Etter angrepet på to kyrkjer og ei synagoge Dagestan søndag, der 20 menneske vart drepne og fleire skadde, spreiar frykta for ein ny terrorperiode seg. For andre gong på litt over tre månadar vart russarar utsette for terrorangrep frå væpna ekstremistar.
Også for 20 år sidan opplevde folk i den russiske republikken Dagestan ei rekke blodige angrep frå ekstreme islamistar.
Russiske styresmakter var mandag kjapt ute med å skulde på eksterne krefter, som Ukraina og NATO.
I mars i år drap IS-terroristar over 140 menneske i konserthuset Crocus i Moskva. Då var president Vladimir Putin raskt ut med å legge skulda på Ukraina, sjølv om terrororganisasjonen IS tok på seg skulda etter kort tid.
Men fleire uavhengige analytikarar meiner at Kreml må sjå nærmare på islamistisk radikalisering i sin eigen bakgard.
Kritikken kjem også frå stemmer som vanlegvis er meir pro-Kreml. Dmitry Rogozin er ein leiande russisk nasjonalist i det okkuperte Ukraina. Mandag gjekk han ut og åtvara mot å automatisk legge skulda på Ukraina og Nato.
– Om vi skuldar på Ukraina og Nato ved kvart terroristangrep som kan koplast til nasjonal og religiøs intoleranse, vil det gi oss større problem, sa han til BBC.
Ignorerer moglegheita for islamistiske motiv
– Eg trur det er farleg å undervurdere den islamistiske trugselen her, seier Grigory Shvedov til Reuters.
Shvedov er sjefredaktør for Caucasian Knot, eit nyheitsbyrå som dekker 20 regionar i det russiske Kaukasus, blant dei Dagestan. Både Shvedov og byrået vert rekna som «utanlandske agentar» av Russland.
Han meiner russiske styresmakter er for opphengde i krigen mot Ukraina og Vesten til at dei greier å fokusere på oppblomstringa av radikal islamisme i Dagestan.
Det same trur Inna Sangadzhieva, avdelingssjef for Europa og Sentral-Asia i Den Norske Helsingforskomité.
– Kreml har fokusert heile sitt propagandaapparat på Ukraina for å prøve samle russarane mot éin felles fiende, men er ute av stand til å ta føre seg radikaliseringa som skjer i Kaukasus, seier ho til NRK.
Årevis med islamistisk terror
I fleire år har Russland vore eit mål for IS-grupper og grupper som har tilknyting til IS. Russland støttar Taliban og Assad-regimet i Syria, og begge er bitre fiendar av IS. Ekstrem islamisme vart også ei stor utfordring for Russland etter to brutale krigar russarane førte i Tsjetsjenia.
Dagestan har vore åstad for fleire angrep frå radikale islamistar, særleg jihad-gruppa Kaukasus-emiratet som var spesielt aktive frå 2007 til 2011.
Det dødelegaste angrepet skjedde i september 2004. Då vart ein skule i byen Beslan storma av væpna tsjetsjenarar som heldt gislar i fleire dagar. Meir enn 300 gislar vart drepne, halvparten av dei var barn.
Ein talsperson for Kreml vart mandag spurd om Russland frykta ein mogleg retur til denne perioden.
– Nei. No er det eit anna Russland. Samfunnet er samla og slike terrorangrep får inga støtte i Russland eller i Dagestan, sa Kreml-talsmann Dmitrij Peskov.
Dette er berre tøys, meiner Inna Sangadzhieva.
– Regimet må roe ned ein situasjon som er utav deira kontroll, seier ho, og utdjupar:
Brutal undertrykking og fattigdom har gitt grobotn til islamistisk ekstremisme i Nord-Kaukasus. Men Putin har bygga opp eit heilt etterretningsorgan som har heilt andre formål enn å overvinne terrorisme.
– Etterretningstenestene i Russland skal slå ned på opposisjonelle, på aktivistar og journalistar. Dei er ikkje i stand til å ta føre seg det verkeleg alvorlege trugselbiletet.
Grobotn for radikalisering
Det var flest politimenn som mista livet i angrepet i Dagestan søndag kveld. I tillegg vart fire kristne drepne, blant dei ein 66 år gammal erkeprest.
Nokre av dei fattigaste regionane i Russland ligg i Kaukasus. Dagestan er blant dei. Her er fleirtalet av folket muslimar, i motsetning til i Russland totalt sett der fleirtalet er ortodokse kristne.
Då Sovjetunionen gjekk i oppløysing, prøvde republikken å forme si eiga identitet. Dette vart slått hardt ned på av den russiske leiinga, ein politikk som Putin har vidareført.
Etter at Putin erklærte mobilisering av reservistar til krigen i Ukraina, var det ein overvekt av menn frå fattige regionar som Dagestan som vart innkalla.
Fleire hundre mødrer til protest. Politiet svarte med valdelege arrestasjonar.
Det er eitt av fleire døme på gongar Kreml har slått ned på usemje frå Kaukasus på brutalt vis, seier Sangadzhieva.
– Når styresmaktene kriminaliserer det å protestere med fredelege middel, leiter folk etter alternative måtar å uttrykke usemje på. Og når dei folka bur i delar av landet som er fattige og fulle av korrupsjon, vert dei lett radikaliserte, seier ho.
Gjekk til val på å overvinne terror
Dagestan grensar til Tsjetsjenia, ein annan russisk republikk som er hovudsakleg muslimsk.
Då Putin fekk makta i 1999, var det etter at han i valkampen lova å skylje tsjetsjenske ekstremistar «ned i toalettet». Tsjetsjenske separatistar vart meir og meir radikale under Moskva sine oppryddingskampanjar i tsjetsjenske landsbyar på starten av 2000-talet.
25 år etter at Putin først kom til makta, skjer altså to terrorangrep på russisk jord med berre tre månadars mellomrom.
Tre, om vi legg til gisseldramaet i eit fengsel i byen Rostov tidlegare i juni. Der tok innsette, væpna med kniv, fleire fengselsvaktar til fange. Dei innsette sa sjølv at dei var medlemmar av IS og at hendinga ikkje var spontan.
Publisert 24.06.2024, kl. 22.47