Lågare fengselstraffer for fleire tiltalte som rana trøndersk artist

5 months ago 34


Seks tiltalte som på ulike vis var med på å presse ein trøndersk artist til å betale 750.000 blir alle dømd for grovt ran eller for å ha medverka til det.

Dei fleste erkjente delvis straffskuld, men nekta for å vere ein del av ei kriminell gruppe.

Aktor ville ha mellom seks og åtte års fengsel for dei tre påtalemakta meiner er sentrale bakmenn bak ranet som skjedde i Trondheim i mai i fjor.

Ser bort frå koblingar til Foxtrot

Den svenske 25-åringen er dømd til fire og eit halvt års fengsel. Det er halvtanna år lågare straff enn aktor bad om.

I retten las svensken opp ein kort tekst der han erkjente delvis straffskuld for det grove ranet. Utover det ville han ikkje svare på spørsmål under rettssaka i april.

Retten meiner svensken var ein av dei som tok initiativ til ranet.

Under rettssaka presenterte aktor omfattande dokumentasjon frå mobilar som kan knyte svensken til det kriminelle nettverket Foxtrot.

Aktor meinte tilknytinga til Foxtrot-miljøet måtte få betydning for kor høg straffa skulle vere.

Retten ser bort frå koblingar til Foxtrot når det gjeld kva straff tiltalte skal få.

Profilbilete som kan knytast til nettverket er ikkje nok bevis. Svensken nemnde heller ikkje Foxtrot i samtalen med den fornærma artisten, blir det vist til i domen.

En svart sko av merket Nike. Vi ser bilde av den høyre skoen og kan skimte den venstre i bakgrunnen. Bildet er tatt innendørs på parkettgulv. Dagslys kommer inn i den øvre venstre del av bildet. Vi ser deler av et møbel til høyre

25-åringen frå Austlandet ba den fornærma artisten om orsaking for det han vart utsett for.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

25-åring får den strengeste straffa

Ein 25 år gamal mann frå Austlandet får den strengaste straffa, fengsel i seks år og seks månader. Her la aktor ned påstand om åtte år.

25-åringen hadde ei aktiv rolle i gjennomføringa av ranet mot artisten, mellom anna ved å snakke med han på telefon.

Han sytte også for at 300.000 kroner av ransutbytet vart kvitvaska. 25-åringen blir også dømd for å ha tatt vare på nesten 30 kilo hasj.

Då ranet skjedde i mai i fjor sona tiltalte ein tidlegare dom gjennom frisoning der han kunne gå ute om dagen. Straffa blir skjerpa også på grunn av dette forholdet.

Ein ven av 25-åringen får nesten like høg straff, seks år og to månader.

Den 27 år gamle mannen frå Austlandet blir også dømd for narkotikaen i tillegg til ranet og som ein del av ei organisert kriminell gruppe.

Ingen spontan kriminalitet, meiner retten

Alle dei fire som var tiltalte for å vere ein del av ei kriminell gruppe, nekta straffskuld for dette punktet.

Forsvarane meinte planlegginga og gjennomføringa av ranet ikkje bar serleg preg av at dette var samordna og profesjonelt utført.

Retten er ikkje samd i at vilkåret for å bli dømd etter paragraf 79 c , den såkalla mafiaparagrafen ikkje er oppfyllt.

Publisert 10.05.2024, kl. 14.01

Read Entire Article