Lei Johaug-spørsmål: Svensk åtvaring til Noreg

5 hours ago 1


Før Therese Johaug la opp i 2022, var det sjeldan spenning rundt kven som skulle vinne. Det største spørsmålet var kor mykje skiesset skulle vinne med, og ofte var det snakk om minutt ned til nest beste kvinne.

Slik blir det ikkje nå, meiner svenske Maja Dahlqvist.

Det trur eg faktisk ikkje, seier ho.

Maja Dahlqvist

SVENSK STJERNE: Maja Dahlqvist.

Foto: BILDBYRÅN

Johaug har sagt til NRK at ho har mål om å gå fire distansar under ski-VM i Trondheim. Og at når ho stiller til start, er målet alltid å vere best.

Eg tenker at ho må gå kvalifiseringsrenn og bli tatt ut først. Det er der vi er. Ho kjem sikkert til å gjere det ganske bra, men eg trur ho kjem til å få det tøft, spår Dahlqvist.

– Ei lita åtvaring til Johaug der altså?

Ja, men det trur eg ho veit sjølv, at det blir hardt. Ho kan sikkert vinne noko, men det blir ikkje så lett.

Lei Johaug-spørsmål

Kven skal stoppe Johaug? Dahlqvist trekker fram Sveriges sterke distanselag, som har opplevd stor suksess i fråværet til skilegenda.

Før Johaug la opp tok Frida Karlsson og Ebba Andersson tre verdscupsigrar til saman. Karlsson stod for alle.

I dei to åra 36-åringen har vore ute, har Karlsson vunne ni gonger, VM og Tour de Ski inkludert. Andersson har gått til topps i ti renn, men ho lèt seg ikkje skremme.

– Eg er ikkje redd for det. Eg ser på det som den utfordringa, og det liker eg. Viss ikkje hadde eg ikkje drive med toppidrett, seier ho til NRK.

Cross-Country Skiing, FIS World Cup, Lillehammer, Women's Relay 4x5,0 km

RIVALAR: Andersson i hælane på Johaug.

Foto: BILDBYRÅN NORWAY

Sesongen er ikkje i gang ennå, men Andersson er allereie lei spørsmåla om Johaug.

– Comebacket er ikkje berre ein snakkis i Noreg, men eit av dei mest stilte spørsmåla i Sverige òg.

– Trur du Johaugs comeback kjem til å endre noko?

– Eg har eit håp om at det skal vere til min fordel, for eg liker at det blir sett fart.

Johaug er på plass på Beitostølen for dei NRK-sendte åpningrenna denne helga, men innrømde at ho nyleg måtte trekke i naudbremsen:

Dyssar ned forventningane til svenskane

Landslagssjefen til svenskane Anders Byström beskriv Johaugs tilbakekomst som litt «ekstra krydder». Kjem krydderblandinga frå Dalsbygda til å vere i sterkaste laget for ganen til svensk?

– Ho var ikkje berre den beste, ho var den soleklart beste, seier han om Johaug for to år sidan.

Anders Byström

SVENSK SJEF: Anders Byström.

Foto: BILDBYRÅN

Bystrøm stiller seg sjølv to spørsmål: Har andre blitt betre mens ho var borte? Og har Johaug blitt dårlegare?

– Det trur eg ikkje, eg trur ho er minst like god som før. Ho kjem til å vere veldig bra i vinter, konstaterer han.

Derfor er det med eit dryss skepsis han går inn i vinteren og ser fram mot VM i Noreg. I VM i Planica for to år sidan tok Sverige fire av seks moglege gull på kvinnesida, og elleve medaljar til saman. Det blir neppe slik i Trondheim, spår Bystrøm.

Det er klart at det blir tøffare for oss. Vi kan ikkje ha same forventningar til gullmedaljar nå. Therese er favoritt, seier han.

Se alle målene fra Norge - Kasakhstan - Bilder fra TV 2 Direkte 01:06

Publisert 21.11.2024, kl. 21.34

Read Entire Article