På instagramkontoen «borgermesterframnes» har det sidan valet vore publisert innlegg som har harselert med ordføraren og andre folkevalde i vestlandskommunen.
Det toppa seg for nokre veker sidan då det vart lagt ut kondompakkar med bilete av ordførar Framnes og varaordførar Øyvind Kyvik (H).
Denne veka meldte Stord-ordførar Sigbjørn Framnes (Frp) instagram-kontoen til politiet.
– Eg har ei tolegrense, og eg har også eit ansvar for mine politikerkollegaer, sa ordføraren i samband med politimeldinga.
Mellom anna har familien til Kyvik reagert sterkt på kondoma.
– Både stortingspolitikarar, statssekretærar, ordførarar, og mange andre innbyggjarar, har gitt klart uttrykk for at det går ei grense, skriv Kyvik i ei tekstmelding til NRK.
Oppmoda til å bruka kondom i skulekrins
Politimeldinga og kondomeldinga er omtalt i både Sunnhordland og Stord24, og av TV 2 og VG.
Kondom-innlegget kjem i kjølvatnet av ei betent sak i kommunen, der Litlabø skule vart lagt ned for å redda ein anstrengt kommuneøkonomi og møta nedgang i folketalet.
I innlegget vert det vist til at kondoma berre skal brukast i skulekrinsen der nedlegginga vart vedteke.
– Skulestruktur er ei utfordring som mange lokalpolitikarar i Noreg vil stå føre framover. Det er allereie ei utfordring å få nok politikarar til å fylla vallistene til lokalvalet. Om ein tillegg må tola mobbing og trakassering så vil mange vegra seg for å gå inn i lokalpolitikken, meiner Framnes.
Politiet: Står fram som satire
Men ordførar Framnes får ikkje støtte frå politiet.
– Saka er lagt bort grunna mangel på kapasitet, seier politiadvokat Per Terje Brundtland i Sør-Vest Politidistrikt.
Brundtland viser til at kontoen står fram som meir satire, og ikkje inneheld verken truslar eller andre ting som er eigna til å påverka politikarar.
– Det er ikkje direkte truslar involvert, seier Brundtland.
Hadde det vore det, ville saka stilt seg annleis, kommenterer han.
Sigbjørn Framnes er skuffa over at saka er lagt vekk.
– Det er trist at ein ikkje prioritere nettmobbing og truslar generelt og særleg mot politikarar, meiner han.
Satirikar: Mange politikarar er for hårsåre
Satirikar Thomas Teige, som mellom anna har gitt seg ut for å vera tidlegare utviklingsminister Dag Inge Ulstein, meiner mange politikarar er for hårsåre.
– Så lenge det er saksorientert kan ein gå langt i satire. Det er mange politikarar som ikkje har skjønt kva dei har gått inn i, seier han.
Under ein klimademonstrasjon i 2019 gjekk Teige opp på talarstolen og snakka til frammøtte demonstrantar som nettopp Ulstein.
Stuntet skal ha vorte teke med godt humør av Ulstein sjølv.
– Det viktigaste er at ein kan stå inn for satiren. Det same meiner eg gjeld politikarar. Om dei står inne for sine politiske bodskap, så må dei også tola at det vert lagd humor og satire av, seier han.
Komikar Yousef Hadaoui meiner politikarar må ha hard hud.
– Dei må tola mykje som er innanfor ytringsfridomen. Der er både karikaturteikningar og brenning av koranen lov, meiner han.
Sjeldan vaksne vert utsett for falske kontoar
I ein rapport frå KS kjem det fram at stadig fleire politikarar vert utsett for truslar og hets.
Også PST er uroa.
Politioverbetjent Kaare Andre Ødegaard i nettpatruljen i Sør-Vest Politidistrikt seier til NRK at dei sjeldan får melding om falske kontoar mot vaksne.
– Me ser ofte at kontoar vert oppretta i falsk namn. Men det er meir vanleg blant ungdom, seier Ødegaard.
Publisert 18.07.2024, kl. 21.38