– Eg kan ikkje seie dette på TV, seier årets friidrettskomet, og ler.
Intervjuet finn stad under OL-samlinga til stafettjentene i Larvik. Eit par timar tidlegare var NRK også til stades på ei treningsøkt.
Der blei Henriette Jæger slått av Amalie Iuel i minst to tilsynelatande uhøgtidelege øvingar – noko som avslørte kor lite ho liker å bli slått. Det skal vi komme tilbake til.
Nå sit ho og snakkar om korleis trenarmamma Unn Merete i treningsarbeidet utnyttar den sterke misnøya dottera har med å tape. Det er det Jæger er usikker på om eignar seg på TV, eller for den saks skuld; på nett.
Må kjøpe is
Likevel fortel ho.
– Viss ho er med på trening, kan ho seie at «viss ikkje du slår meg med fem meter, så må du spandere is», seier Jæger.
Unn Merete Lie Jæger forklarer at reglane er enkle: Viss dottera ikkje klarer det ho blir utfordra på, blir det is på mor. Viss ho derimot klarer det, er det mor som må kjøpe is til dottera.
Utfordringane går ikkje berre på konkurransar dei to imellom. I nokre øvingar blir Amalie Iuels rekordar – reelle, eller som oftast kanskje imaginære – brukt som målestokk.
– Så set ho opp ein plakat, «her er liksom Amalie sin rekord», fortel 21-åringen frå Aremark.
Jobben hennar er da å kaste lenger enn det Iuel kanskje kan ha gjort, viss øvinga er ei eller anna form for kast.
Sykla med plakat av rivalen på ryggen
Henriette Jæger fortel også om ein idé mora fekk etter at ho blei slått av britiske Yemi Mary John i 400-meterfinalen under U23-EM i fjor.
– Ho tok ein plakat med bilde av henne, og teipa opp på ryggen. Så når eg sprang bakkeløp, sykla ho framfor og eg sprang etter. Så skulle eg alltid ta henne igjen. Og alltid halde ryggen hennar.
Dessverre finst det ikkje bilde av det høgst interessante påfunnet.
Jæger legg ikkje skjul på at ho av og til ristar på hovudet av mora.
– Eg blir jo litt sur og berre sånn: «Herregud, kvifor skal vi gjere dette?»
At ho likevel gjer det mora foreslår, har ei forklaring: Det får henne til å yte det vesle ekstra.
– Det minner meg på at eg har tapt mot henne i U23-EM i fjor og at eg skal slå henne, seier Jæger.
– Det hjelper
Unn Merete Lie Jæger ler også når ho snakkar om metodane sine.
– Det hjelper henne til å pushe ekstra. Ein må ha litt sånne kreative idear, seier ho.
For ordens skyld:
- Yemi Mary John gjekk ut av 2023-sesongen med ein personleg rekord på 51,04. I år har ho sprunge på 51,23.
- Henriette Jæger gjekk ut av 2023-sesongen med ein personleg rekord på 51,03. I år har ho sprunge på 49,85.
Yemi Mary John-plakaten er utgått på dato. Større namn må hentast fram til hausten.
– Skikkeleg sur
Absolutt alle former for konkurranse triggar Henriette Jæger. På formiddagstreninga før intervjuet blei ho utfordra av Amalie Iuel til duell om kven som kunne stå lengst på hendene.
– Står ho framleis? sa Jæger etter fem sekund.
Ti sekund seinare måtte ho sjølv sette beina i parketten, mens Iuel framleis stod på hendene.
– Nå blei eg skikkeleg sur for at eg tapte mot Amalie, innrømte ho nokre minutt etterpå.
I intervjuet eit par timar seinare sit det framleis i.
– Å tape mot Amalie, det var oppriktig surt. Så eg skal overtale ho til å ta ein omkamp, seier Jæger.
– Kvifor er det så fælt å tape?
– Å tapet betyr jo at ein er dårlegast, da. Det spørst litt kven ein taper mot. Å tape mot Amalie, det er kanskje noko av det verste, for ho er ein veldig god vinnar, og også like dårleg tapar som meg. Jo dårlegare tapar ein er, jo gøyare er det å vinne.
– Betyr at det betyr noko
Amalie Iuel beskriv Jægers konkurranseinstinkt som «enormt».
– Og det er gøy, fordi eg kjenner meg veldig igjen i det. Det er eit feitt om det er OL-finale, eller om det er å kaste sokkar lengst i ein gymsal i Larvik. Det er full pupp uansett og ein vil vinne, seier Iuel, som også fekk ein siger over Jæger nettopp i sokkekasting denne dagen.
– Kva trur du det betyr for henne å tape dei duellane?
– Eg trur ho hatar å tape like mykje som eg liker å vinne. Og da er det jo ekstra gøy å konkurrere mot sånne menneske. I alle fall i litt ubetydelege ting som å kaste sokkar lengst eller stå på hender, der du kanskje kan gni det litt inn. Det er veldig gøy, seier Iuel.
Gøy for den som vinn. Mindre gøy for den som hatar å tape, men likevel gjer det.
– Å vere dårleg tapar er eigentleg ganske bra, for da betyr det at det betyr noko, og da vil ein gjerne skjerpe seg og bli betre, seier Henriette Jæger.
Med solide norske rekordar på 200-, 300- og 400-meter denne sesongen, er det ukontroversielt å fastslå at ho har blitt betre.
Publisert 22.07.2024, kl. 21.17