Lena (49) reiser åleine: – Det er verd det

4 months ago 36


I Ålesund er Lena Otterlei i gang med pakkinga til årets ferietur.

Lena Otterlei sjekker campingutstyret før hun skal på telttur i Nord-Norge.

Lena Otterlei sjekkar campingutstyret før ho set kursen mot Nord-Noreg.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Tannhelsesekretæren skal køyre nordover på noregsferie. Ho er singel og vant til å reise åleine. Sidan ho hoppa på eit cruise på Nilen i 2006, har det blitt mange eksotiske reisemål.

Det er verd det. Å utfordre seg sjølv og komme seg ut og sjå litt ulike ting, seier ho.

I denne saka får du reisetips både frå Lena (49) som har fast jobb og er etablert, og Emma (23) som reiser medan ho funderer på kva ho skal studere.

Her er Lena Otterlei på vei til Machu Picchu i Peru.

På vei til Machu Picchu i Peru.

Lena Otterlei ved Eiffeltårnet i Paris.

Her er ho ved Eiffeltårnet i Paris. Det er sjeldan vanskeleg å få nokon til å ta bilde av seg når ein er åleine på tur. Ingen har stukke av med verken kameraet eller mobilen.

Lena Otterlei liker også å pakke teltet og dra på tur. Her gikk hun Kongevegen over Filefjell.

Lena Otterlei likar også å pakke teltet og dra på tur. Her gikk ho Kongevegen over Filefjell.

Lena Otterlei var på cruise på Nilen i 2006. Det var første gang hun var på tur alene.

Turen til Egypt i 2006 var den første ferieturen Lena var på åleine.

Lena Otterlei foran Taj Mahal i India.

På rundreise i India blei det ein tur innom Taj Mahal. Det er kun då ho reiste til India at ho har opplevd å miste bagasjen.

Lena Otterlei pratar gjerne om reisene sine. Opplevingane har stått i kø. Ho har blant anna vore på sykkeltur på Cuba, biltur på Island og tatt den transsibirske jernbanen gjennom Mongolia til Kina.

Lena Otterlei lager fotobøker når hun kommer hjem. De er kjekke å dra frem igjen.

Lena Otterlei lagar fotobøker når ho kjem heim frå reise. Dei er kjekke å dra fram og kikke på mellom ferieturane.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Nokre turar har vore gruppereiser. Andre turar har vore heilt på eiga hand.

Etter første gongen så gjekk det bra, og så gjekk det bra andre gongen òg. Då var det jo ingen grunn til å slutte å reise.

Lena Otterlei i Ålesund

Lena Otterlei anbefalar andre som har lyst til å reise på ferie sjølv om ein er singel til å hoppe i det. Ho meiner det heilt klart ein fordel at ein trivst i eige selskap, men har også møtt nye venner ho framleis har kontakt med på reise.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Det er noko med det når du reiser åleine, då er du litt meir konsentrert. Du set deg litt meir inn i ting før du reiser og du er meir merksam på turen, seier ho.

Erfaringa hennar er at det går bra.

Det viktigaste er at eg ikkje er avhengig av andre for å reise ut og oppleve det eg har lyst til å oppleve.

Har du lyst til å reise over lengre periodar? Det gjer Emma (23). Hennar beste tips får du lenger nede i saka.

Trur fleire reiser aleine

Reiselivsforsker Veronica Blumenthal

Veronica Blumenthal er reiselivsforskar i Transportøkonomisk institutt. Ho seier at bookingagentane booking.com og Tripadvisor melder at soloreiser aukar i popularitet.

Foto: Nils Kare Nesvold

Veronica Blumenthal, reiselivsforskar ved Transportøkonomisk institutt, trur fleire reiser åleine utan at ho har konkrete tal å vise til.

Det er stadig fleire av oss som bur åleine, noko som gjerne fører til at fleire av oss også reiser åleine.

Ho peikar på fleire fordelar ved det. Blant anna kan det vere lettare å reise i høgsesongen om ein er åleine.

Det kan vere lettare å finne plass i ein sovesal for éin person enn for eit større reisefølge. Det same gjeld for å finne billettar til framsyningar eller å få plass på organiserte turar.

Ei av ulempene ho trekker fram er at det kan vere vanskelegare å mimre frå turen.

Du kan fortelje om den til venner og familie, men du har ingen som deler den med deg, seier ho.

Reiseselskapet TUI ser at fleire vel å reise aleine. Les kva turoperatørar seier her:

Har reist dei to siste åra

Emma Heggdal Brevik

Emma Heggdal Brevik er berre innom Molde for å jobbe og tene litt pengar. Helst vil ho reise, for eksempel tilbake til denne stranda i Valencia i Spania.

Foto: Privat

I Molde har Emma Heggdal Brevik (23) akkurat komme heim frå tur. I august reiser ho igjen. Og ho reiser også åleine.

– Det er ei så stor oppleving, fortel 23-åringen.

Ho begynte å reise då studievalet ikkje fall heilt i smak. Saman med to andre venninner reiste ho i tre månader rundt i Australia, Indonesia og Thailand.

Ho blei biten av reisebasillen og ville reise meir, men reisefølget hadde ikkje høve. I staden for å skrinlegge reiseplanane bestemte ho seg for å dra på tur åleine.

Emma Heggdal Brevik i Torino i Italia.

Emma Heggdal Brevik spurde seg sjølv: Viss eg ikkje gjer det no, når skal eg ha tid til å gjere det? Og så drog ho.

Foto: Privat

Kvifor ikkje? Eg må berre kaste meg sjølv uti det, tenkte ho, og booka tur til Sør-Amerika.

På flyet lurte ho på kva ho hadde gitt seg ut på, men ho trøysta seg med at ho berre kunne reise heim om det blei for ille.

– Eg prøvde å vere litt sjølvsikker og pushe meg sjølv til å gå utanfor komfortsona. Det er mange ting som kan gå gale, men dersom eg berre skal tenke på dei tinga så kjem eg meg jo ikkje nokon stad. Så eg måtte berre prøve å tenke positivt, seier ho.

Ho blei overraska over kor fort ho kom i kontakt med andre.

– Dei fleste andre som eg trefte reiste også aleine, fortel ho.

Emma Heggdal Brevik

Bildet er frå Sugarloaf mountain i Rio de Janeiro i Brasil. Turen gav meirsmak. Emma Heggdal Brevik seier at ho sjølvsagt kjenner seg einsam nokre stader, men då drar ho berre vidare.

Foto: Privat

Sidan har ho vore i både Spania, Frankrike, Hellas, Albania og Nord-Makedonia. Berre i korte periodar har ho vore heimom for å jobbe.

Reisinga har gjort at ho kjenner seg mykje tryggare på seg sjølv.

Det gir masse sjølvtillit at ein klarte å navigere seg aleine gjennom eit land langt unna der både språket og kulturen er heilt annleis. Ein får eit veldig løft. Om du møter på ein liten hump i vegen så veit du at du klarer å komme deg vidare uansett, fortel ho.

Emma Heggdal Brevik

Her er Emma Heggdal Brevik på fjellet Morro do Pai Inácio i nasjonalparken Chapada Diamantina i Brasil. Det var ikkje alle stader i Brasil ho kjente seg heilt trygg aleine. Då endra ho på planane og reiste vidare.

Foto: Privat

Emma Heggdal Brevik veit ikkje kor lenge ho vil fortsette reisinga. Ho har gitt seg sjølv i alle fall eitt år til, sjølv om ho kjenner litt på press på at ho burde begynne å studere.

– Men akkurat no er eg i reisebobla, det er det eg har lyst til å gjere, seier ho.

Det er mange som frivillig vel å reise på ferie utan reisefølge. Sjå reportasje her.

Publisert 11.07.2024, kl. 18.47

Read Entire Article