Mennesker drept siden 7. oktober 2023
Sist oppdatert: 17.9.24
Kilder: Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza / FNs kontor for koordinering av humanitær innsats (OCHA) / Israelske myndigheter
Forbehold: Tall fra Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza skiller ikke mellom sivile og stridende, og kan periodevis være forsinket. Tallene fra israelske myndigheter viser at rundt 1200 sivile og soldater ble drept i forbindelse med Hamas-angrepet på Israel 7. oktober 2023. 342 israelske soldater har blitt drept siden 27. oktober 2023. Ingen av tallene er bekreftet av uavhengige kilder. De palestinske tallene oppdateres daglig. Tall fra Israel oppdateres minst to ganger i uken.
Då krigen i Gaza braut ut i fjor, hadde palestinarane som budde der tilgang på omtrent to måltid i døgnet.
No et dei i gjennomsnittet eitt måltid annankvar dag, viser tal samla av 15 hjelpeorganisasjonar med operasjonar i Gaza.
Ei sentral årsak til dette er ein dramatisk nedgang i matleveransar, heiter det vidare i pressemeldinga frå blant andre Kirkens Nødhjelp og Flyktninghjelpen.
Organisasjonane reknar seg ram til at 83 prosent av matleveransane som skal til Gaza no ikkje får kome inn, samanlikna med berre 34 prosent i 2023.
– Det er mangel på alle humanitære forsyningar. Vi er overvelda av behovet, seier leiaren for det palestinske hjelpeorganisasjons-nettverket (PNGO), Amjad Al Shawa.
– 100 prosent av folket er avhengige av humanitær hjelp. (...) Det er den verste situasjonen vi har vore vitne til under (...) den israelske krigen i Gaza.
2.2 millionar i livsfare
Innan slutten av året, meiner organisasjonane at 50.000 barn mellom 6 månader og 5 år kjem til å trenge behandling for underernæring.
Samtidig er færre enn halvparten av Gaza sine sjukehus operasjonelle, og kritisk infrastruktur som vassnettverk og sanitæranlegg har blitt jamne med jorda.
– Naudhjelp, som det hastar å få ut til 2.2 millionar menneske som er i livsfare dei neste vekene og månadene, burde aldri reknast som politikk, seier landsdirektør i CARE for Vestbreidda og Gaza, Jolien Veldwijik.
– Vi krev ei umiddelbar og varig våpenkvile, og fri flyt av humanitær hjelp inn i og gjennom heile Gaza.
Organisasjonane krev at verdssamfunnet legg press på Israel for å stoppe dette, innfører eit våpenembargo og sluttar å selje våpen som kan bli brukte til å bryte folkeretten.
I tillegg krev dei at Israel følger både råd og krav frå Den internasjonale straffedomstolen (ICC) og Den internasjonale domstolen (ICJ), og stoppar krigføringa si i Gaza.
Nye våpenkvilesamtalar tysdag
USA sin utanriksminister Antony Blinken reiser tysdag til Egypt for å diskutere ei våpenkvile på Gazastripa, opplyser amerikanske styresmakter.
Besøket, som varar fram til torsdag, omfattar ikkje eit møte med den israelske statsministeren Benjamin Netanyahu.
I motsetnad til dei tidlegare turane reiser Blinken utan håp for noko gjennombrot, skriv nyheitsbyrået AP.
Israel presenterte natt til tysdag eit nytt krigsmål i Gaza: at israelarar som har blitt evakuerte på grunn av angrep frå Hizbollah i nord, skal få returnere til heimane sine.
Hizbollah-leiarar har tidlegare sagt at dei ville avslutte sine angrep dersom ei våpenkvile blei innført i Gaza.
Men Israel seier no at det heller ikkje kan la Hizbollah-krigarar bli verande i grenseområdet sør i Libanon.
Hamas-leiaren Yahya Sinwar sa måndag at gruppa var førebudde ein på «ein lang slitasjekrig» mot Israel, og sa at Gaza, Irak, Libanon og Jemen ville «knekke Israel si politiske vilje».
Er du interessert i meir frå NRK sin Utanriksredaksjon? Høyr den siste podkasten vår:
Publisert 17.09.2024, kl. 07.53 Oppdatert 17.09.2024, kl. 08.00