I dag blir skulesaka avgjort

1 month ago 10


Debatten om skulenedleggingar i Innlandet har rast den siste tida. I dag skal det avgjerast.

Dei 57 representantane i fylkestinget i Innlandet skal bestemme korleis den nye skule- og tilbodsstrukturen skal sjå ut i fylket.

Møtet startar klokka 09 og skulesaka skal etter planen diskuterast fyrst. Det er sett av fire timar til behandlinga.

Fleirtalet, som består av Arbeidarpartiet, Høgre og Miljøpartiet de Grønne, vil høgst sannsynleg kome til å vedta å leggje ned to vidaregåande skular og fire skulestader.

Desse er Skarnes og Dokka vidaregåande skular, samt skulestadene Sønsterud og Flisa i Solør, og Dombås og Lom i Nord-Gudbrandsdalen.

Strid om tal

Både fylkesadministrasjonen og fleire politikarar viser til fallande elevtal i åra framover som bakgrunn for å leggje ned skulane.

Desse tala bestrides i fleire høyringsinnspel, til dømes av aksjonsgruppa Tverrfaglig arbeidsgruppe for framtidsskolen i Innlandet (TAFI). Dei meiner også at saksutgreiinga ikkje er god nok.

– Saksgrunnlaget har knapt nokre vurderingar av kva som er barn sitt beste i skulestruktursaka. Avsnittet som er viet til å belyse dette, seier berre kva som er kvar enkelt skule sitt ansvar etter opplæringsloven. Det er for tynt, seier Hanna Gjeilo Skjåkødegård frå TAFI.

Kompetanse- og tannhelsesjef i Innlandet fylkeskommune, Aasa Gjestvang, gjorde rede for dette i fylkestinget tysdag ettermiddag.

Gjestvang og administrasjonen konkluderer med at det beste for elevane i Innlandet som heilskap er å tilpasse skulestrukturen meir i tråd med faktisk elevgrunnlag.

Fylkesordførar Thomas Breen har tidlegare uttalt at tala som blir lagt fram er gode nok.

Vi forklarer skolesaken i Innlandet

Enormt engasjement

Skulesaka har skapt eit enormt engasjement og tysdag møtte over tusen elevar opp på Hamar for å kjempe for skulane sine.

Fylkesordførar Thomas Breen (Ap), fylkesvaraordførar Hanne Velure (H) og gruppeleiar for MDG i fylket Johannes Wahl Gran møtte elevane utanfor fylkeshuset.

– Grunnen til at vi er der vi er, er at vi i 50 år i Innlandet ikkje har hatt fødselsoverskot. Det er slik at vi i lang tid har mista elevar ut av våre skular, og vi ser at slik vil det fortsette. Det gjeld uavhengig av statistikkdebatten, seier Breen.

Fylkesordfører Thomas Breen møtte elevene.

Thomas Breen, Hanne Velure og Johannes Gran tok imot over 7.000 underskrifter tysdag.

Foto: Reidar Gregersen / NRK

Kan gå mot politisk thriller

Det kan gå likevel gå mot ein politisk thriller i fylkestinget i dag sidan fleirtalet er knappast mogleg.

Det trengst berre to utbrytarar for å bikke fleirtalet over til motsett side.

Opposisjonen med Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti, Raudt, Venstre, Industri- og næringspartiet, samt Pensjonistpartiet vil utsette heile skulesaka, medan Framstegspartiet med sine fem representantar vil innføre fritt skuleval der pengane følgjer elevane.

– Vårt utgangspunkt er at vi stemmer berre for vårt eige forslag, og mot dei andre forslaga som er presentert hittil, seier Truls Gihlemoen, gruppeleiar for Innlandet Fremskrittsparti.

Tysdag kveld var NRK Innlandet i kontakt med alle dei tre gruppeleiarane som sitt med makta i fylkestinget.

Thomas Breen, fylkesordførar frå Arbeidarpartiet, Hanne Velure, varafylkesordførar frå Høgre, og Johannes Wahl Green frå Miljøpartiet de Grønne er alle sikre på at dei 30 representantane deira står fast på å seie ja til innstillinga om å legge ned skulane.

– Vi har eit aktivt og levande partidemokrati i Arbeidarpartiet. Dei blir styrt av vedtekter som landsmøte har bestemt. Der er det slik at fleirtalet bestemmer, seier Breen.

  • Møtte opp for å demonstrere

    Anslagsvis over tusen elever møtte opp for å protestere.

    Foto: Frode Meskau / NRK
  • Helsesista holdt apell

    Tale Maria Krohn Engvik, kjent som Helsesista, holdt apell fra scenen.

    Foto: Frode Meskau / NRK
  • Fylkesordfører Thomas Breen møtte elevene.

    Fylkesordfører Thomas Breen, fylkesvaraordfører Hanne Velure og gruppeleder for MDG i fylket Johannes Wahl Gran møtte elevene utenfor fylkeshuset.

    Foto: Reidar Gregersen / NRK
  • Matoma stod sammen med elevene.

    Artisten Matoma stod side om side med elevene.

    Foto: Reidar Gregersen / NRK
  • Elever fra hele Innlandet møtte opp foran fylkeshuset på Hamar.

    Elever fra hele Innlandet møtte opp foran fylkeshuset på Hamar.

    Foto: Frode Meskau / NRK

Publisert 23.10.2024, kl. 07.43

Read Entire Article