Krass kritikk mot Gröna Lund etter dødsulukke

5 months ago 26


Den svenske Havarikommisjon kjem med sterk kritikk mot fornøyelsesparken Gröna Lund i Stockholm etter ei ulukke sommaren 2023.

Det kjem fram på ei pressekonferanse fredag, som SVT viser.

Ulukka skjedde 25. juni 2023. Ein berearm på undersida av den fremste vogna knakk, og gjorde at heile toget bremsa kraftig. Då vart tre passasjerar kasta ut av toget.

Ei kvinne omkom i ulukka.

Det var fleire feil som førte til ulykka, mellom anna på systemnivå, meiner Statens havarikommisjon.

SVT skriv at det mellom anna handlar om at fornøyelsesparken ikkje hadde gode nok metodar for å identifisere risikoar i parken.

Havarikommisjonen meiner òg at det ikkje var tydeleg nok kven som hadde ansvaret for sikkerheita.

Etter ulukka vart ein mann sittande og venta på å komma seg ned.

Publisert 14.06.2024, kl. 10.23 Oppdatert 14.06.2024, kl. 10.32

Read Entire Article