Iselin frykta liv kunne gå tapt: No foreslår regjeringa milliardløft for fylkesvegane

1 month ago 16


Regn. Flaum. Skred. Ekstremvêr.

Ord innbyggjarane i store delar av landet etter kvart kjenner konsekvensane av.

I august i fjor vart Austlandet hardt råka av ekstremvêret «Hans».

Også i år har regnet skapt utfordringar mange stader.

Først i Telemark i sommar, før Innlandet fekk sitt i september.

Blant anna E6 ved Ringebu, og i Ringsaker og Gausdal.

Verst gjekk det kanskje ut over vegnettet.

No foreslår regjeringa ein økning på 11,4 prosent i budsjettet for fylkesvegar i 2025. Det er nesten ein halv milliard mer enn i år.

Store forskjeller

Neste års tilskot til norske fylkesvegar vil totalt liggje på 4,16 milliarder kroner, det meldar NTB.

Pengane vil hovudsakleg gå til vedlikehald, rassikring og tunnelutbetring.

50 millionar kroner av fylkesveg-pengane skal gå til ei ny tilskotsordning for 14 bruer som er kritiske for Forsvarets behov.

Regjeringas forslag følgjer opp Nasjonal transportplan for 2025–2026, som legg opp til ein auke på 1 milliard kroner i årleg gjennomsnitt i første seksårsperiode av planen.

Regjeringa erkjenner at det er auka forskjellar i standard mellom riksvegane og fylkesvegane, og at fylka har utfordringar med å halda ved like vegnettet sitt.

Også mellom fylka er forskjellane store.

I Innlandet fekk til saman 30 fylkesvegar større skader på 40 ulike stader i det kraftige regnvêret 9.-10. september.

Åtte av desse vegane er framleis stengde.

I tillegg blei ei rekkje kommunevegar skadde.

Regn Gausdal Øyer Ras 100924

Regnvêret natt til 10. september gjekk hardt ut over vegane i Innlandet. Dette biletet er frå Gausdal.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

Ropar varsku

Iselin Vistekleiven (Ap) har det politiske ansvaret for over 7000 kilometer fylkesvegar i Innlandet. Det er mest i landet.

Ho meiner vegsituasjonen i Innlandet er kritisk:

– Liv kan gå tapt når naudetatane ikkje kjem fram på vegane. No opplever vi at dette skjer to gonger på eitt år, og alt tyder på at det kan skje igjen, seier Vistekleiven.

Alt før ekstremvêret «Hans» i fjor, mangla det mellom 80 og 90 milliardar kroner for å ruste opp fylkesvegar over heile landet.

Iselin Vistekleiven og Arne Fredheim

Iselin Vistekleiven (Ap) er leiar for hovedutval for samferdsel i Innlandet fylkeskommune. Arne Fredheim er seksjonssjef for veg same stad.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Iselin Vistekleiven (Ap) er leiar for hovedutval for samferdsel i Innlandet fylkeskommune. Arne Fredheim er seksjonssjef for veg same stad.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Det fortel seksjonssjef Arne Fredheim i Innlandet Fylkeskommune.

Han har det faglege ansvaret for vegnettet i Innlandet.

– Berre i Innlandet er etterslepet på 7 til 8 milliardar, seier han.

I tillegg kosta «Hans» minst 400 millionar kroner.

– Vi manglar framleis rundt 70 millionar av desse, fortel Fredheim.

Og som ikkje det var nok ser rekninga etter det siste regnvêret i september ut til å bli på minst 50 millionar kroner.

Det gjer ikkje situasjonen noko betre, meiner Fredheim:

– Då endar vi opp med å springe etter med ein spade med asfalt og fylle i hol eller bytte stikkrenner, i staden for å jobbe med å førebyggje, seier han.

Gravemaskin

Ein gravemaskin jobbar på Storlisvegen i Ringsaker.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Ein gravemaskin jobbar på Storlisvegen i Ringsaker.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Regjeringa har tidlegare gitt pengar til å bygge opp igjen vegar og bruer som blei øydelagde av ekstremvêret «Hans», men berre etter lågaste sats.

Pengane dekkjer med andre ord ikkje ekstra tiltak for å førebyggje mot uvêr i framtida

Treng meir pengar for å førebyggje

Iselin Vistekleiven fortel at fylkeskommunen har tatt kontakt med samferdsledepartementet, og at dei har vore i møte tidlegare denne veka.

Tanken er at Staten må sterkare på bana dersom ein skal klare å ruste opp vegane til å tole meir nedbør og ekstremvêr.

– Vi bør bygge opp igjen dei øydelagde vegane og byrje å forebyggeslik at vegane betre kan tole denne typen vær, i staden for å reparere gong på gong på gong.

Til det trengst det meir pengar. For kassa til fylkeskommunen er tom.

Ho fortel at signala frå øvste hald er at dei blir tatt på alvor.

– Departementet skal no sjå på saka og så kjem dei tilbake med eit meir konkret svar.

Førebels har samferdselsdepartementet ikkje stadfesta dette ovanfor NRK.

Vegen er stengt

Storlisvegen i Ringsaker, som er ein del av fylkesveg 1684, er framleis stengt etter regnværet 10. september.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Storlisvegen i Ringsaker, som er ein del av fylkesveg 1684, er framleis stengt etter regnværet 10. september.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Må tole meir vatn

Arne Fredheim sparkar i grusen.

Spørsmålet han har fått er korleis vegstandarden er i Innlandet akkurat no.

– Den kunne vore langt betre, er det korte svaret.

Fredheim har tatt med seg Vistekleiven for å visef fram utbetringar ved fylkesveg 1684 utanfor Brumuddal i Ringsaker.

Deler av vegen vart tatt av regnvêret i september.

Her har stikkrennene no blitt dimensjonert opp slik at dei kan ta unna større vassmengder.

Iselin Vistekleiven og Arne Fredheim frå Innlandet fylkeskommune

Iselin Vistekleiven og Arne Fredheim diskuterer kva som skal til for å sikre vegane mot flaum i framtida.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Iselin Vistekleiven og Arne Fredheim diskuterer kva som skal til for å sikre vegane mot flaum i framtida.

Foto: Arne Sørenes / NRK

– Det er for å sikre oss for framtida, seier han.

– Dette er eit godt eksempel på korleis vi ynskjer å reparere for å førebyggje, seier Iselin Vistekleiven.

Men pengane strekk ikkje til dersom ein skal gjere dette alle stader, fortel Fredheim.

– I all hovudsak så manglar vi middel til å gjere dette. Både for å reparere, men også for å setje vegane i stand til tole nedbørsmengdene vi har sett dei siste åra. Dei må vi berre rekne med at vi får meir av, seier han.

Publisert 30.09.2024, kl. 07.39

Read Entire Article