I mange land kan studentar få ekstra støtte eller stipend utover den summen Lånekassen tilbyr alle studentar frå Noreg.
Norske studentar som studerer i mange av Europas land får Erasmus+-stipendet.
I Panorama-landa får studentar nå opptil 42.000 kroner i året.
Panorama-landa består av Brasil, Sør-Korea, Japan, Kina, Sør-Afrika og India.
Ingunn Norstad tar ei bachelorgrad i riding og rideinstruksjon ved Hólar University på Island. Her får ho ikkje noko støtte utover det Lånekassen gir alle utanlandsstudentar.
Studiet hennar er ikkje tilgjengeleg nokon andre stader.
– Min økonomiske situasjon er elendig. Det er urettferdig at nokon får ekstra støtte berre fordi dei vel eit spesifikt land, seier ho.
Ho har studert på Island i tre og eit halvt år. Studiestøtta hennar er på rundt 450.000 kroner for heile denne perioden.
- Færre gjer som Ingunn og tar grada si i utlandet. Kostnader blir peika på som grunn.
Studentorganisasjonen: – Støtta må aukast
Oline Sæther er leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO).
Ho meiner det skal vere mogleg å studere i utlandet utan eigenfinansiering.
– Derfor er det viktig at studiestøtta blir auka til 1,5 gonger grunnbeløpet og at det finst støtteordningar dersom utdanningsinstitusjonen i utlandet krev skolepengar. Det ville løyst mykje, seier ho.
NSO er kritiske til at regjeringa har innført betre støtteordningar for studentar som reiser til spesifikke land.
– Det er studentane og ikkje regjeringa som skal styre kva land vi har høve til å studere i, seier leiaren i organisasjonen.
- Studentar som reiser til Noreg på utveksling, slit òg. Dei kan risikere å bli kasta ut av landet.
ANSA: – Økonomien er av stor bekymring
ANSA er samskipnaden for norske utanlandsstudentar. Tilbakemeldingane dei får frå medlemmene er at det er vanskeleg å få ting til å gå rundt økonomisk.
– Nokon ser seg nøydd til å bruke opp sparepengane. Andre må låne pengar frå foreldra sine for å få det til å gå rundt, seier president Anna Handal Hellesnes.
Ho trekker fram at medlemmene synest det er utfordrande å fokusere på studium når økonomien blir ei såpass stor bekymring.
Bekymringa gjeld også gjeldsbyrda etter enda utdanning.
– Norske utanlandsstudentar har nå i snitt over 700.000 kroner i gjeld etter enda utdanning og sit dermed igjen med ei stor økonomisk byrde etter studiane, seier Hellesnes.
Ikkje råd til meir mat
Student Norstad fortel at ho heng etter på rekningar og at ho håpar maten i skapet held til ho er ferdig som student.
Ho seier ho ikkje har råd til å kjøpe meir og har ingen betre alternativ enn å mase om pengar heimanfrå.
– Familien har heller ikkje uavgrensa med midlar, og det kjennest urettferdig å måtte mase. Dei strekker seg langt for at eg skal kunne følge draumen i utlandet, seier ho.
Ho meiner studiestøtta må aukast.
– Vi studerer alt mellom himmel og jord for å kunne komme tilbake smartare og bidra til samfunnet. Men for å komme dit er vi nøydde til å botnskrape sparekontoen og ete smular frå golvet. Korleis i all verda skal det motivere folk til å studere, spør Norstad.
Ho har betalt omtrent 56.000 kroner for hesteutstyr og pensum. I tillegg må ho betale minst 122.000 kroner for to stallplassar til dei to hestane det krevst at ho har.
– Ein god hest kostar rundt 150.000 kroner. Eg har vore heldig og har fått låne hestar, seier ho.
Og det hjelper heller ikkje at krona vår er svak. Dette gjer det dyrare å studere i utlandet.
Kunnskapsdepartementet: – Gunstige ordningar
Ivar Prestbakmo (Sp) er statssekretær i Kunnskapsdepartementet. Han seier det er uaktuelt å gi andre land den støtta som er gitt til Panorama-landa.
– Dette er eit tiltak for å motivere fleire norske studentar til å ta delar av utdanning sin i akkurat desse landa. Landa som er valde, står for ein høg og viktig del av den samla kunnskapsproduksjonen i verda, seier han.
Prestbakmo seier Noreg skil seg positivt ut samanlikna med mange andre land når det gjeld støtte for utanlandsstudentar.
– Det er veldig gunstige ordningar for dei som vil studere i utlandet. Studentar får støtte nettopp for å mogleggjere utdanning i utlandet.
- Studentar som vel dette studiet, kan få 120.000 kroner rett i lomma. Det er nemleg svært ettertrakta.
Har du forslag til kva regjeringa kan gjere for at studentar skal ha det greitt økonomisk i utlandet? Bruk kommentarfeltet under:
Hei, du!
Har du nokon tankar du sit inne med etter å ha lese denne saka?
Eller kanskje du har tips til noko anna eg kan skriva om?
Ta gjerne kontakt! 👇
Publisert 06.06.2024, kl. 21.20