Internt sveledokument frå Fjord1: Smør tynt på

5 months ago 33


SVOLTEN PÅ SVELE? Her er svela som fekk Fjord1 til å legge seg flate. Årsak: Tynt smørlag og ei einsleg osteskive. Foto: Irene Jacobsen

Ferjeselskapet Fjord1 sine sveler skal smørjast med eit tynt lag smør og ei skive brunost, går det fram av eit internt dokument.

  • Bilde av Frank Ertesvåg
onsdag 19. juni kl. 18:24

Kortversjonen

  • Fjord1 har fått kritikk for tynne lag med smør og lite brunost på sine sveler.
  • I eit dokument frå ferjeselskapet går det fram at tilsette ombord på ferjene berre føl instruksen om å smørje tynt med smør på svelene.
  • Fleire kundar har også uttrykt misnøye med for tynne lag med smørkrem på sveler utan brunost.
  • Smak og fylde på pålegget varierer, forsvarar cateringsjef Olav Strømstad i Fjord1 - seg med.

«Svele m/brunost: Soft flora smørjast tynt utover og 1 skive med fløytemysost,» heiter det i dokumentet som er godkjent av cateringleiar og dokumentadministrator Olav Strømstad i Fjord1.

Etter sterk kritikk frå svelekunde Irene Jacobsen om for tynt smørlag og berre ei skive brunost på svela hennar – i VG måndag, la Strømstad seg flat og uttala:

– Den skal ikkje vere slik som den svela denne kunden har kjøpt. Dei som smører svelene kan nytte skjøn til å finne ut kor mykje smør, smørkrem og ost dei legg på.

Spørsmålet er om ferjemannskapet som selde svela til Jacobsen på strekninga Mortavika-Arsvågen sist søndag, eigentleg berre følgde instruksen frå Fjord1 og Strømstad sjølv.

Faksimile av deler av sveledokumentet frå Fjord1.

– Det er rett at vi har ein resept eller ei oppskrift på korleis svelene skal lagast og monterast. Men det vil alltid vere ulike syn og smakar blant våre kundar på kva dei likar best. Dette blir laga for hand, så det kan bli litt variasjonar, forklarar cateringsjef Strømstad i Fjord1 no.

Det høyrer med til historia at Fjord1 fortel at deira oppskrift gir både Norges- og verdas beste sveler.

– Lite smørkrem gong på gong

I arbeidet med svelesaka har VG også fått inn fleire reaksjonar frå svelekundar på Fjord1 sine ferjer – som tyder på ei viss misnøye.

Ein røynd ferjereisande i Møre og Romsdal, sjølve opphavsfylket til MRF-svelene, tykkjer laget med smørkrem altfor ofte er for tynt på svelevarianten som ikkje er smurt med smør og brunost.

– Flott at de føl opp, veldig lei av å bli skuffa av lite fyll gong på gong! – skriv svele-elskar Levi Engeli Johansen frå Kristiansund til VG. Han kjøpte to sveler med smørkrem på ferjestrekninga Seivika -Tømmervåg på Nordmøre den 9. april i år.

Johansen har lagt ved foto av svelene og kvitteringa på at det som lokalt blir kalla «ferjebiff» er kjøpt og betalt med 88 kroner for dei to svelene.

SVELE MED SMØRKREM 1: Den eine av svelene som vart kjøpt på ferjestrekninga Seivika-Tømmervåg den 9. april. Foto: Privat

I det interne svele-dokumentet til Fjord1 er ordlyden tydeleg om korleis denne svelevarianten skal monterast og presenterast:

«Svele m/smørkrem: Smør jamnt utover, med eit tjukt lag smørkrem. Det skal vise igjennom at det er smørkrem.»

– Blir dette følgt opp, cateringsjef Strømstad i Fjord1?

– Mengda med smørkrem kan sjølvsagt variere litt, og folk sin smak er delt. Men av dei 500.000 svelene vi sel i løpet av eit år, så får vi stort sett tilbakemelding om at kundane er svært nøgde med produkta vi tilbyr, svarar Strømstad.

Les også: Misnøye på ferja: Svele med altfor lite smør og brunost

– Ein kunde på ferja Seivika-Tømmervåg har teke foto av svele med eit tynt lag smørkrem. Han meiner dette slett ikkje er første gongen. Kva seier du?

– Som sagt vil det alltid vere meiningar om kor tjukt smørlaget skal vere. Men dei aller fleste er veldig nøgde med svelene våre. Vi jobbar knallhardt for at produkta våre skal vere best mogeleg, og det er dei stort sett. Det vil vere trist dersom det festar seg eit inntrykk av at vi tilbyr eit dårleg sveleprodukt. For det er rett og slett ikkje rett, svarar Olav Strømstad i Fjord1.

SVELE MED SMØRKREM 2: Den andre av svelene som vart kjøpt 9. april på Nordmøre – hadde noko meir smørkrem på overflata. Foto: Privat

Han avrundar samtalen med at ferjeselskapet alltid set pris på tilbakemeldingar frå kundane- og at det er engasjement rundt svelene deira.

Hva tenker du?Kva synest du om mengda pålegg eller fyll på sveler, vaflar eller lappar som blir selde langs vegar og på ferje- og båtsamband?aDet er støtt for lite smør, syltetøy og anna fyll.bDet er som regel akkurat passeleg.cDet er ofte for mykje. Smør- og syltetøymengda kan bli for stor, og ikkje er det spesielt sunt heller.
Read Entire Article