Like ved Grimstadvatnet naturreservat i Hareid kommune ligg det eit hotell som stadig lokkar til seg ny gjestar.
– Det er rundt 30 par her no. Det er det meste som har vore her, seier Kjell Mork Soot med eit smil og ser mot sandsvalehotellet.
Han har i ei årrekke jobba som ornitolog og er lidenskapleg opptatt av å ta vare på fuglar.
Ville hjelpe raudlista art
Fleire kjende fugleartar er i ferd med å forsvinne.
Sandsvaler er ein raudlista art i Noreg. Det blir antatt at den norske hekkebestanden består av rundt 10-15.000 par.
For nokre år sidan bestemte Soot seg for å bygge eit hotell for å få sandsvalene tilbake til Hareid. I barndomen vaks han opp med fuglearten.
– Då var det mange sandsvaler som hekka her. Det var rundt 500–1000 par, men så forsvann dei og det var heilt tomt her ei stund.
Litt etter litt har sandsvalene kome tilbake. For kvart år har det blitt stadig fleire sandsvaler der. Han vektlegg at det er viktig å ta vare på fuglearten.
– Ein må jo prøve å hjelpe bestanden opp igjen. Dei høyrer til økosystemet her. Kva som skjer om dei forsvinn er det ingen som veit. Dei tek mellom anna ein del insekt, noko eg trur mange set pris på, seier ornitologen.
«All inclusive»
På hotellet er det over 400 rom. Hotellet er laga av lecablokker. Soot har plassert rør gjennom blokkene som fører fuglane til reirkassene på baksida.
Der er det meir enn nok plass for fuglane å legge seg godt til rette og nyte ferien. Mange av fuglane er allereie godt i gang med hekking.
– Ein del av dei legg egg enno, så dei er ikkje ferdige før langt ut i august.
Og med Grimstadvatnet i umiddelbar nærleik har dei fjørkledde gjestane også svært god tilgang til mat i løpet av opphaldet. Her kan dei ete så mykje dei vil.
– Det er mykje mat i vatnet og mange insekt for fuglane.
Hotellet held ope heile året, sjølv om gjestane vanlegvis sjekkar ut i slutten av august.
– Eg stenger ikkje, men då stikk dei som regel av. I slutten av august flyg mange av dei nedover til sør for Sahara, fortel Soot.
Arten hekkar langs Nilen, gjennom heile Europa, det nordlege og sentrale Asia og i Nord-Amerika.
Kjem tilbake år etter år
Gjestane ser ut til å vere så fornøgde med hotellet at dei kjem tilbake år etter år. Og det kjem stadig nye gjestar.
– Det er truleg fordi ungane kjem tilbake året etter, og så tek dei kanskje med seg andre også.
Soot håper at den positive trenden vil halde fram.
– Kvart år har det auka på og til neste år reknar eg med at det er enno fleire.
Legg til rette for fuglane
Rundt fuglehotellet kan ein høyre den konstante lyden av fuglekvitter. Men det er ikkje berre gjestane som står for konserten. Det kjem også lyd ut av ein høgtalar.
– Engelskmennene har funne ut at om ein setter på lyden av tårnsegler, så kjem desse fuglane også, fortel Soot.
Og det er akkurat det som har skjedd. No har også tårnseglene funne fram til hotellet på Sunnmøre. I tre rugekasser har det blitt aktivitet, og ifølge ornitologen er dette historisk.
– Dette er første året dei hekkar her på Hareid. I den eine kassa er det to ungar og i dei andre er det egg.
– Kritisk for mange artar
Martin Eggen, naturvernrådgivar i fugleorganisasjonen BirdLife, seier situasjonen er kritisk for mange fugleartar i Noreg. Tidlegare har NRK fortalt at sjøfuglbestandane har hatt ein dramatisk nedgang.
– 40 prosent av fugleartane og over 63 prosent av norske sjøfugl er på raudlista. Det er alvorleg.
Eggen roser fuglehotellet på Hareid. Han seier at slike ting er viktige for å auke bestanden av sterkt trua og sårbare fuglar, som blant anna krykkjer og sandsvaler. Han oppfordrar andre til å gjere liknande ting.
– Alle kan gjere noko for å hjelpe, seier Eggen og peiker på ein rekke tiltak som kan hjelpe fuglar:
Publisert 04.08.2024, kl. 22.08