Israel stadfestar åtak i Jemen

4 months ago 35


Havnebyen Hodeida i Jemen er treft av fleire åtak, ifølge den Houthi-kontrollerte TV-kanalen Al Masirah.

Ifølgje Reuters er mellom anna eit drivstoffanlegg treft, og bilde viser eit stort brennande område.

Åtaka kjem dagen etter eit droneåtak fra houthiene drepte en sivil person i Tel Aviv.

Houthiene hevdar Israel står bak åtak. Israel stadfestar dette laurdag kveld. IDF seier åtaka er eit svar på «hundrevis av åtak» mot Israel dei siste månadane.

Helsemyndigheitene i området melder at fleire er døde og skada, utan å oppgi tal.

Houthi-medlem Mohammed al-Bukhaiti melder på sosiale medium at «Israel kjem til å betale».

Israels forsvarsminister Minister Yoav
Gallant seier ifølge Reuters i en uttalele:

– Første gang houthiene skada ein israelsk borgar, slo vi tilbake. Og vi kjem til å gjere det der det er nødvendig.

Publisert 20.07.2024, kl. 19.05 Oppdatert 20.07.2024, kl. 19.09

Read Entire Article