Kjemper om talenta: – Somme bedrifter gamblar

1 week ago 5


Studentar som ønskjer jobb til sommaren og hausten neste år, kan allereie ha dårleg tid.

Hard konkurranse om å få dei flinkaste studentane gjer at mange bedrifter rekrutterer eit år eller meir i førevegen. Dette er ikkje problematisk i seg sjølv, men:

Somme bedrifter gamblar litt på at dei skal ha jobb til studentane når dei kjem.

Det seier NTNU-student Anders Rodem.

Problemet er dei bedriftene som ikkje veit om dei har kapasitet, utdjupar han.

Svartelista

Sjølv har Rodem fleire venner som har opplevd å miste jobben i siste liten. Han fortel at mange opplever dette som flaut – i tillegg til at dei mistar viktig jobberfaring og heilt sentral inntekt.

Heldigvis er det sånn at dei fleste klarer å finne ei løysing, men det er på håret og det er ikkje alle som klarer det heller.

For å skape bevisstheit om problemet, har NTNU-studenten laga ei «svarteliste». På nettsida Konsulentkarma.no kan ein lese kva selskap som har kansellert sommarjobbar og nytilsettingar den siste tida.

Det skulle berre vere eit morosamt, lite prosjekt i gjengen som enda opp med å bli sett av veldig mange. Det seier kanskje noko om at det er eit problem.

Rodem seier det i desse dagar er mange som er inne på nettsida.

– Sannsynlegvis ser dei på selskapa dei søker på.

– Skal gjere litt vondt

– The war for talents, som det også blir omtalt som, er at bedriftene er kjempeivrige etter å få tak i den beste kompetansen.

På Universitetet i Oslo er karriererettleiar Gisle Hellsten godt kjent med problemet.

Det er jo vanskeleg for små bedrifter å vite korleis det står til om eit år. Men der må arbeidsgjevar vere ansvarleg. Dei må vere sikre på at det dei lovar ein student, er noko dei faktisk må halde.

Sommerjobb

THE WAR FOR TALENTS: Gisle Hellsten er kjent med problemet.

Foto: Siri Vålberg Saugstad / Siri Vålberg Saugstad

Hellsten anbefaler studentane å gjennomføre eigne undersøkingar.

– Gå inn på eksempelvis Proff.no og sjå på korleis det står til med økonomien. Så hadde eg også sett på kor lenge aktørane har vore i marknaden.

Sjølv om dei aller fleste bedriftene held det dei lovar, trur karriererettleiaren det er mørketal.

Kanskje ein berre blir stille irritert og finn seg noko anna utan at ein seier det til alle.

r ein rope høgare viss det skjer, synest du?

Ja, det synest eg. Og derfor er det ein god idé for studentar å vere organisert, slik at dei kan ta kontakt med eiga fagforeining og høyre kva slags juridiske rettar ein sit på. Fordi det skal også gjere litt vondt for arbeidsgivar når dei må ty til sånne grep.

Eilert Sundts hus (SV-bygningene) på Blindern i Oslo. Universitetet i Oslo er det høyest rangerte av de seks norske universitetene som er med i THE-kåringen.

MØRKETAL: Karriererettleiaren på UiO trur mange studentar som opplever å miste jobben, ikkje seier frå.

Foto: Jon Olav Nesvold / NTB

– Finn løysingar

Advokat Mari Verling i advokatfirmaet Kvale fortel at arbeidsmiljølova, som har strenge reglar for oppseiing, ikkje gjeld før arbeidstakaren har begynt å jobbe.

Men viss ein har inngått ein skriftleg arbeidsavtale, har ein jo i utgangspunktet inngått ein bindande avtale. Og den kan ein ikkje gå frå utan vidare.

Ho anbefaler å inngå ein klar avtale der det kjem fram når ein skal begynne og kor lenge ein skal jobbe.

advokat Mari Verling

ANBEFALER KONTRAKT: Advokat Mari Verling anbefaler studentar å sikre seg ein skriftleg avtale.

Foto: Espen Sturlason

Firmaet vil likevel ha ein viss tilgang til å trekke seg frå den inngåtte avtalen dersom det skjer endringar i økonomien og behovet for tilsette.

– Men tidsperspektivet er viktig, seier Verling.

Jo nærare første arbeidsdag, desto meir problematisk er det for arbeidsgivar å trekke seg frå avtalen. Verling fortel at det i slike tilfelle hender at firmaet gir ein økonomisk kompensasjon.

– Ein finn stort sett ganske pragmatiske og greie løysingar.

Publisert 24.09.2024, kl. 16.29

Read Entire Article