Knakk saman på julaftan – samtalen med pappa endra alt

4 months ago 173


– Der og då kjentest det ut som den dårlegaste dagen i heile mitt liv.

Marcus Thomsen mimrar tilbake til julaftan for eit halvt år sidan. Då gjekk det nesten ikkje lenger for 26-åringen som har vore Noregs udiskutable beste kulestøytar sidan 2017.

Då tok han gull i U20-EM, og dessutan sitt første av i alt elleve NM-gull.

Men fjoråret blei tyngre for vossingen, både sportsleg og sosialt.

– Eg hadde nådd botnen. Hadde eg ikkje hatt den samtalen med far min, så hadde eg mest sannsynleg lagt opp, fortel Thomsen openhjarta til NRK.

Marcus Thomsen under Friidretts-VM 2023

FØRRE MEISTERSKAP: Marcus Thomsen under VM i Budapest i fjor.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

– Isolerte meg sjølv på hotellet

Nedturen til Thomsen starta då den islandske suksesstrenaren Vésteinn Hafsteinsson slutta som trenar i januar 2023 for ein jobb i heimlandet.

For vel eit år sidan begynte den norske kulestøytaren å trene med Italia, men sesongen gjekk ikkje som han hadde trudd eller håpa.

Thomsen tenkte at det var sjølvforklarande med at alt av trening og metodar blei endra på, men då han trudde det skulle losne etter sesongen kom smertene i kroppen.

– Alt gjorde vondt og ingenting fungerte. Eg grov meg lengre og lengre ned, seier han.

Marcus Thomsen

Foto: Anders Engeland / NRK

Treninga og det sportslege sat altså ikkje for det norske kulehåpet, som var nede på lengder han ikkje hadde sett sidan han var 17–18 år.

Kombinert med livet utanfor friidrettsbanen kulminerte det i botnpunktet.

– Eg var mest sannsynleg utbrent sosialt. Det var nye settingar. Alt var nytt. Nye ansikt. Nye stader. Eg var nesten aldri heime. Eg var vel heime og besøkte familien min to gonger frå april til desember i fjor og så var eg i Växjö i to veker, seier Thomsen og fortset:

– Resten av tida var eg for meg sjølv dei gongene vi ikkje trena. Eg isolerte meg sjølv på hotellet.

«Eg vil høyre korleis du har det»

Den store og sterke idrettsutøvaren kjente seg plutseleg veldig svak, og reiste rett frå treningsleir i Sør-Afrika og heim for å feire jul.

Han følte at han ikkje kunne seie det til nokon, for da ville folk sjå på han som svak.

– Ein trur at om ein går og held på noko sånt som dette sjølv, så er ein sterk. Men det er jo stikk motsett, seier kulestøytaren.

Marcus Thomsen

KJENTE SEIG IKKJE STERK: Vektene var tunge, men mentalt kjente Thomsen seg svak.

Foto: Anders Engeland / NRK

Og så kom julaftan. Maten blei eten, gåvene blei opna, og resten av familien gjekk og la seg. Bortsett frå faren til Marcus Thomsen. Og Marcus sjølv.

Faren hadde merka at det var noko som var gale og spurde son sin om korleis han hadde det. Marcus begynte å svare som han alltid gjorde, ved å snakke om treninga.

«Du, eg drit i korleis treninga går», sa faren.

«Eg vil høyre korleis du har det.»

– Då knakk eg saman, seier Marcus.

– Det var kraftig

– Vi hadde augeblink der vi begge fekk tårer i auga. Det var ganske kraftig å sjå at han også felte nokre tårer. Eg kan ikkje hugse sist eg såg det, så det tok jo på meg òg.

Marcus og faren snakka om alt og ingenting. Dei snakka om kva dei skulle gjere for at Marcus skulle få det betre. Korleis Marcus skulle ha det betre. Korleis Marcus skulle forelske seg i å støyte kule igjen.

Thomsen med kula

MED KULA: Thomsens kjærleiksforhold til kula forsvann.

Foto: KIRILL KUDRYAVTSEV / AFP

Han fortalde pappa at han kom til å legge opp som idrettsutøvar om han fortsette å ha det like tøft som han hadde det.

– Eg var veldig, veldig langt nede. Eg vil nok seie at eg hadde ei eller anna form for depresjon. Det var ingen som visste at eg var så langt nede før eg hadde den samtalen med far min på julaftan.

Saman med pappa sat Marcus oppe og snakka til klokka fem på natta.

Så var det ein stor, lang og god klem før det var god natt.

Morgonen etter innrømmer Thomsen at han vakna med ei rar kjensle og at det var merkeleg å gå til frukost og sjå familien i auga og tru at pappa tenkte noko anna om han.

– Slik var det jo ikkje. Han behandla meg ikkje noko annleis, seier Thomsen og har ei klar meining om samtalen:

– Eg skulle gjort det tidlegare.

Tok grep omgåande

Det mest konkrete tiltaket som kom ut av samtalen med pappa, var at Thomsen trong ein ny treningskvardag.

Derfor tok han opp telefonen og ringde bestekompis og tidlegare treningspartnar John Kelly allereie 1. juledag.

John Kelly og Marcus Thomsen

BESTEKOMPISAR: John Kelly og Marcus Thomsen.

Foto: Anders Engeland / NRK

Kelly gav seg som kulestøytar etter førre sesong, men har tidlegare hatt den irske rekorden og blitt irsk meister fleire gonger.

«Har du lyst å bli trenaren min?» spurde Thomsen i telefonsamtalen til kameraten.

Kelly skjønte ikkje stort der han sat i Irland og feira jul, mens Thomsen fortalde om korleis han hadde hatt det den siste tida.

– Det var eit sjokk. Eg forventa ikkje det, seier Kelly.

Etter at sjokket gav seg takka Kelly ja til å bli trenaren til Thomsen – sjølv om ordet «trenar» ikkje er den føretrekte beskrivinga hans av rolla.

– For meg handlar det ikkje så mykje om å vere trenar, men å få det beste ut av nokon, seier Kelly og fortset:

– Her var det ein utøvar som trong hjelp. La meg få han gjennom stega gradvis. Da skipet kom i balanse på vatnet, så heldt ein det stabilt og fortsette framover.

Marcus Thomsen og John Kelly

PÅ TRENING: Marcus Thomsen og John Kelly i innandørshallen i svenske Växjö.

Foto: Anders Engeland / NRK

– Han er ein veldig viktig person i mitt liv, både på og utanfor banen. Eg har ikkje peiling på kva eg hadde om han ikkje hadde vore der, seier Thomsen om Kelly – trenar, treningspartnar og venn.

– Det er kanskje ein uortodoks måte å vere trenar på, men vi får det til å fungere på vår måte, seier iren.

Den nye treningskvardagen har i alle fall hjelpt Thomsen på veg.

Saman med at han nå er mykje meir open om sine eigne tankar med familien, Kelly, kjærasten, forbundet og klubben sin, har Thomsen igjen funne gleda med sporten.

Denne sesongen har han komme seg over 21 meter igjen for første gong på tre år.

Under eit stemne i svenske Sollentuna i mai støyten han 21,05 meter. Det er ei lengde som hadde halde til fjerdeplass i førre EM.

Fredag skal han på ny i aksjon i EM, der han skal ut i kvalifisering kl. 19.55 direkte på NRK.

Korleis han står der i forhold til konkurrentane sine bryr han seg lite om.

– Denne sesongen og dette året er for meg, seier Thomsen.

Marcus Thomsen klarte laurdag 4. mai EM-kravet i kulestøyt. Her støyter han 21.05.

– Eit nytt liv

Sjølv om han ikkje tenker så mykje på plassering eller medaljekamp i EM, har han i alle fall eit mål om å forbetre niandeplassen frå München-EM for to år sidan.

Og presterer han bra, meiner han sjølv at det er fordi han nå har det bra med seg sjølv.

EM friidrett 2024 i Roma

EM-KLAR: Marcus Thomsen smiler og er klar for ein ny meisterskap.

Foto: Heiko Junge / NTB

– Vi har alle våre dårlege dagar, men dei kjem sjeldnare og sjeldnare no.

– Eg kjenner nesten eg har fått ein ny sjanse. Nå får eg gjere ting på min måte. Trene på min måte. Leve på min måte. Det er på ein måte ingen som kan bestemme over kva eg skal gjere og kva eg ikkje skal gjere. Så eg kjenner på eit sett at eg har fått eit nytt liv.

– Det er vel det største gullet?

– Det er det største gullet, sjølvsagt. Eg har funne gleda igjen. Og eg har funne gleda med meg sjølv igjen.

EM i Friidrett blir sendt direkte på NRK frå 7. til 12. juni.

Forbereder seg til OL: – Holdt meg unna ham 00:51

Publisert 07.06.2024, kl. 05.34

Read Entire Article