Ei jente under 14 år blei i fjor sommar angripe av ein gjeng unge menn i Molde og valdtatt. Dette skjedde rett utanfor Molde domkyrkje.
I juni blei ein 18-åring og ein 19-åring dømde for valdtekt og medverknad – og begge anka på alle punkt.
No har Frostating lagmannsrett konkludert med å avvise ankesaka fullstendig for 18-åringen. 19-åringen får berre behandla eitt punkt: kor lang straff han skal ha og kor mykje han må betale jenta i erstatning.
– Avgjerda var overraskande og skuffande. Klienten føler at rettstryggleiken hans ikkje er varetatt når han ikkje får saka munnleg behandla i lagmannsretten, seier Erik Rolfsen.
Han forsvarer den 18 år gamle mannen som blei dømd til fengsel i 5 1/2 år.
– Ingen tvil om kva som faktisk har skjedd
Dei to mennene blei tidlegare i sommar dømde for å ha skjenka henne full, gitt henne hasj og valdtatt henne medan dei filma. Venninnene som fleire gonger forsøkte å hjelpe, blei trua til å gå derifrå.
I anken hevdar forsvararane at jenta deltok frivillig. Det avviser lagmannsretten. I avgjerda frå retten heiter det at det ikkje er tvil om verken kva som skjedde eller korleis lovverket skal forståast:
«Lagmannsretten mener på denne bakgrunn at det ikke er noen tvil om hva som faktisk har skjedd den aktuelle dagen».
Bistandsadvokaten er enig
Det er strenge krav for å nekte å behandle ein anke.
Lagmannsretten konkluderer likevel med at det er korrekt å avvise mesteparten av anken frå dei to.
Det er bistandsadvokaten fornøgd med.
– Det er bra at det meste av tingrettens dom blir ståande, slik at den fornærma slepp at heile saka blir behandla på nytt, seier bistandsadvokat Curt Andre Lier.
Delte filmar av valdtekta
Hausten 2023 oppdaga både Kripos og det lokale politiet at filmar frå overgrepet blei delt i stor stil. Frå fleire stader i Noreg kom det inn tips om filmar frå det som skal ha skjedd på kyrkjetrappa midt på lyse dagen.
Det førte til at politiet gjekk ut og bad folk å la det vere, og omtalte kvar deling som eit nytt overgrep.
I ettertid blei ein tenåring dømd for dette.
To dagar i retten
Det var først avsett åtte dagar til ankesaka i Frostating lagmannsrett i august. No blir det berre to.
– Det er ei påkjenning for fornærma og familien hennar at dei framleis ikkje er ferdig med denne saka. Likevel er det viktig å understreke at det er ei lette at dei no slepp ein full, ny runde, med bevisføring og vitne, seier bistandsadvokat Curt Andre Lier.
Det er to vekers ankefrist på avgjerda frå lagmannsretten.
Advokat Erik Rolfsen seier han vurderer å anke.
Det har ikkje lukkast NRK å få nokon kommentar frå advokaten til den andre dømde.
Publisert 15.07.2024, kl. 10.01