– Det israelske samfunnet bevegar seg meir og meir til høgre.
Det seier Naomi Shuster Eliassi, ein israelsk komikar og fredsaktivist.
Ho er svært kritisk til styresmaktene i Israel.
– Vi kan ikkje forvente at den same regjeringa som førte oss til 7. oktober, skal få oss ut av det.
Ho meiner den noverande regjeringa driv hemnangrep som øydelegg framtida til både israelarar og palestinarar.
– Forstår du dei som støttar krigen?
– Eg føler med dei fordi dei har aldri møtt ein palestinar.
37-åringen meiner at løysninga på konflikten er kvarandre.
– Våre skjebnar er samanvovne. Viss ikkje dei er trygge, er ikkje eg trygg. Viss eg ikkje er trygg, er ikkje dei trygge.
Ein oase av fred
Eliassi vaks opp i Neve Shalom, ein liten plass midt mellom Tel Aviv og Jerusalem.
Der har israelske statsborgarar med jødisk, kristen og muslimsk bakgrunn heilt frivillig valt å bu side om side.
– Foreldra mine flytta til Neve Shalom for ei ny framtid for oss.
Namnet betyr «oase av fred» på hebraisk og målet for dei som oppretta plassen var at resten av befolkninga skulle la seg inspirere.
Den vesle plassen husar i underkant av 400 menneske i dag og er den einaste av sitt slag i Israel.
Oppveksten hennar gjer at ho snakkar arabisk like godt som hebraisk.
Mora til Eliassi har røter frå ein jødisk-iransk familie, faren frå europeiske jødar som overlevde Holocaust. Begge flykta til Israel frå jødeforfølgingane.
Ho seier at foreldra har kjempa for fred og rettferd.
– Faren min nekta å delta i det israelske militæret, han nekta å tenestegjere i Libanon og dei okkuperte palestinske områda. Han sat i militærfengsel.
Fryktar for ytringsfridommen
Eliassi kom til søkelyset då ho fridde til den saudiarabiske kronprinsen Mohammed bin Salman på TV.
– Folk vart heilt galne, dei kunne ikkje forstå det.
Det føregjekk samtalar mellom Israel og Saudi-Arabia om å etablere diplomatiske samband, og dette var det ho ville framheve med ein ironisk undertone.
Eliassi seier det fyrst og fremst palestinarane dei må skape diplomatiske samband til.
Før ho byrja komikarkarrieren, jobba ho i FN for å motverke ekstremisme i Israel.
Humor har vore tilnærminga hennar til å takle den alvorlege situasjonen i heimlandet sitt og få sine landsmenn til å reflektere, fortel ho.
– Eg skjønte at min posisjon som ein jødisk-israelsk komikar som snakkar om politikk på arabisk, hebraisk og engelsk har innverknad, og kan nå ut til mange menneske.
Det meiner ho har gått fint. Heilt til no.
– Før krigen hadde eg inntrykk av at humor var uavgrensa. Eg trudde eg kunne seie alt. Eg har lært at sjølv ein jødisk israelar som trur ho har ytringsfridom ikkje alltid har det.
Ho fortel at ho opplever mykje hat og truslar frå mange landsmenn som skuldar ho for forræderi.
– Sjølv å vise sympati for sivile i Gaza kan føre til dødstruslar, fortel ho.
Det politiske klimaet i landet er heilt annleis etter 7. oktober, ifølgje ho har Israel aldri vore meir høgrevridd.
Likevel slår Eliassi fast at ho ikkje kjem til å slutte med politisk satire.
Misnøgd med Netanyahu
Eliassi er misfornøgd med handteringa til regjeringa av heimføringa av gislane.
På det standpunktet seier ho at mange landsmenn er samde med ho.
Det er når ho byrjar å heve stemma om rettferd for palestinarar i Israel, Gaza og dei okkuperte områda på Vestbreidda at ho mistar støtte, ifølgje ho.
– Vi må snakke om okkupasjonen, vi må snakke om palestinarane, vi må krevje ei betre løysing. Ein som erstattar dagens med ei meir moderat regjering.
Ifølgje Eliassi har ikkje dei siste 8 månadane med ein militærkrig ført til ein løysning.
– Det einaste som fekk mange levande gislar tilbake var forhandla våpenkviler, seier ho.
«Barn av Oslo»
Eliassi kom til Noreg for å tale på World Expression Forum. Der har ho snakka om det spissa forholdet mellom israelarar og palestinarar.
Ho synest det er spesielt stad å vere, og kallar seg sjølv «barn av Oslo».
– Eg vart rekna som eit barn av Oslo. Vi skulle vakse opp med verknaden av denne avtala. Vi hadde von, men Oslo mislukkast.
Osloavtala vart inngått i 1993 mellom leiaren for dei palestinske sjølvstyremyndigheitene Yasser Arafat og den dåverande israelske statsministeren Yitzhak Rabin, med Noreg som hovudmeklar.
Avtala hadde som mål å legge grunnlaget for ei løysning på varig fred i Midtausten.
Ho meiner det motsette av intensjonane for avtala skjedde.
– Vi vaks opp til å sjå busettingane utvide seg. Okkupasjonen vart djupare og djupare, busettarane blir meir høgrevridde. Det israelske samfunnet vert meir høgrevridd. Midt i dette prøver palestinarane desperat å finne ein måte å leve under militære reglar.
Eliassi meiner feilen ligg at mange israelarar og palestinarar følte at dei ikkje hadde eigarskap til avtala.
– Mange følte at det var eliten frå begge sider som møttest i all hemmelegheit i Oslo for å snakke over hovudet vårt om vår framtid. Det kjentest framandt for dei.
Ho er likevel glad for at Noreg er eitt av landa som har anerkjend Palestina som ein eigen stat.
– Kva er ditt von for framtida?
– Det finst inga framtid for israelarar viss det ikkje finst ei framtid for palestinarar. Full fridom, full likskap, full frigjering. Viss palestinarane ikkje får dei same privilegia, vil livet vårt fortsette å vere ulykkeleg.
Publisert 27.06.2024, kl. 16.22