– Det er masse ting som blir lagt ut som ikkje er for barn. Bilde og videoar, og ting som ikkje burde lagt ute. Så eg tenker aldersgrense på sosiale medium er ganske greitt.
Det seier 14 år gamle Johanna Risnes frå Austrheim. Ho er shopping på Moa i Ålesund når NRK møter ho.
Tysdag gjekk regjeringa ut og sa at dei ville innføra aldersgrensa for bruk av sosiale medium.
Sjølv om ein allereie må vera 13 år for å oppretta brukar på mange plattformer, er det mange som brukar det likevel, lenge før dei er tenåringar.
Dette vil regjeringa at skal bli vanskelegare, for eksempel ved at ein må registrera seg med BankID for å oppretta brukar og profil. I tillegg vurderer dei å auka aldersgrensa.
– Det blir spreidd masse «nudes» og videoar av folk som blir skada, eller slåstkampar på internett og i sosiale medium, så eg tenker at det er ein gode idé, seier Risnes.
Barneombodet: – Stenger ute unge
Fungerande barneombod Ivar Stokkereit er kritisk til regjeringa sitt forslag om å innføra aldersgrense på sosiale medium.
– Me er redde for at ungdom blir utestengde frå ein arena dei brukar aktivt til å vera i kontakt med kvarandre, til å skaffa seg informasjon, og til å vera med og ytra seg i samfunnsdebattar, seier han.
Stokkereid har ikkje sett det konkrete forslaget til regjeringa, men seier det finst andre grep som staten kan ta for å sikra tryggare bruk av sosiale medium, enn utestenging.
– Unge har rett til å vera på internett. Så er det staten sitt ansvar å sikra at det er ein trygg stad å vera, seier han og legg til:
– Der meiner me at styresmaktene har svikta. Dei har svikta gjennom mange år i det å sikra internettbruken til barn og unge, og det å gjera det sikrare å vera på digitale medium.
Meiner staten har svikta dei
Stokkereid meiner regjeringa heller burde starta med å innføra strengare krav til leverandørane og tilbydarane på sosiale medium, og viser blant anna til The Digital Service Act i EU.
– Førebels har ikkje norske styresmakter implementert dette i Noreg. Det er usikkert kvifor, og eg meiner ein kan begynna der. Så får ein vurdera om det er nok, seier han.
Kva meiner du burde vera aldersgrensa på sosiale medium?
– Både stats- og kunnskapsministeren viser til eksempel der barn under ti år får opp bilde av drap og krig på mobilen. Vil ikkje ei aldersgrense enkelt beskytta mot dette?
– Det er ikkje nødvendigvis slik at ein skal utelukka 14- og 15-åringar frå sosiale medium fordi andre brukarar blir yngre. Ein må sjå på totaliteten, og vurdera kva som er til dei ulike aldersgruppene sitt beste, seier han.
No håpar han at regjeringa tar seg god tid til å forma ei eventuell lovendring, og at dei pratar med dei unge før dei tar ein endeleg konklusjon.
– Trur det ville vore litt dumt
Isabella Gangsøy (13) seier ho har brukt sosiale medium sidan ho var ti eller elleve år.
Også ho var innom kjøpesenteret på Moa.
– Eg trur det ville vore litt dumt. Ungdom liker óg å halde seg oppdatert med kva som skjer i verda, seier ho.
Gansøy seier at ho bruker mykje tid på sosiale medium, for å halde kontakt med venner og få med seg kva som skjer.
– Sosiale medium kan påverke deg både på ein god og på ein dårleg måte. Du kan for eksempel få opp bilete du ikkje burde sjå, seier Gangsøy.
Sjølv seier ho at ho ikkje har nokon negative opplevingar med sosiale medium.
Vil få det på plass fort
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) seier det ikkje er klart korleis aldersgrensa på sosiale medium skal fungera i praksis.
Det er heller ikkje klart nøyaktig kor dei skal sette aldersgrensa.
Men det ho veit, er at det skal på plass fort.
– Dette skal på plass så fort som overhovud mogleg, sa ho under Politisk kvarter på NRK onsdag morgon.
Kunnskapsministeren seier dei no skal vurdera ulike løysingar, og sjå på korleis dei kan løysa dette på best mogleg vis.
– Stadig yngre opprettar profilar på sosiale medium. Me veit at dei blir eksponert for drap, krigshandlingar og vald. Heile verda er inne på den skjermen. Det er dei ikkje modne nok til å handtera. Difor må me setta ned foten, seier ho.
– Det er gøy
I Ålesund er 14-åringen Johanna Risnes usikker om unge faktisk kjem til å slutta å bruka sosiale medium, sjølv om det blir nye aldersgrenser.
– Kanskje litt, men samstundes ikkje. Eg trur folk kjem til å lyga om alderen sin og oppretta brukar uansett, seier ho.
Sjølv fekk ho sosiale medium då ho var ti år, men Instagram måtte venta til ho var 13.
– TikTok blir jo veldig mykje brukt no. Det er fordi folk kjedar seg. Dei sit og ser på det og syns det er gøy. Men det kan koma skumle videoar, eller videoar om korleis ein må sjå ut. Då kan folk bli leie seg, seier ho.
Publisert 03.07.2024, kl. 22.14