Kreftsjuke Cecilie hadde kort tid igjen - 11 år etter lever ho eit godt liv

2 weeks ago 8


Fleire kliniske studium har vist svært lovande resultat for bruk av immunterapi innan kreftbehandling.

Nå viser det seg at behandlinga også fungerer godt når ho kjem ut i den «verkelege verda», i klinisk praksis. Altså ikkje berre blant utvalde pasientar, men også i større grupper, som t.d. eldre pasientar med underliggande sjukdommar.

Kort tid igjen

For 11 år sida fekk Cecilie Bråten den nedslåande beskjeden. Lungekreften ho hadde, gav henne kort tid igjen å leva:

– Da eg kom til kreftlegen etter å ha fått svara, sa eg at det her finn eg meg ikkje i. Eg skal ikkje berre over på vanleg cellegift, og du kan ikkje gje meg så kort tid å leva.

Og det fanst faktisk håp.

Cecilie Bråthen blei med i ei klinisk studie, som testa ut immunterapi mot lungekreft.

– Det er ein bra medisin, altså.

Du kan gje din anbefaling?

– Eg kan gje mi anbefaling, så absolutt. Veldig. Men, det er klart at ein responderer veldig ulikt på den type behandling, seier Bråthen.

Gode nyheiter

Immunterapi har forandra kreftbehandling de seinaste åra, og verka ved å aktivere pasientens eige immunforsvar til å identifisera og angripe kreftceller. Dette fører til at veksten av kreftcellene bremser, eller stoppar.

I ei omfattande studie som inkluderer alle lungekreftpasientar diagnostisert etter 2012 i Noreg, fann forskarane ut at langt fleire pasientar med avansert lungekreft overlever ved bruk av immunterapi.

Resultatet er betre enn bland dei som fekk cellegift, seier seniorforskar Bettina Kulle-Andreassen ved Kreftregisteret.

Bettina Kulle Andreassen

Bettina Kulle Andreassen

Foto: Bjørn Atle Gildestad

– Dette er veldig gode nyheiter. Vi har vist at vi kan føle oss trygge på den behandlinga som pasientane får.

Forskinga er viktig for pasientar og de som skal prioritere kreftbehandling.

– Eg trur vi kan bidra til, på Folkehelsa og Kreftregisteret, at det kanskje kan bli ein raskare implementering av disse legemiddel i klinisk praksis, seier Kulle-Andreassen

Er det kostbar behandling?

– Dette er veldig kostbar behandling, men det kan fort lønne seg likevel, dersom det er færre biverknader og pasientane ikkje trenger å ligge så mykje på sjukehuset som før og kan vere med familiane sine.

Cecilie Bråten, som lever eit godt liv 11 år etter at ho fekk beskjed om at det var lite håp, er eit bevis på at immunterapi er effektivt mot lungekreft. Ho følger nøye med på forskinga på feltet.

– Eg trur det er mange som kan fortelje den type historier allereie. Og det kjem også til å vere sånn framover. Det som er mest interessant, er at vi må finne ut kven det er som det funkar så godt på, seier Kulle-Andreassen

Ingen mirakelkur

Sjølv om mykje tyder på at immunterapi vil gje mange mykje betre behandling, er det ingen mirakelkur:

– Det er ikkje slik at alle kan få dette, og at lungekreft er utradert som et problem?

Nei, det er det ikkje, og det klarer nok ingen behandling. For desse pasientane blir ofte diagnostisert med veldig alvorleg lungekreft. Men, immunterapi har jo vist seg å gje ei mykje betre overleving enn vi hadde med tidlegare standardbehandling, cellegiftbehandling, seier Kulle-Andreassen.

Publisert 04.11.2024, kl. 16.59

Read Entire Article