigtsen og Elisabeth Asserson Ingebrigtsen, som er gift med høvesvis Filip og Jakob.

Ho deler erfaringar med dei når det gjeld utfordringane ved å vere saman med ein Ingebrigtsen som er nær halve året på reisefot.

Bislett møter Ingebrigtsen-brødrene pressen i Oslo

FAMILIELIV: Filip med sin Astrid, Liva og Henrik, Elisabeth og Jakob (frå venstre).

Foto: Thomas Fure / NTB

Liva Ingebrigtsen er utdanna lærar og fortel at dei har vurdert å ta døtrene ut av skulen for å kunne vere meir saman når dei er utanlands, men vil at dei skal få delta i det sosiale som følger med ein normal skulegang.

Slit med motsetningane

Det gjer enkelte periodar tøffare enn andre.

– Vi har eit felles mål om å ha ein fin, trygg familie. Der ungane kjem tilbake igjen og har lyst til å bu saman med oss etter kvart som dei blir eldre. Det er i alle fall målet mitt at vi har ein heim som kjennest innbydande, og at ungane har hatt det fint med oss og vil vere med oss vidare.

Liva Børkja Ingebrigtsen

OPENHJARTA: Liva Ingebrigtsen drog i naudbremsa.

Foto: Mikael Kaspersen Kinnestad / NRK

Korleis skal kabalen gå opp?

Det trur eg blir litt sånn at vi må prøve oss litt fram, kva som går. For igjen, det er jo ikkje noko bruksrettleiing her. Så vi må nesten berre finne ein balanse som fungerer, svarer Liva, som seier dei skal prøve å få litt meir føreseielegheit og struktur i kvardagen.

– Korleis fungerer den no?

– Det som er problemet med å drive toppidrett og satse mindre, er på ein måte at då er det ingenting. Då har vi lagt opp, på ein måte. Så det er jo det som gjer at det er nokon ting som er ganske rigide. Og ... ja, vanskeleg å endre så mykje på, forklarer Henrik.

Liva beskriv ektemannen som morosam, energisk og full av påfunn, og trivest godt med å ha han heime rundt ungane.

– Dårleg samvit for alt

Henrik innrømmer likevel at han plagast mykje av korleis rollene som ektemann og far krasjar med den som hardtsatsande løpar.

– Eg vaknar med dårleg samvit viss eg har vakna på natta, som toppidrettsutøvar. Når eg er på treningsleir, har eg dårleg samvit for at eg ikkje bidrar på heimebane. Når eg trenar litt for seint, eller legg meg for seint, eller ... Ikkje kan vere med ungane på turn eller piano eller noko ...

– Eg har dårleg samvit for eigentleg alt eg gjer. Same kva det er. For det går ikkje å gjere alt 100 prosent. Så det er jo eigentleg ... ja, eit problem, seier 33-åringen.

Han illustrerer det med at viss noko ikkje gjer han til ein betre løpar, vil det automatisk vere ei nedprioritering av satsinga. Då er han ikkje toppidrettsutøvar etter eiga bok.

– Det er det som er problemet. At det er alltid er noko du vel å gjere, som er gale på ein eller annan måte.

Så du må leve livet på akkord uansett?

Ja, det er eigentleg det du gjer. Det finst på ein måte ingen rett måte å gjere det på. Det finst berre ein litt mindre feil måte å gjere det på, som eigentleg er litt frustrerande, seier Ingebrigtsen.

Nordmann i spektakulær ekstremsportfilm: – Sinnsykt 01:02

Publisert 26.09.2024, kl. 09.00

Read Entire Article