Industribygda skal lage «den reinaste aluminiumen i verda»

4 months ago 32


Sidan 1917 har røyken stige frå metallverket i Høyanger.

Å produsere aluminium er ekstremt energikrevjande, og utsleppa har vore i same skala.

Hundre etter begynninga er det teikn til aluminiumproduksjonen kan slå inn på ein grønare veg.

Fredag markerte Klima- og miljøminister ​​Andreas Bjelland Eriksen (Ap) startskotet for ei ny pilotordning der fabrikken byter ut gass i oppvarminga, og erstattar henne med grønt hydrogen.

I kofferten hadde han med seg 83,3 millionar statlege kroner for å bidra til å realisere planane.

Pengane kjem på toppen av andre kompensasjonsordningar og 368 millionar kroner som Hydro sjølv investerer.

Piloten går over tre år og er den første i verda i sitt slag.

Med denne piloten tar vi enda eit steg på vegen mot aluminium utan CO2-utslepp, seier Hanne Simensen, konserndirektør for Hydro Aluminium Metal.

Staten spanderer både pengar og kraft når Hydro skal prøve å lage «den reinaste aluminiumen i verda».

Hydro testar hydrogen-prosjekt til 450 millionar i Høyanger. Om førsøket lykkast, har teknologien globalt potensial.

Foto: NRK

Dette er ein stor dag

På fabrikken i Høyanger viser Rune Vevle fram maskina som blir bygd om for å gå på den nye drivstofftypen.

Dette er ein stor dag og vi skal lage den reinaste aluminiumen i verda, seier han.

NRK har tidlegare skrive om europeiske bilprodusentar som har fått auga opp for norsk, resirkulerte aluminium.

Hydro

– Dette er ein stor dag, seier Rune Vevle i Høyanger.

Foto: Ole Kristian Svalheim

Klimaminister Eriksen markerte dagen med kake og sette piloten inn ei større forteljing om nullutslepp og det grøne skiftet i aluminiumsindustrien.

Tidlegare i sommar åtvara regjeringa om at det offisielle målet om 34 TWh meir kraft innan 2030 ikkje var innan rekkevidd.

– Eg trur ikkje vi klarar å auke kraftproduksjonen så mykje. Vi må vere realitetsorienterte, sa energiminister Terje Aasland frå Stortingets talarstol.

Hydro-kake

Hydro og Klima- og miljøminister ​​Andreas Bjelland Eriksen feira piloten med kake fredag formiddag.

Foto: Kristian Skårdalsmo

– Utan klimautfordringa, så trong vi ikkje hydrogen

Han stod likevel inne for energibruken som går med til å framstille grønt hydrogen.

Ei konvertering som ifølge den tidlegare regjeringskollegaen hans Ola Borten Moe er like fornuftig som å «kaste kraft rett i dass».

I ein kronikk i Trønderdebatt samanlikna han tenkemåten bak det grøne skiftet med «tiårsplanane til Moskva i tida etter den russiske revolusjonen».

Han tar feil, kvitterte statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

Han fortsette:

– Utan klimautfordringa, så trong vi kanskje ikkje å gå ned vegen med å utforske hydrogen. Det er mange spørsmål som står att, men vi har ei klimautfordring.

Petter Sortland

– Nær null utslepp av CO₂ vil vere ein milepæl for Hydro, og nær ein verdssensasjon i bransjen, seier Høyanger-ordførar Petter Sortland.

Foto: privat

Dette er ein god dag for Høyanger – og for verda!

7. juni viste nye tal frå SSB at klimagassutsleppa totalt gjekk ned med 4,7 prosent i 2023.

Utsleppa frå metallurgisk industri blei reduserte med 10 prosent.

«Ikkje la deg lure», kvitterte Bellona, og meinte at tala laug sidan aktiviteten i industrien har vore på eit «kunstig» lågt nivå.

Dels på grunn av pandemien, og dels på grunn av høge straumprisar.

Eit gammalt ordtak seier at «Når Hydro hostar, harkar Høyanger».

Som eit gammalt ektepar har dei to «smelta saman» og er forbundet i ein livslang skjebnefellesskap.

Det som er godt nytt for Hydro, er godt nytt for kommunen, som i fjor vert sett under administrasjon på grunn av pengetrøbbel.

Høyanger-ordførar Petter Sortland seier til NRK at han er «stolt og glad for at Hydro igjen valde Høyanger og deira anlegg her til å teste ut grøn hydrogen».

Nær null utslepp av CO₂ vil vere ein milepæl for Hydro, og nær ein verdssensasjon i bransjen. Dette er ein god dag for Høyanger – og for verda!

Publisert 28.06.2024, kl. 11.32

Read Entire Article