Videoen er delt på sosiale medium og er verifisert av nyheitsbyrået Reuters.
Den skadde palestinaren er Mujahed Azmi, som bur i Jenin. Hendinga skjedde under ein militæraksjon i byen på den okkuperte Vestbreidda laurdag.
Azmi sin familie seier det var ein aksjon for å arrestera folk og at han blei skadd han prøvde å springa frå israelske soldatar. Då dei bad om ein ambulanse, surra dei han på panseret og køyrde av garde, fortel familien.
– Femten minutt seinare kom det to jeepar. Dei kom inn her, bad oss om å snu oss rundt og ikkje sjå. Så plasserte dei han på panseret og tok han, seier eit 13 år gammalt familiemedlem som var augevitne ifølgje Reuters.
IDF: Vil granska hendinga
Den israelske hæren (IDF) seier at folka deira blei skotne på og at dei svara på dette. Vidare seier dei at ein person blei skadd og arrestert.
– Soldatane braut deretter med militær prosedyre. Dei tok med seg den mistenkte, surra fast oppå eit køyretøy, uttalar dei vidare.
IDF seier dei skal granska hendinga.
– Åtferda til soldatane på videoen frå hendinga er ikkje i tråd med verdiane til israelske militæret.
Den israelske hæren seier vidare at Azmi er blitt køyrd til sjukehus der han får behandling.
Videoen har skapt reaksjonar.
– Menneskeleg skjold
– Menneskelege skjold i praksis.
Det skriv Francesca Albanese som er FNs spesialoperatør for dei palestinske områda, på X. Ho reagerer kraftig på videoen.
– Det er skremmande å sjå korleis ein stad som blei fødd for 76 år sidan har klart å snu internasjonale lover på hovudet, skriv ho vidare om Israel.
Det er fleire reglar i krig for å beskytta sivile. Omgrepet menneskeleg skjold viser til når sivile blir brukt som menneskelege skjold for militære gjenstandar, noko som ikkje er lov.
Palestinske Raude halvmåne hevdar at dei israelske soldatane først nekta dei å gi førstehjelp til mannen.
– Så plassert dei den skadde mannen føre på ein militær jeep og arresterte han før dei seinare let mannskapa våre overføra han til eit sjukehus, skriv dei på X.
Situasjonen forverra
Situasjonen på Vestbreidda blir drastisk forverra, har FNs høgkommissær for menneskerettar Volker Türk åtvara.
Israel gjennomfører jamleg aksjonar mot mistenkte militære grupper, og det har blitt meldt om fleire valdelege angrep mot palestinarar frå jødiske busetjarar.
Sidan oktober har over 500 palestinarar blitt drepne av israelske styrkar eller av busetjarar. Over 100 av dei er born, ifølgje Türk.
Han er uroa over at fleire har blitt drepne i strid med folkeretten.
– Situasjonen på Vestbreidda, inkludert Aust-Jerusalem, blir drastisk forverra, sa Türk for nokre dagar sidan.
Publisert 23.06.2024, kl. 08.21