– Eg fekk høgt blodtrykk da eg såg alle Vippsvarslingane på mobilen min, seier ordførar i Moskenes kommune, Hanna Sverdrup.
På torsdag kveld, da ho opna mobilen, vart ho møtt med 85 vippsvarslingar. Alle hadde kome på same tidspunkt.
– Eg fekk hjartebank, og skjønte ingenting. Eg lurte på om det kanskje var feil med Vipps eller om det var nokon med bursdag som hadde likt nummer, fortset Sverdrup.
Nokre av vippsarane hadde skrive blant anna «helsing Desken» på melding, og da steig blodtrykket enda litt.
Men da ho dagen etter fekk forklaring frå prosjektleiar i «Desken brenner», Jan-Terje Østerberg, roa ho seg fort ned.
– Da forstod eg litt meir, for vi hadde jo vore omtalt i det programmet ved eit par anledningar tidlegare, seier ho og humrar.
Pengemangel i kommunen
Moskenes i Lofoten er kjent for idyllisk fiskevêr, kritkvite strender og det populære fjellet Reinebringen.
Men dei siste åra har kommuneøkonomien gått svært dårleg.
I vinter trua dei med å slå seg konkurs om dei ikkje fekk hjelp av staten. I mai vart det kjent at dei skulle få 15 millionar i krisehjelp.
Nokon som har fått med seg at Moskenes kommune har slite økonomisk, og som til og med har harselert med det, er humor- og satireprogrammet «Desken brenner».
Hjelp frå uventa hald
På torsdag var «Desken brenner» på eit arrangement av Norsk Podkastforening, der redaksjonen skulle dele ut pris.
Der bestemte dei seg for å oppfordre publikum til å vippse ordføraren i Moskenes kommune.
– Fyrst var tanken å snakke om Vippsran, som har vore ei aktuell hending den siste tida. Deretter tenkte vi at det hadde vore artig å gjere eit Vippsran som går til ei god sak, fortel Williamson.
Sidan kommuneøkonomien til Moskenes har vore eit tilbakevendande tema i «Desken brenner», så var det naturleg å la pengane gå til dei.
– Og så viste det seg at engasjementet var stort, fortset Williamson.
2505 kr vart til slutt samla inn.
Ekstra mat og hygge til Sørvågen Skole
Etter at ordførar Hanna Sverdrup hadde landa litt etter sjokket, valde ho å donere pengane til Sørvågen Skole.
Der vil pengane gå til den planlagde idrettsdagen som blir arrangert seinare denne veka.
– Eg tenkte at det var fint om elevane kunne få kose seg litt ekstra nå som det nærmar seg skuleavslutning. Og rektor har gitt tilbakemelding om at dei set veldig pris på det, konstaterer Sverdrup.
Også Odd-Magnus Williamson er veldig glad for utfallet.
– Det er kjemperørande, og vi håpar at det kjem noko fint ut av den saka her. Det her er berre starten på ei lang rekke andre tiltak som skal gjerast for Moskenes. Målet er at det skal ende opp til ein Live Aid-song, seier han med glimt i auga.
Før han avsluttar blir tonen meir seriøs:
– Det er rart at vi lever i eit land der ein kommune har mykje, mens ein annan har lite. Det kjennest uverdig og rart.
Få med deg meir frå «Desken brenner» i NRK Radio:
Publisert 10.06.2024, kl. 17.41 Oppdatert 10.06.2024, kl. 17.47