Lågare fengselsstraffer for fleire tiltalte som rana trøndersk artist

5 months ago 34


Seks tiltalte som på ulike vis var med på å presse ein trøndersk artist til å betale 750.000 blir alle dømd for grovt ran eller for å ha medverka til det.

Dei fleste erkjente delvis straffskuld, men nekta for å vere ein del av ei kriminell gruppe.

Aktor ville ha mellom seks og åtte års fengsel for dei tre påtalemakta meiner er sentrale bakmenn bak ranet som skjedde i Trondheim i mai i fjor.

Ser bort frå koplingar til Foxtrot

Den svenske 25-åringen er dømd til fire og eit halvt års fengsel. Det er halvtanna år lågare straff enn aktor bad om.

I retten las svensken opp ein kort tekst der han erkjente delvis straffskuld for det grove ranet. Utover det ville han ikkje svare på spørsmål under rettssaka i april.

Retten meiner svensken var ein av dei som tok initiativ til ranet.

Under rettssaka presenterte aktor omfattande dokumentasjon frå mobilar som kan knyte svensken til det kriminelle nettverket Foxtrot.

Aktor meinte tilknytinga til Foxtrot-miljøet måtte få betydning for kor høg straffa skulle vere.

Retten ser bort frå koplingar til Foxtrot når det gjeld kva straff tiltalte skal få.

Profilbilete som kan knytast til nettverket er ikkje nok bevis. Svensken nemnde heller ikkje Foxtrot i samtalen med den fornærma artisten, blir det vist til i domen.

En svart sko av merket Nike. Vi ser bilde av den høyre skoen og kan skimte den venstre i bakgrunnen. Bildet er tatt innendørs på parkettgulv. Dagslys kommer inn i den øvre venstre del av bildet. Vi ser deler av et møbel til høyre

25-åringen frå Austlandet bad den fornærma artisten om orsaking for det han vart utsett for.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

25-åring får den strengaste straffa

Ein 25 år gamal mann frå Austlandet får den strengaste straffa, fengsel i seks år og seks månader. Her la aktor ned påstand om åtte år.

25-åringen hadde ei aktiv rolle i gjennomføringa av ranet mot artisten, mellom anna ved å snakke med han på telefon.

Han sytte også for at 300.000 kroner av ransutbytet vart kvitvaska. 25-åringen blir også dømd for å ha tatt vare på nesten 30 kilo hasj.

Då ranet skjedde i mai i fjor sona tiltalte ein tidlegare dom gjennom frisoning der han kunne gå ute om dagen. Straffa blir skjerpa også på grunn av dette forholdet.

Ein ven av 25-åringen får nesten like høg straff, seks år og to månader.

Den 27 år gamle mannen frå Austlandet blir også dømd for narkotikaen i tillegg til ranet og som ein del av ei organisert kriminell gruppe.

Ingen spontan kriminalitet, meiner retten

Alle dei fire som var tiltalte for å vere ein del av ei kriminell gruppe, nekta straffskuld for dette punktet.

Forsvararane meinte planlegginga og gjennomføringa av ranet ikkje bar særleg preg av at dette var samordna og profesjonelt utført.

Retten er ikkje samd i at vilkåret for å bli dømd etter paragraf 79 c, den såkalla mafiaparagrafen ikkje er oppfylt.

Skjermbilde fra en telefon med meldingsvarsel fra appen Signal fra brukeren Aloe Vera

Skjermbilete frå telefon med meldingsvarsel frå appen Signal med brukaren Aloe Vera. Politiet meiner dette er den tiltalte svensken.

Foto: politiet

Levde i alvorleg frykt i tre veker

Saka starta med at sonen til artisten vart bortført av fire ungdommar natt til 9. mai i fjor. Han vart sett fri etter få timar då artisten fekk eit bilete av sonen med ei pistol mot hovudet.

Under bortføringa og dei neste tre vekene var fleire av dei som no er dømde i kontakt med artisten for å få han til å betale 750 000 kroner.

Dette skulle vere pengar som sonen skulda for narkotika. Politiet har ikkje greidd å finne ut om dette var tilfellet.

Uansett er det klart at artisten ikkje hadde pådrege seg noko slik gjeld, verken på eigne vegne eller på vegner av sonen, påpeikar retten.

Den viser til at artisten og familien hans levde i alvorleg frykt og at dei måtte flytte til hemmeleg adresse.

Artisten lånte pengar frå vener og kjente og betalte i alt 750 000 kroner.

Etterforskinga har vist at det har vore vanskeleg å finne ut kvar alle pengane har hamna.

Dryge 107 000 fann politiet igjen på kontoen til den 26 år gamle «kryptoeksperten» som kjøpte kryptovaluta for delar av ransutbytet.

Retten slår fast at den fornærma artisten då har tapt 642 127,- kroner. Denne summen er dei fem som er dømde for ranet kollektivt ansvarlege for å betale tilbake til artisten.

I tillegg får han 150 000 kroner i oppreisningserstatning.

Statsadvokat og aktor Per Morten Schjetne (til høyre) sitter på aktors side i en rettssal sammen med medaktor og politiadvokat Bente Bøklepp. Bøklepp står bøyd over egen PC. Schjetne kikker bort på Bøklepp. I bakgrunnen ser vi bistandsadvokat Erik Widerøe. Han står og kikker ut i rettssalen. Dagslys fra utsiden kommer inn gjennom et vindu bak Widerøe.

Statsadvokat og aktor Per Morten Schjetne (til høgre) saman med medaktor og politiadvokat Bente Bøklepp. I bakgrunnen bistandsadvokat Erik Widerøe som representerer artisten som vart pressa.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Aktor, statsadvokat Per Morten Schjetne, seier til NRK fredag at han registrerer at straffene delvis er noko lågare enn han foslo.

–Men retten er samd med oss i at vilkåra for å døme dei fire også som ei kriminell gruppe er oppfylte. Det er vi godt nøgde med, seier aktor.

Publisert 10.05.2024, kl. 14.01 Oppdatert 10.05.2024, kl. 15.04

Read Entire Article