Jill Stein-effekten

2 weeks ago 8


Propalestinsk demonstrasjon i Dearborn, Michigan

DEI ARABISKE STEMMENE: Innbyggarar i Dearborn ser på ein palestina-demonstrasjon laurdagen før valet. Krigen i Midtausten gjer at mange stemmer på Jill Stein.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

Det siste året har dei amerikanske storpartia støtta Israel i Midtausten-krigen. I valinnspurten kjem konsekvensane frå landets største arabiske lokalsamfunn.

Dearborn si befolkning har den høgaste andelen arabisk-amerikanarar i USA, og blei i fjor den første byen der denne folkegruppa har fleirtal.

Her bur det litt fleire enn i Porsgrunn, og litt færre enn i Drammen. Men her, i Michigan, har både Donald Trump og Kamala Harris vore mykje i innspurten til valkampen.

Republikanernes presidentkandidat, tidligere president Donald Trump, hilser på folk under sitt besøk på The Great Commoner, fredag 1. november 2024, i Dearborn, Michigan.

Sist på fredag besøkte Donald Trump kaféen The Great Commoner på Dearborn.

Foto: Julia Demaree Nikhinson / AP

Dette er fordi ein tredje kandidat ser ut til å trekke svært mange stemmer frå dei store partiet: Jill Stein.

Stein er på valsetelen i dei fleste statar, men har som i tidlegare val ingen sjans til å vinne. Nasjonalt får ho berre nokre få prosent av folket si støtte, ifølge Forbes.

Jill Stein på ein pro-palestinsk demonstrasjon i april

Stein kallar krigen i Gaza for eit folkemord, og har bygd sin valplattform i år på å vere ein protestkandidat. Her er ho på ein pro-palestinsk demonstrasjon på Washington-universitetet.

Foto: Christine Tannous / AP

Men det at Stein går hardt ut mot USA si handtering av krigen i Midtausten, treffer godt blant muslimar og arabisk-amerikanske veljarar.

For mange NRK møter i Dearborn, er det nemleg Stein eller ingen. Nokre trur også at løysinga kan vere Trump.

I denne saka kan du lese om:

Harris Lite portrettbilde av Harris i sort hvitt som ser mot høyre

0 % oppslutning

Trump Lite portrettbilde av Trump i sort hvitt som ser mot venstre

0 % oppslutning

Snitt av de siste meningsmålingene. Oppdatert: Kilde: 538. Mer om NRKs tallbruk.

– Mange vil ikkje stemme

På parkeringsplassen til ein daglegvarebutikk i austlege Dearborn, finn vi ein slags lokaljournalist.

Abdul Ali (32) prøver entusiastisk å overtyde ein mann til å forklare kvifor han likar Trump.

en gruppe menn som tar bilder

– Kven stemmer du på, spør Ali når mannen gir han telefonen.

en person som holder en mikrofon

Trump, er svaret.

Veslebror knisar bak mobilkameraet, men gøymer seg i bilen når NRK kjem bort. Vanlegvis filmar dei reiser og «pranks», fortel Ali.

– I dag er det eit alvorleg tema. Eg stoppar muslimske amerikanarar og spør kven dei stemmer på.

– Kva seier dei til deg?

– Mange seier at dei ikkje vil stemme på nokon. Dei bryr seg meir om det som skjer i Midtausten, med folkemord-greiene som skjer der borte og krigen.

Vanlige folk i Dearborn, Detroit

Det er 80 prosent sikkert at han vil stemme på Jill Stein, seier Ali. Dei siste 20 prosentane er til støtte for Trump.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

Ali, som har slektningar i Jemen, har ikkje bestemt seg for kven han skal støtte enno. Det står mellom Jill Stein og Donald Trump.

Men, han skal ikkje lyge til oss: han likar Trump godt.

– Folk her i USA føler at økonomien var mykje betre då han var president. Fleire jobbar, skulane var perfekte, prisar, alt var skikkeleg bra.

Dearborn

Dearborn si befolkning har den høgaste andelen arabisk-amerikanarar i USA. Ein gatekunstnar oppfordrar folk til å stemme i Dearborn. Sjølv støttar ho Harris og demokratane.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

Dearborn si befolkning har den høgaste andelen arabisk-amerikanarar i USA. Ein gatekunstnar oppfordrar folk til å stemme i Dearborn. Sjølv støttar ho Harris og demokratane.

Foto: ISMAIL BURAK AKKAN

– Eg er dårleg på politikk. Eg er forferdeleg dårleg på politikk. Men eg fortel deg dette ut ifrå fakta, og mi erfaring.

  • en murbygning med biler parkert foran den

    Ismail Burak Akkan / NRK

    Desse møter NRK ved daglegvarebutikken

    Dearborn Fresh Supermarket ligg i austlege Dearborn, heilt i utkanten av Detroit.

  • en mann som står i en gate

    Ismail Burak Akkan / NRK

    Mohammed al-Kinani skal stemme på Trump

    – Det han trur på samsvarar med det eg trur på, og eg føler at utanrikspolitikken hans er litt betre enn demokratane sin.

  • en mann som står på et fortau

    Ismail Burak Akkan / NRK

    Mohammed al-Kinani skal stemme på Trump

    – Kvar gong demokratane har makta verkar det som vi er i krig, seier al-Kinani.

    – Då Trump hadde makta i fire år, følte eg at økonomien vår var betre, skjønar de? Og han er mot abort, slik eg er.

  • en mann med hatt

    Ismail Burak Akkan / NRK

    Habib Manassa er skeptisk til heile valet

    – Media, Hollywood, alt jobbar saman og formar folk sine sinn, seier han.

    – Eg følger nøye med på sosiale medium, for eg meiner det gir oss eit godt innblikk i kva folk meiner.

  • en mann med hatt

    Ismail Burak Akkan / NRK

    Habib Manassa er skeptisk til heile valet

    – På sosiale medium, korleis finn du ut kva som er sant og kva som er lureri, spør NRK.

    – Eg høyrer på hjernen og ikkje hjartet, svarar han, og legger til at han ikkje vil stemme i år.

Politikk etter kveldsbøn

To timar nord for Dearborn streifar mange billys over ein mørklagd motorveg. I horisonten veks fram det opplyste tårnet til ein moské: Islamic Center of Saginaw.

Døra er låst, men det er lyst inne. To tenåringsgutar spelar fotball i inngangshallen, og kjem for å låse opp.

Islamic center of Saginaw

Foto: ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

Foto: ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

– Salam aleykum, fred vere med deg, seier dei, og NRK får bli med på dagens siste bøn.

Når denne er ferdig, har imam Musab Abdalla med seg ein aktivist i kampanjegruppa Abandon Harris.

– Vi kan ikkje utfordre dykk til å stemme på den eine eller andre, seier Abdalla før han gir frå seg ordet.

aktivist Hassan Abdel Salam taler på Islamic Center of Saginaw, Michigan

Politikarar innsåg at muslimske amerikanarar vil avgjere Michigan, og kven som avgjer i Michigan vil avgjere Det kvite hus, seier aktivist Hassan Abdel Salam i moskeen.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

– Men vi kan informere dykk om dei ulike kandidatane, og de kan ta valet sjølve.

Men aktivisten, tidlegare menneskmenneskerettsforskar Hassan Salem, oppfordrar folk til å vende ryggen til både Harris og Trump.

I staden ber han dei oppmøtte stemme på tredjepartskandidatar, som nettopp Stein.

en mann som står foran en gruppe mennesker som sitter på bakken

Blant dei som høyrer på, er sør-libanesaren Habib. Han vil helst ikkje at NRK skal bruke etternamnet hans.

en gruppe mennesker som sitter på gulvet

– Sist veke blei barndomsheimen min bomba av Israel med amerikanske bomber, betalte for av mine skattepengar

NRK har ikkje kunna stadfeste dette angrepet, eller kven sine bomber som i så fall blei brukte.

– Men Jill Stein støttar Palestina. Ho kallar det som skjer for eit folkemord, og går inn for å stoppe våpensendingane, held Habib fram.

CAIR, USA sin største sivilrettsorganisasjon for muslimar, publiserte ei meiningsmåling sist fredag.

Der sa over 42 prosent av dei spurde medlemmene at dei ville stemme på Stein. 41 prosent svarte Harris, og nesten 10 prosent Trump.

– Kjem til å bli stygt

Den 6. oktober heldt Stein eit folkemøte i Dearborn. Fleire hundre menneske frå lokalsamfunnet var til stades.

Den grønne partiets presidentkandidat Jill Stein taler under et møte i Dearborn, Michigan.

Foto: Rebecca Cook / Reuters

Nokre få dagar før valet prøvar arrangørane å halde sitt eige folkemøte, til støtte for (men utan) Stein. Nesten ingen har møtt opp.

– I vårt lokalsamfunn, altså muslimske arabisk-amerikanarar, så kjem ikkje folk ut, fortel ein av talarane, Abdel Hassan Salem.

– Dei snakkar saman i moskéen og på samfunnshuset.

Han blir avbroten av ein megafon eit kvartal unna der vi står:

«Kamala du er ein løgnar! Du har sett fyr på Palestina!»

Propalestinsk demonstrasjon på Dearborn

Foto: ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

Foto: ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

Menneska som marsjerer gjennom gatene, til mange sjåførar si fortviling, har ei breiare politisk tilhøyrsle og er mange fleire.

– For meg står det mellom Harris og Trump. Eg er nærast Trump, seier ein av dei, Aseel Ali til NRK.

20-åringen har slektningar i Jemen, og stemmer for første gong dette valet. Også til stades ei libanesisk kvinne med to små barn.

en gruppe mennesker som poserer for kameraet

– Eg trur at kandidatane verkeleg har undervurdert kor viktig dei arabiske stemmene er her.

Alison Ortega (33)

– Det kjem til å bli stygt på tysdag, trur eg.

Ho fortel at ho skal stemme på ein tredjekandidat i PSL, partiet for frigjering og sosialisme.

– Kva slags USA vil du bu i når du blir større, spør vi dottera Eulelia, som Ortega seier har blitt med på mange av desse.

– Eitt der det ikkje er noko slåsting, svarar sjuåringen.

Propalestinsk demonstrasjon i Dearborn, Michigan

Ein annan liten demonstrant har møtt opp med mor si for å krevje våpenkvile i Palestina.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK
Read Entire Article