Knesset: Ein palestinsk stat er farleg for Israel

4 months ago 31


Den israelske nasjonalforsamlinga har stemt for ein resolusjon som tar avstand frå å opprette ein palestinsk stat.

Resolusjonsteksten blei vedteken onsdag kveld med 68 mot 9 stemmer, skriv Haaretz.

– Etablering av ein palestinsk stat i hjarte av Israel vil utgjere ein eksistensiell trussel mot staten Israel og borgarane, heiter det.

Vidare kjem det fram at ein palestinsk stat vil gjere den israelsk-palestinske konflikten evig og destabilisere regionen.

Det var opposisjonspolitikar Gideon Saar som fremma resolusjonen. Han leiar sentrum-høgre-partiet Nytt håp.

Ein av dei som stemte for resolusjonen er Benny Gantz.

Så langt har 145 av 193 medlemsland i FN anerkjent Palestina som uavhengig stat.

Publisert 18.07.2024, kl. 09.04

Read Entire Article