Lagvenninne sett ut av Johaug: – Måtte sleppe

1 month ago 15


Freistinga om eit VM på heimebane blei for stor, og i sommar annonserte Therese Johaug at ho gjer comeback.

Nå er skidronninga på si første samling med landslaget, og avslører at ikkje alt har gått tapt etter eit par år på sidelinja.

Eg trudde eg hadde blitt gammal og seig, men det var faktisk igjen litt krut i kroppen, seier Johaug på ein pressekonferanse.

Og «krut» blei det da Johaug trena med landslagsvenninnene igjen. Mathilde Myhrvold var éin av dei som fekk bakoversveis av trykket til veteranen på langturane.

– Eg blei løpande og prate litt med henne på den første løpeturen her om dagen, men eg såg jo fort at pulsen var for høg. Da måtte eg sleppe meg litt tilbake igjen, seier Myhrvold til NRK.

Cross-Country Skiing, Tour de Ski, day 5, Women's Sprint

GISPAR ETTER LUFT: Mathilde Myhrvold fekk kjenne på mjølkesyre under Tour de Ski under fjorårssesongen. Munnen er kanskje også på vidt gap viss ein vel å følge Therese Johaug på langturane.

Foto: MATHIAS BERGELD / BILDBYRÅN

Eg var nervøs for korleis det skulle bli

«Myten» om treningsmonsteret Johaug er nærast vide kjent.

Ho bikka over 100 timar i august, det er på nivå med dei tala ho hadde før ho tok ein karrierestopp. Langturane til Johaug går ofte føre seg i litt høgare tempo enn det dei fleste er vande med – da gjeld det å sleppe i tide.

– Fryktar du at ho (Johaug) skal køyre dykk i senk?

– Eg fryktar ikkje det, men når ho kjem tilbake, set ho ein standard som i alle fall vi er vande til at ho gjorde før ho la opp, seier Lotta Udnes Weng til NRK.

Therese Johaug på friidrettsbanen etter en løpekonkurranse

TRENINGSMONSTER: Det går i eit høgt tempo både på trening og i konkurransar for Therese Johaug. Her under NM i friidrett i 2019 da ho sprang inn til siger på 10.000 meter.

Foto: Berit Roald / NTB

Ho fortel at landslaget har blitt ei meir homogen gruppe, gjennom dei to åra utan langrennsdronninga, når det gjeld nivå på trening.

Etter at Johaug kom inn, har det blitt sett ein ny standard både på hardøktene og langturane, meiner Udnes Weng.

Eg var nervøs for korleis det skulle bli når ho kom inn i gruppa, om ho skulle bryte opp den trenden der. Men det har fungert bra, seier Udnes Weng og legg til:

– Du veit at når ho kjem på økter, set ho ein standard som forhåpentlegvis er veldig bra.

  • Vi gjer merksame på at Therese Johaug var langrennsekspert for NRK dei to siste sesongane. Arbeidsforholdet stansa tidleg på våren 2024 da ho gjorde comeback som utøvar.

Ikkje redd for å gå på ein smell

Johaug kom til Mosertoppen skistadion etter eit lengre opphald i varmare strøk der ho hadde treningsgrupper saman med mosjonistar på oppdrag frå eigen sponsor.

– Klarte lagvenninnene å henge på deg på langtur?

– Langtur er kanskje mi sterke side. Det er som eg seier; ein ting er rulleskiintervall eller stakeintervall flatt, men så er det noko anna å ha på startnummer på Beitostølen og gå skirenn. Det er ikkje eit svar enten du er sist her eller der. Vi får svar når sesongen startar, seier Johaug.

Heidi Weng kom til treningssamlinga litt på etterskot og har foreløpig ikkje fått trena med Johaug etter comebacket.

Weng var lagvenninne med Johaug i mange år og veit godt kor hardt 36-åringen kan trene. Ho er likevel ikkje redd for å gå på ein smell om ho prøver å følge med råskinnet frå Dalsbygda på langtur.

– Eg fryktar ikkje det, men det har eg aldri gjort, seier Weng.

Lotta Udnes Weng meiner det er viktig å ikkje ha for mykje respekt.

Sjølv om ho er som ho er, så bur det mykje i oss andre òg. Vi har eigenskapar som kan matche hennar på nokre område, det er viktig at ein tør å stå opp for den ein er, seier Udnes Weng.

Publisert 04.10.2024, kl. 12.32

Read Entire Article