I dag startar jødane feiringa – utanfor synagogane står væpna politi

2 hours ago 6


Over heile verda feirar jødar forsoningsdagen jom kippur.

Utanfor dei to synagogane i Noreg står væpna politi.

– Vi har fått ein ungdomsgenerasjon som ikkje hugsar anna enn at det er politi til stade på aktivitetar og arrangement, seier leiar i Det jødiske samfunn i Trondheim, John Arne Moen.

Tysdag heva PST trusselnivået i Noreg til høgt.

Det er først og fremst trusselen mot jødiske og israelske mål som er ytterlegare skjerpa.

trussel-jøder-oslo

Fredag kveld byrjar jom kippur-feiringa i synagogen i Oslo.

Foto: Tommy Iversen / NRK

– Mange føler seg utsett

– Det er klart det aukar nervøsiteten hos nokon av oss, fortel John Arne Moen.

– Vi er berre omlag 1500 jødar i Noreg. Ein har ikkje nokon kritisk masse å skjule seg i, så mange føler seg nok utsette.

Han fortel dei dagleg har dialog med politiet og PST. På trussamfunnet sine arrangement og aktivitetar er det tungt politioppbod.

– Det er stort sett det vi kan gjere og det er det einaste myndigheita kan gjere. Sånn sett føler vi situasjonen er under kontroll.

Moen seier det jødiske miljøet har levd med truslar i mange år.

– Det bølgar fram og tilbake i intensitet, men eg trur vi kan seie at dei siste 20-25 åra har det vore relativt konstant at ein er klar over at ein er utsett.

– Det blir ei sjølvfølge etter kvart at det er sånn, men vi skulle sjølvsagt ønske at det ikkje er sånn.

trussel-jøder-oslo

PST seier det er indikasjonar på at angrepa mot dei israelske ambassadane i Stockholm og København kan ha tilknyting til Iran. Biletet viser ambassaden i Oslo.

Foto: Tommy Iversen / NRK

Førebyggande tiltak

Vi sett i verk førebyggande tiltak for å sikre trygg og sikker gjennomføring av arrangement.

Det seier Øyvind Lorentzen i politiet i Trondheim.

Han fortel at politiet vil vere til stade utanfor synagogen. I tillegg seier han dei gjer andre tiltak dei meiner er naudsynt.

Det har ikkje kome konkrete truslar mot synagogen.

Lorentzen fortel det er sikkerheitsvurderinga PST kom med på tysdag som er bakgrunnen for tiltaka.

Vi ser alvorleg på trusselsituasjonen vi har no og følger nøye med på situasjonen for å gjere naudsynte tiltak.

Han seier politiet gjer dei tiltaka dei kan med den kunnskapen dei har på noverande tidspunkt.

Det skal vere trygt å feire jom kippur i synagogen.

Politiet utenfor synagogen

Politiet er til stade utanfor synagogen i Trondheim.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

– Ein moglegheit til å kome saman

Michael Kohn er rabbinar i Det Mosaiske Trussamfunn i Oslo. Han fortel at jom kippur er ein viktig dag i den jødiske kalenderen.

Jom kippur er forsoningsdagen. Med den endar ein lengre periode der ein har fokus på sjølvransaking.

Michael Kohn

Michael Kohn fortel at jom kippur-feiringa har fokus på forsoning mellom både menneske og mellom menneske og gud.

Foto: Frode Fjerdingstad / NRK

Han legg til at dei kjenslene trusselsituasjonen skaper vil bli eit tema under feiringa.

Det kjennest som ei moglegheit til å kome saman og dele usikkerheit, bekymring, nysgjerrigheit og litt frykt med kvarandre.

Han trur jom kippur-feiringa er viktig slik situasjonen er.

Det er viktig at vi som fellesskap klarer å sette ord på nokon av kjenslene.

– Slik kan bekymringane bli mindre ved at ein snakkar om dei med andre.

L1030999

I synagogen i Oslo byrjar feiringa med kveldsgudsteneste fredag kveld. Feiringa varer til solnedgang laurdag.

Foto: Frode Fjerdingstad / NRK

Sjølv om truslane kan skape bekymring trur ikkje rabbinaren nokon avstår frå å feire i synagogen.

– Eg trur våre medlemmer har stor tiltru til både politiet og dei som varetar sikkerheita vår.

Terrorhandlingar i Sverige og Danmark

– Fleire forhold har påverka denne endringa og forsterka terrortrusselen, sa spesialrådgivar Siv Sørensen i PST da dei heva trusselnivået tysdag.

Ho peikte mellom anna på eskaleringa av krigen i Midtausten. Dei siste åra har angrepsaktiviteten frå ekstreme islamistar auka i Europa, fortalde ho.

– I kjølvatnet av Israel si krigføring har vi sett ei sterk radikalisering av ekstreme islamistar og det bidrar til å forklare auken i angrepsfrekvensen.

Sørensen viste også til angrep mot israelske mål i Sverige og Danmark førre veke.

Tysdag 1. oktober blei det skote ved den israelske ambassaden i Stockholm. Natt til 2. oktober eksploderte det ved den israelske ambassaden i København.

Publisert 11.10.2024, kl. 11.33 Oppdatert 11.10.2024, kl. 11.39

Read Entire Article