Småbarnsfaren stilte seg opp i vegkanten for å rekruttere rektor og lærarar – med kommunevåpenet i skrittet.
lørdag 6. juli kl. 16:07Kommunen gjekk inn for å leggje ned Marvik grendeskule frå hausten av, men i tolvte time stemte eit einstemmig kommunestyret imot sin eigen administrasjon.
– Same dag hadde vi jobbintervju, så dette løyste vi berre nokre minutt før kommunestyremøtet, seier kommunalsjef for oppvekst, Svein Carlos Nilsen Gjil.
Frå før hadde kommunen ute annonsar i fire rundar, utan å få ein einaste søkjar.
Får gratis hus
Men bygdefolket ville ha det annleis og har mobilisert kraftig.
Eit lokalt ektepar låner ut eit hus til ein av lærarane, Wigestrand lovar geitekjøt og kommunen stiller opp med bustønad.
Engasjementet har fått merksemd i pressa og sosiale medium, og no er to lærarar og ein rektor på plass.
– Det er heilt fantastisk. Det er ein innsats frå heile bygda som reddar eit viktig tilbod om det skal vere attraktivt å bu her, Øystein Wigestrand.
Han stilte seg opp i vegkanten under Tour of Norway. Småbarnsfaren og lokalpolitikaren ville sikre at ungar i nabolaget skulle få fortsette å gå på skule i nærområdet, og ikkje måtte ta skulebuss i éin til ein og ein halv time.
Kommunevåpen i skrittet
Kommunalsjefen er svært positiv til alt engasjement. Samtidig bekreftar han at shortsen og bruk av kommunevåpenet har vore eit samtaletema.
– Det er positivt at det når ut, men det får vere innanfor rammene av lovverket neste gong, seier Gjil.
Wigestrand forklarar at shortsen er frå ein lokal revy. At nokon meiner det var på kanten lever han godt med.
– Det var eit uskuldig stunt, og eg har utelukkande berre fått positive tilbakemeldingar. Det er noko eg gjorde som far og privatperson, seier han.
Omdømeutfordring
Både oppvekstsjefen og småbarnsfaren er einige om at det er utfordrande å rekruttere til små stadar. Faren for nedlegginga handlar ikkje om vilje, men om å sikre eit godt nok tilbod til elevane.
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun er uroa over nedgåande søkjartal til lærarutdanningane.
– Det er alvorleg. Grunnen er nok samansett. Det handlar kanskje om omdømme, for faktisk blir fleire positivt overraska over lønningsnivået, seier ho til NRK Rogaland.
Nordun vil ha meir praksis tidleg i lærarutdanninga, slik at lærarar blir tryggare i jobben og blir verande i stillinga.
SE DOKUMENTAR: Bidrar lekser til økende press, forskjeller og skolevegring hos barn?: