Kvinne døydde i «sjølv­mords­kapsel»

1 week ago 6


Sjølvdrapet skjedde ved byen Schaffhausen i det nordlege Sveits måndag denne veka.

Den 64 år gamle kvinna skal sjølv ha trykt på knappen inne i den såkalla «Sarco-kapselen» og dermed sleppt inn nitrogengass.

Døden til kvinna blei bekrefta av legen Philip Nitschke, skaparen av kapselen, melder nyheitsbyrået AP.

Australske Nitschke har lenge vore ein internasjonalt kjent talsmann for «Rett til å døy-rørsla».

 Philip Nitschke

Philip Nitschke har brukt store summar på å utvikle «sjølvmordskapselen».

Foto: Denis Balibouse / Reuters

Ulovleg i Sveits

Kapselen har reist ei rekke juridiske og etiske spørsmål i Sveits.

Aktiv dødshjelp er ulovleg også i Sveits, men dødshjelp utan bistand har vore lovleg i fleire tiår.

Men berre så lenge personen tar livet sitt utan «ekstern hjelp» og dei som hjelper personen å døy, ikkje gjer det av «noko som helst motiv om eiga inntekt».

Seinast måndag gjekk innanriksminister Elisabeth Baume-Schneider ut og slo fast kapselen ikkje er lov å bruke.

– Det er morbid

Påtalemakta i kantonen Schaffhausen har også slått fast at bruk av kapselen er kriminelt og at det kan gje fengsel i fem år.

Vebjørn Selbekk

Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk.

Foto: Heiko Junge / NTB

Redaktør i den kristne avisa Dagen, Vebjørn Selbekk, tykkjer det er forferdeleg trist at dette har skjedd.

– Eg synest det er morbid, og eg er veldig skeptisk til ei framtid der dette blir vanleg, seier Selbekk til NRK.

Schaffhausen er ein by og ein kanton nord i Sveits.

Fleire er skeptiske

Politiet gjekk til aksjon etter at dei blei kjende med at den amerikansk kvinna ville bruke kapselen til å ta livet av seg sjølv.

Ein nederlandsk fotograf frå avisa deVolkskrant som var på staden, blei også pågripen, saman med fleire andre frå «The Last Resort».

Også blant andre som kjempar for fri dødshjelp, er maskina til Nitschke omstridd.

– Eg kan aldri gå god for ei oppfinning designa for å kunne ta sjølvmord utan hjelp utanfrå.

Det skreiv den britiske legen Stephen Duckworth i ein kronikk i den britiske avisa Independent i 2021.

Publisert 24.09.2024, kl. 18.47

Read Entire Article