Lar skulane regulere mobilbruken sjølve: – Burde vore like reglar for alle

3 days ago 13


Mathias Andersen går på Amalie Skram vidaregåande skule i Bergen.

Han seier at det er vanskeleg å forhalde seg til ulike reglar: Nokre lærarar tillèt mobilbruk, medan andre gir merknad.

Det er sjølvsagt kjipt. Det burde eigentleg vere like reglar for alle. Det bør ikkje vere opp til kvar lærar å bestemme det, seier han.

Mathias Andersen

Mathias meiner at reglane om mobilbruk burde vere like for alle.

Foto: Laurita Fure Briceno / NRK

Tretten fylke har nyleg vedteke at mobilen skal leggast vekk i undervisninga, med mindre lærarane på dei vidaregåande skulane vil gjer eit unntak.

I Vestland skal kvar enkelt vidaregåande skule skal lage sine eigne reglar. I Innlandet er det lærarane sitt ansvar å regulere mobilbruken.

Mange fryktar at det vil medføre ulike og uklare reglar, som varierer frå skule til skule og lærar til lærar.

Reglane trer i kraft med ny opplæringslov 1. august 2024.

Klar oppmoding om mobilfri skule

Marielle Henne Skjold går også på Amalie Skram vgs. Ho fortel at mange forsvinn ned i telefonen om det er kjedeleg i timane.

– Men det er jo valfritt å følgje med. Så det er kanskje mest trist for dei som underviser, seier ho.

Marielle Henne Skjold

Marielle fortel at mobilen blir brukt mykje på skulen, både i undervising og til anna.

Foto: Laurita Fure Briceno / NRK

Utdanningsforbundet og kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun gav tidlegare i år ei klar oppmoding om ein mobilfri skule.

– Eg er trygg på at skulane, kommunane og fylkes­kommunane vil følgja det faglege rådet som no kjem, sa Nordtun til NRK i februar.

I høve ny opplæringslov har fylkes­kommunane vedteke lokale forskrifter, om mellom anna skulereglar og mobilbruk.

I Vestland skal skulane bestemme sjølve.

Fylkesordfører i Vestland, Jon Askeland (Sp).

Askeland har trua på at reglane blir best om dei blir avgjort av dei det gjeld.

Foto: Oskar Rennedal

Vi ønsker å la demokratiet på skulen få finne ut kva som er best på kvar enkelt skule, seier Jon Askeland, fylkes­ordførar i Vestland.

Vedtaket skal opp til ny vurdering etter eit år.

Innlandet vil styrke læraren sin rett

I Innlandet er regelen at mobilbruk skal regulerast av lærarane. Fylket oppmodar til bruk av mobilhotell.

Thore Johan Nærbøe, leiar av utdanningsforbundet Innlandet, seier at vedtaket ennå er nytt, men at reaksjonane foreløpig er positive.

– Det var eintydig frå skulane, både frå tilsette og leiarar, at ein ynskja ei ordning som bygde opp under læraren sin autonomi, seier han.

Det står i stor kontrast til reaksjonane i Vestland.

2200 lærarar i Vestland er skuffa

Tidlegare lærar, Sabine Exner, er no tillitsvald i Utdanningsforbundet Vestland.

Ho er overraska, skuffa og skeptisk til vedtaket.

Sabine Exner

Exner meiner at mangel på klare reglar til slutt går mest utover elevane.

Foto: Privat

Ulike reglar per skule, fag og lærar har vore praksisen i mange vidaregåande skular fram til no. Exner meiner dette har fungert dårleg, og trur ikkje noko vil endre seg så lenge det ikkje kjem klare reglar frå fylket.

Då kan elevane sei «Vi fekk bruke mobil i førre time. Kvifor kan vi ikkje gjere det med deg?». Det blir mange unødvendige diskusjonar.

Ho fryktar at ansvaret for å setje grenser til slutt vil bli overlate til lærarane sjølve.

Steinar Vegsund Strømsli er leiar for Utdanningsforbundet Vestland med 2200 lærarar som medlemmar.

– Dei gir ei klar unison tilbakemelding. Vi må ha eit mobilforbod!, seier han.

Steinar Vegsund Strømsli, leiar Utdanningsforbundet Vestland

Strømsli meiner fylkeskommune burde ta vaksenrolla og setje klare reglar for alle.

Foto: Arne Stubhaug

Han set spørsmålsteikn til korleis skulane skal ta avgjersla. Om det er skuleleiinga, lærarane eller elevane sine meiningar som skal vege tyngst.

– Til sjuande og sist er det dei vaksne som må ta den endelege avgjersla og dei upopulære vala. Eg saknar vaksenrolla hos fylkeskommunen, seier han.

Rektorane har tiltru til eiga leiing og fylkeskommunen

Fleire rektorar ved vidaregåande skular i Vestland er positive til vedtaket. Dei uttrykker tillit til fylkeskommunen og vurderingsevna til eiga skuleleiing.

– Prosessane gir litt meir opplysing, som gjer at vi ofte kjem fram til ei betre løysing enn viss nokon bestemmer for oss, seier Ulrik Schutz.

Han er assisterande rektor ved Knarvik vidaregåande skule og lokallagsleiar i Skuleforbundet for vidaregåande skular.

Sjølv om han set pris på prosessen, trur han det kunne vore enklare om avgjersla kom frå fylket.

– Vi hadde sloppe å ha alle rundane og grundige prosessar. Det er jo tidkrevjande.

Publisert 04.07.2024, kl. 10.49

Read Entire Article