Lagvenninner i tårer på podiet etter André Dreges dødsfall

4 months ago 37


– Akkurat no er det veldig vanskeleg for oss å konkurrere. Heile laget er i sorg, seier Stina Kagevi i intervju med arrangøren etter rittet.

Sykkelryttaren vann den femte og siste etappen av rittet Volta a Portugal Feminina søndag.

Dagen før kom sjokkbeskjeden om at kapteinen til herrelaget, André Drege, mista livet i ei utforkøyring i Austerrike Rundt.

Etter dødsfallet gjekk kvinnene i Team Coop-Repsol til topps lagkonkurransen i Volta a Portugal Feminina.

– Tøff helg

På premieseremonien etter rittet stod laget på podiet i tårer.

– Det har vore ei tøff helg for laget. I dag ville vi ære kollegaen vår, André Drege, og vi gjorde vårt beste, seier franske India Grangier.

Grangier vann det individuelle samandraget i rittet. I tillegg kom Sigrid Ytterhus Haugset på 3.-plass på den siste etappen, som var ein tempoetappe.

Kagevi seier til arrangøren at dei sterke resultata kom med svært blanda kjensler.

– I denne situasjonen er eg glad vi klarte å gjere ein god, kollektiv jobb, seier Kagevi.

Andre Drege

OMKOM: André Drege omkom i ei tragisk ulukke i Tour of Austria.

Foto: Team Coop-Repsol

– Stolte

Team Coop-Repsol-leiar Roy Hegreberg skriv dette i ein SMS til NRK etter den spesielle helga til kvinnelaget, med sportsleg opptur og dødsulukke på same tid.

– Vi er stolte over det jentene klarer å prestere, men akkurat no er det sportslege ikkje i fokus og vi er mest opptatte av at både jentene og gutane får ro til å takle det som har skjedd, skriv Hegreberg.

Roy Hegreberg.

TALSPERSON: Team Coop-Repsol-leiar Roy Hegreberg har uttala seg på vegner av lagkameratar og lagvenninner etter André Dreges dødsfall.

Foto: Tomine Walmsness / NRK

Vil ikkje snakke om hendinga

Austerriksk politi etterforskar dødsfallet til André Drege.

Team Coop-Repsol ønsker ikkje å uttale seg så lenge etterforskinga går føre seg.

– Vi avventar desse undersøkingane og har førebels ingen kommentarar til hendingsgangen, skriv laget i ei pressemelding.

Politiet har henta informasjon frå det einaste vitnet til ulykka, ifølge VG.

Vitnet er Jaka Primozic (25), som også deltok i rittet.

– Jaka såg at bakhjulet på sykkelen til Drege hadde komplikasjonar. Det gjorde at han fekk problem, seier politibetjent Andreas Lindner ved Heiligenblut politistasjon i Austerrike til VG.

Etter kvart skal dekket på bakhjulet ha hoppa av, ifølge vitnet.

– Da skal det ha dukka opp noko kvitt frå dekket, seier Lindner ifølge avisa.

Like etter skal Drege ha falle av sykkelen. Da skal syklistane ha hatt ein fart på mellom 80–100 kilometer i timen, skal Primozic ha fortalt politiet.

Sykkelverda i sorg

Søndag heidra heile sykkelverda Drege i både Tour de France og Austerrike Rundt.

André Dreges foreldre heldt tale til minne om sonen for heile sykkelfeltet i Austerrike Rundt.

Hør faren sine ord om sonen, André Drege.

Publisert 08.07.2024, kl. 06.57

Read Entire Article