Kenyas Gen Z-opprør sender presi­denten på nye spor

4 months ago 66


Kenyas «generasjon Z» har dei siste vekene stått i bresjen for store demonstrasjonar mot regjeringa.

– Vi var dei første barna som fekk gratis utdanning for alle. No har vi vakse opp og veit akkurat korleis det politiske systemet funkar og korleis vi kan endre det, seier Zaha Indimuli til NRK.

Ho minnest historia dei las i litteraturfaget på ungdomsskulen, om folket som stod opp mot den korrupte regjeringa og vann.

No er ho ei av aktivistane i «Gen Z»-rørsla som organiserer opprør.

Tiktok og andre sosiale medium er den viktigaste mobilseringsplattforma for Zaha Indimuli.

Starta med skattelov

I dag overraska president William Ruto ved å kaste nesten heile regjeringa si. Han sa sjølv at avgjersla vart teken etter at han hadde «lytta nøye til det Kenyas folk har sagt».

Forrige veke gjorde han store endringar i budsjettet og trakk upopulære skatteforslag. Og han har for første gong hatt direktesending på sosiale medium der folk fekk stille spørsmål direkte til han.

At ein president tek slike grep, i stor grad mot sin eigen vilje, er ganske unikt i afrikansk samanheng, og alt kjem som eit resultat av eit stort ungdomsopprør som framleis pågår.

Landet har i generasjonar vore prega av grov korrupsjon, og leiarane lever i overdådig luksus.

Det heile toppa seg då president William Ruto ville innføre ei skatteauke på basisvarer for at landet skulle greie å betale den enorme gjelda si til Det internasjonale pengefondet (IMF).

Det var berre siste drope i eit allereie fullt beger:

Protester på gata vert møtte med tåregass frå kenyask politi. Nairobi, 25. juni.

AFP

Auka inntekta si og skattla folket

Demonstrasjonane starta då president Ruto ville få gjennom ei ny skattelov. Denne lova hadde auka prisane på daglegvarer som brød, matolje, bind og bleier. Også ei rekke helsetilbod hadde vorte dyrare.

Same veke som nasjonalforsamlinga stemte ja til lova, vedtok dei å auke eigne løningar.

Folk reagerer på Rutos svindyre privatflyturar til USA og andre land. Unge menneske held opp eit skilt der det står "If he ain't flying, he lying - Ruto lies all the time & all the time Ruto lies".

Reuters

Enorm skilnad på makthavarane og folket

Dei kenyanske statsleiarane lever i sus og dus. Luksusvanene deira vert stadig meir openlyse for vanlege folk.

I mai såg skattebetalarane svart då president Ruto leigde eit kongeleg jetfly frå Dubai til 1,5 millionar dollar. Flyet brukte han til ein firedagerstur til USA.

Og medan politikarane kjøper seg dyre bilar og klokker, aukar levekostnadane for resten.

Barn og vaksne leikar på grasplenen utanfor Kibera-slummen i Nairobi. I bakgrunnen ser ein tett i tett med hus laga av blikk og bølgepapp.

AP

Tidlegare skatteauke

Ein tredel av kenyanarar bur i dei store byane, og av desse bur 70 prosent i slumliknande område, ifølge FN.

I 2022 kom ei skatteauke som skulle få inn pengar til bustadsbygging i slike område.

Men skattebetalarane kan framleis ikkje sjå noko spor av dei pengane.

Hovedkvarteret til Det internasjonale pengefondet (IMF) i Washington DC.

Reuters

Enorm gjeld til IMF

Skatteauken i år skulle gi regjeringa 2,7 milliardar dollar som dei manglar til ei stor reform som kenyanske styresmakter og Det internasjonale pengefondet (IMF) har vorte einige om.

Kenya, som fleire andre afrikanske land, har ei enorm gjeld til slike internasjonale aktørar.

Men sjølv om IMF har lånt pengar til Kenya i desperate tider, er det fleire som er sterkt kritiske til dei.

Eit lite barn står i ein haug med søppel og kikkar mot kamera. Biletet er tatt i Mukuru-slummen i Nairobi.

AFP

IMF er upopulært blant folket

IMF har fått eit dårleg rykte på seg i fleire afrikanske land. Kritikarane meiner at låna dei gir til desperate nasjonar som regel kjem med rigide føresetnadar som rammar dei fattigaste.

- Krava tek ingen hensyn til kva som er best for det faktiske folket, seier den kenyanske økonomen James Shikwati til NRK.

Andre peikar på at det er statsleiarane som ikkje greier å handtere gjelda godt nok.

Politimenn utanfor den kenyanske nasjonalforsamlinga.

Reuters

Ein prat i det skjulte

Skatteauken skapte så store protestar at Ruto trakk forslaget. I dagane etterpå kom det fram at IMF hadde pressa han til å stå på sitt sjølv om dei visste korleis folket ville reagere.

I ein prat mellom han og IMF-toppsjef Kristalina Georgieva, lova han å rydde opp i det offentlege budsjettet for å hente pengar derifrå i staden.

Kenyanarane slit med høge levekostnadar, og inntekter frå tidlegare skatteaukar har ikkje gått til tenester til folket.

I staden for å skattlegge folket, burde regjeringa kutte i eige budsjett, meinte demonstrantane.

Judy held fram eit bind. På bindet står det REJECT.

Judy Mollah synest forslaget om å skattlegge sanitærprodukt var særs provoserande.

Foto: Privat

– Ein bil bør skattleggast, det er greitt. Men dei treng ikkje skattlegge maten vår, sanitærprodukt, helseforsikring til kreftpasientar, samstundes som dei bruker skattepengane våre på bilar, bonusar og reiser.

Det seier 29 år gamle Judy Mollah til NRK. Mor hennar har kreft, og med dei nye skattelovene hadde ho mått betale dyre domar for cellegift, helsehjelp og forsikring.

«Gen Z» armerte seg med smarttelefonar og marsjerte gjennom hovudstaden Nairobi. Det heile vart strøymde på sosiale medium.

Protest against Kenya's proposed finance bill 2024/2025 in Nairobi

Demonstrasjonane var tenkt fredelege, og starta med musikk, kunst, sang og dans. Men det vart fort valdeleg.

Foto: Monicah Mwangi / Reuters

Høgt utdanna, få framtidsutsikter

– Det verker som at våre folkevalde gløymer at det er vi som har valt dei inn, men det skal dei få hugse på, seier Indimuli.

Over halvparten av Kenyas befolkning er under 35 år. Den største gruppa er generasjon Z, og dei har også høgare utdanning enn nokon generasjon før dei. Det skapar forventningar til framtida.

Likevel står mange av dei utan jobb, og den økonomiske veksten går treigt.

Og det er ikkje berre dei under 30 som har fått nok av avstanden mellom politikarane og resten av folket.

– Foreldra våre og besteforeldra våre kjente også på same frustrasjon. Men vi veit korleis vi skal gjere noko med det, seier Indimuli.

Aluta continua - slagordet for Gen Z som no mobiliserer imot president William Ruto.

Den unge generasjonen mobiliserer på tvers av etnisitet og klasse, og dei greier seg utan parti eller leiarar. Det er noko heilt nytt.

Foto: Skjermdump / X

Rørsla kallar seg sjølv leiar-, stamme- og partilaus. Det dei lærte på vidaregåande og universiteta, deler dei no med resten av folket på sosiale medium.

– Det gjer oss mindre sårbare for korrupsjon, fordi vi ikkje har éin leiar som kan selje prosjektet om hen skulle falle for freistingar. Også står vi saman, dei kan ikkje bruke splitt-og-hersk-metoden mot dei ulike etniske stammene slik dei har gjort tidlegare, seier Indimuli.

– Det skulle vere fredeleg

Både Indimuli og Mollah fortel at demonstrasjonane var og er eit fredeleg initiativ.

– Folk dansa og song, det var berre håp og ei kjensle av at vi kunne få til ei endring, seier Indimuli om den første demonstrasjonen, som fann stad i hovudstaden Nairobi 25. juni.

Tusenvis demonstrerer i ei gate. Uskarpt i front smiler ein ung mann til kamera.

Tusenvis demonstrerer i Nairobis gater.

Foto: Amaury Falt-Brown / AFP

Håpet om endring har aktivistane framleis, men prisen har vist seg å vere høg.

Amnesty har verifisert at minst 39 demonstrantar har vorte drepne og minst 361 alvorleg skadde. Dei understrekar at tala kan vere høgare og anslår eit dødstal på over 200.

– Regjeringa hadde ikkje greidd å kontrollere ein fredeleg protest, så dei har sendt folk inn i demonstrasjonane for å utøve vald slik at dei har ei unnskyldning til å sende politiet mot oss, seier Indimuli.

Familie, venar og medaktivistar i gravferda til Rex Masai, ein 29 år gamal mann som vart skoten av politiet under demonstrasjonane.

Familie, venar og medaktivistar i gravferda til Rex Masai, ein 29 år gamal mann som vart skoten av politiet under demonstrasjonane.

Foto: SIMON MAINA / AFP

Aktivistane har mått avlyse fleire demonstrasjonar på grunn av frykta for meir vald. No har dei laga eit eige sikkerheitssystem som dei håpar kan halde desse valdelege aktørane ute.

Vil ha full utskifting

Dei unge har fått gehør frå fleire hald. Kyrkjesamfunna har gått ut og bede styresmaktene om å lytte til dei. Politikarar som røysta for skattelova står no fram og ber om orsaking.

No viser også Ruto teikn til samarbeidsvilje ved å både endre på budsjettet og kaste si eiga regjering.

Men spørsmålet er om det er nok, for kravet om at «Ruto må gå» har teke over merksemda, og presset på presidenten auka i takt med at han lenge ignorerte misnøya.

Denne veka signerte han ei reform som skal gi auka representasjon og mindre korrupsjon i valsystemet. Førre veke annonserte han store innstrammingar i regjeringa sine utgifter.

Begge deler har vore blant hovudkrava frå «Gen Z».

To unge kvinner sit på kne med hendene i veret. Framfor dei står ei dame og ein mann i militæruniform.

To demonstrantar vert møtt av væpna politi under demonstrasjonane.

Foto: Simon Maina / AFP

Men trass lovnader om endring, er verken Mollah og Indimuli overtydde. Det viktigaste kravet er oppløysing av regjeringa, som no har skjedd, men også nye val.

– Den dagen vi faktisk ser endring i landet, kan vi seie til barna våre at vennane våre ikkje døydde for ingenting. Men dette var berre noko han gjorde for å overleve, det er ikkje eit bevis på endring, seier Mollah.

– Regjeringa høyrer meir på oss no, men samstundes som dei kjem med lovnader, jobbar dei også imot oss. Vi gir oss ikkje før vi får ein sjanse til å velje nye, gode leiarar, seier Indimuli.

Publisert 11.07.2024, kl. 22.10

Read Entire Article