Kronprinsesse Mette-Marit fann tonen med kontroversiell fransk forfattar

5 months ago 67


Denne veka tøffa kronprinsesse Mette-Marits litteraturtog opp Østerdalen.

I same vogn som fleire norske forfattarar ho har handplukka til bokfestivalen på skjener, sit det ein fransk gjest og ventar spent.

– Det var både ein morosam og ein rar invitasjon å få, seier Virginie Despentes til NRK.

Mette Marit-Virginie Despentes 9

Kronprinsesse Mette-Marit i samtale med Virginie Despentes på litteraturtoget. – Eg hadde det verkeleg kjekt. Det var interessant å møte nokon som er så opptatt av lesing. Vi har lik smak. Og eg kjem nok til å oppdage fleire norske forfattarar ho har anbefalt meg, seier Despentes om møtet.

Foto: Geir Larsen / NRK

Forfattaren omtalar dei første bøkene sine som «svært valdelege og seksuelt eksplisitte.»

– Så eg forventa ikkje å bli invitert hit av ein kongeleg, nei, seier Despentes medan ho studerer bjørketrea utfor togvindauget.

Kronprinsesse Mette-Marit kjem bort og klemmar Despentes.

– Å vere i bøkene til Despentes kjennest som ein stad der eg finn noko eg liker, seier kronprinsesse Mette-Marit til NRK.

Fra filmen "Baise-moi"

HEFTIG: Sex, vald og hemn. «Baise-moi» sjokkerte kinopublikummet rundt millenniumskiftet. Hovudrollene vart spelt av pornoskodespelar, som Karen Lancaume – her med pistol.

Foto: DSK / AFP

Sensurert i heimlandet

Tidlegare tente Virginie Despentes mellom anna pengar på å selje sex og skrive pornofilmkritikk.

I 2000 adapterte ho sin eigen debutroman «Baise-moi» («Knull meg») med franske pornoskodespelarar i hovudrollene.

– Tidleg på nittitalet var det populært med bøker og filmar om menn som utfører grov vald. Eg tenkte det ville vore fint med ei forteljing om to jenter som reiste rundt saman og drap alle, seier Despentes og ler.

Filmen vart forboden i Frankrike og regissøren fekk massiv kritikk i heimlandet.

Debutromanen og filmen var blant verka kronprinsessa og forfattaren diskuterte på kulturhuset Storstuggu i Røros onsdag.

– Når eg skreiv den tenkte eg ikkje at eg ville snakke om den med ei prinsesse tretti år seinare, seier Despentes.

Mette Marit-Virginie Despentes 5

Foto: Geirr Larsen / Geirr Larsen / NRK

Majestetisk stikk mot evig-interessante menn

Nesten tjue år etter «Knull meg»-filmen fekk Despentes gjennombrotet sitt i Noreg og mange andre land med romantrilogien Vernon Subutex.

«Sjeldan har omgrepet «sex, drugs and rock 'n'roll» passa betre», skreiv NRKs bokmeldar om bøkene som også trollbatt ei norsk prinsesse.

– Det var så fantastisk. Det var ikkje som å lese. Men som å ta steget inn i eit anna univers, seier kronprinsesse Mette-Marit om Vernon Subutex.

Kronprinsessa trekker også fram Despentes sine skildringar av middelaldrande kvinner.

– Det er viktig at dei også blir portrettert. Eg syntest kvinner blir meir interessante ettersom dei blir eldre, seier Mette-Marit.

Kronprinsessa kjem også med eit stikk til eldre karar under samtalen.

– Eg syntest det er fascinerande med menn som trur at alt dei seier er interessant. Sjølv når dei blir gamle og sure, oppfører mange seg som om dei har eit «free pass», som om at alt dei seier er interessant, seier kronprinsesse Mette-Marit og bryt saman i latter.

– Beklagar om eg sa noko eg ikkje burde no, seier ho.

Mot slutten av praten trekker kronprinsessa fram ein kopi av essayet King Kong teori.

Boka startar med ein slags tale om kven Despentes skriv for.

– Kvar gong eg les starten på King Kong teori, så gret eg, seier kronprinsesse Mette-Marit.

Her er eit utdrag:

Stort oppmøte på Tronsmo bokhandel under Virginie despentes sin samtale der fredag

Stort oppmøte på Tronsmo bokhandel under Despentes sin samtale der på fredag.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

Religiøs stemning

Etter den kongelege affæren på Røros, reiste Despentes til Oslo. Fredag møtte ho fleire fans på bokhandelen Tronsmo.

Despentes vert intervjua av sin norske omsetjar og signerer bøker for dei frammøtte. Så ruller ho seg ein sigarett og trekker ut for å få seg litt frisk luft.

– Eg er overraska over at så mange møtte opp, seier Despentes til NRK mellom røyktrekka, før ho vender tilbake for å signere fleire bøker.

Fan møter Virginie Despentes på Tronsmo.

Amalie Karvoll fotograferer venninna Hedda Gray Lægreid saman med Virginie Despentes på Tronsmo.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

To av tilhøyrarane, Hedda Gray Lægreid og Amalie Korsvoll kjem fremst i køen.

Lægreid kallar Despentes ei litterær rockestjerne og fortel at ho er litt flau over kor «starstruck» ho vert.

Til Despentes seier Lægreid at boka King Kong teori er hennar «bibel».

– Den svarer på alle mine bøner. Alle dei tankane eg har tenkt, som eg kanskje ikkje har turt å seie høgt, utdjupar ho til NRK.

– Bøkene hennar treffer ein stad der veldig få når meg. Det dirrar på ein måte under beltespenna når eg les dei, seier venninna, Amalie Korsvoll.

Despentes fan på tronsmo

Amalie Korsvoll deler favorittforfattar med kronprinsesse Mette-Marit.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

– Kva syntest de om at kronprinsessa også har henne som ein av sine favorittar?

– Det vekker ein tillit i meg til at kronprinsessa vil vel i verda, og at ho vil vel på premiss eg stolar på. Så det tenkjer eg at er veldig, veldig positivt, seier Korsvoll.

Lægreid seier først at ho er overraska over å dele favorittforfattar med heile Noregs kronprinsesse.

– Eller ikkje nødvendigvis. Eg trur alle kvinner ... og menn, har veldig godt av å lese denne forfattaren. Det er eit lys i tekstane, sjølv om det er mykje mørkt også, seier Lægreid

Publisert 16.06.2024, kl. 10.19

Read Entire Article