Her skåra EM-profilen fire mål – så forsvann han «plutseleg»

5 months ago 74


36 år gamle Josip Iličić er ein del av Slovenias EM-tropp. Det hadde dei færraste trudd for eitt år sidan.

– Han var absolutt ein av dei beste spelarane i Europa. Spesielt i 2019/2020. Den sesongen var heilt utruleg. Det har vore eit brått fall etter det, forklarer NRKs fotballskribent Thore Haugstad.

Iličić spesielle historie starta i mars 2020. Koronaviruset hadde for alvor gjort sitt inntog i Europa og verst av alt, i Bergamo.

På dette tidspunktet var angrepsspelaren på toppen av karrieren. Han hadde nettopp skåra fire mål for Atalanta i Meisterligaens åttandedelsfinale borte mot Valencia.

– På den tida synest eg han sannsynlegvis var blant kandidatane til å vinne Gullballen. Han var definitivt blant dei beste i Europa.

Det har Atalantas hovudtrenar Gian Piero Gasperini uttalt til Serie As offisielle YouTube-kanal.

Champions League - Round of 16 Second Leg - Valencia v Atalanta

SKÅRA FIRE: Josip Iličić herja for Atalanta mot Valencia i 2020. Kort tid etterpå endra livet seg for slovenaren.

Foto: HANDOUT / Reuters

– Eg vil alltid hugse Valencia-kampen. Både dei negative og dei positive sidene. Spesielt sidan det var på ein spesiell augeblink. Vi veit alle kva som skjedde etterpå, har Iličić sjølv sagt til Atalantas YouTube-kanal.

Etter heimkomsten frå Valencia måtte spelarane og trenarane til klubben isolerast frå venner og familie i tre veker, for å følge smittevernreglane. Dei budde i separate rom på treningsfeltet og åt kvar for seg.

I denne perioden fekk Iličić sjølv korona og isolerte seg totalt frå resten av laget, ifølge Gasperini.

– Han kunne ikkje fordra å ikkje vere heime, langt unna familien sin. Det var der den vanskelege perioden stamma frå, sa Gasperini.

Gasperini

STØTTESPELAR: Atalantas hovudtrenar Gian Piero Gasperinis støtta Josip Iličić i den tøffe perioden.

Foto: AFP

– Gjekk ned mange kilo

Iličić skal ha sett lastebilane til hæren frakte lika ut av byen, høyrt den konstante lyden av ambulansar og følgt med på dei stadig aukande dødstala i Bergamo.

Det skal ifølge avisa Koha Dit ha vekt gamle minne frå tida da han, mora og broren forlét krigsherja Bosnia til fordel for Slovenia, da Iličić var eit lite barn.

Han blei deprimert og var veldig nære å legge fotballskoa på hylla.

Depresjonen varte og rakk. Iličić gjekk ned eit tosifra tal kilo, og da Meisterligaen starta opp igjen i august, var han ikkje med mot Paris Saint-Germain.

Han fekk heller løyve av klubben til å reise heim til Slovenia. Der fekk han behandling.

– Vi drog til Lisboa for å møte PSG. Eg besøkte han på klinikken veka før, og han hadde gått ned 10–12 kilo. Det var sjokkerande. Eg løfta han opp som ei utstillingsdokke og sa «kom igjen Josip. Bli med oss ..., sa Gasperini til Serie A og tok til tårene.

Behandlinga hjelpte Iličić, og han tok fatt på fotballkarrieren igjen.

Han spelte for Atalanta store delar av 2021, men fotballgleda var kortvarig. Eitt år seinare kom depresjonen for alvor tilbake.

– Ei trist historie

Nesten heile 2022 sleit han såpass med depresjon at han knapt spelte ein fotballkamp.

Han enda opp med forlate Atalanta ved gjensidig einigheit sommaren 2022. Da hadde han spelt fem år i klubben og rokke å bli ein favoritt blant fansen.

Italy Soccer Serie A

BLEI TAKKA AV: Her blir Iličić hylla av Atalanta-fansen i 2022.

Foto: Spada / AP

– Dei mentale problema har komme i ei tid der ein mistar litt av eksplosiviteten og uthaldet uansett. Så kanskje har dei to tinga gått litt hand i hand. Det er ei litt trist historie, seier Haugstad.

– Må sjå heile mennesket

Tom Henning Øvrebø, tidlegare toppdommar og nåverande psykologspesialist, fortel at det er gjort noko forsking på feltet fotballspelarar og depresjonar dei siste åra.

– Mange kan ha psykiske plager, utan å ha psykiske lidingar. Det er viktig å skilje mellom plager og lidingar, og det meste av forskinga innan toppidrett har retta seg mot psykiske plager, fortel Øvrebø til NRK.

Tom Henning Øvrebø

KLART RÅD: Tom Henning Øvrebø meiner det er viktig å oppsøke hjelp raskt viss ein får symptom på depresjon.

Foto: Per Kjærbye / NTB scanpix

Ifølge Øvrebø viser forsking frå 2015 at 38 prosent av fotballspelarar har symptom på angst og depresjon, men tala spriker veldig.

– Likevel veit vi at også fotballspelarar kan slite med depressive plager og depressive lidingar, seier han.

– Kva er ditt beste tips til idrettsutøvarar som har symptom på depresjon?

– Om det varer over tid, så kan det vere lurt å snakke med støtteapparat eller fagpersonar raskt. Om ein får tidleg hjelp tar det kortare tid å komme tilbake for fullt. Og sjølv om ein slit med lett til moderat depresjon, vil ein likevel ofte kunne spele mens ein er under behandling. Og klarer vi å sjå heile mennesket, og ikkje berre utøvaren, vil det ofte vere til stor hjelp, meiner Øvrebø.

Russia's Fedor Kudryashov, left, tries to block a shot from Slovenia's Josip Ilicic during the World Cup 2022 group H qualifying soccer match between Slovenia and Russia, at the Ljudski vrt stadium, in Maribor, Slovenia

LANDSLAGSPROFIL: Russiske Fedor Kudryashov (til venstre) i duell med Josip Iličić frå landskampen mellom Russland og Slovenia i oktober 2021. Nå er han tilbake i den lyseblå landslagsdrakta.

Foto: AP

Historia om Iličić viser at det er mogleg å komme sterkt tilbake frå djupe bølgedalar.

Ting var nemleg så ille at han var i ferd med å gi opp karrieren.

Men i oktober 2022 bestemte han seg for å gi det ein sjanse og signerte for ungdomsklubben sin, slovenske Maribor.

Dei hadde fortsett trua på han, og frå da av starta oppturen.

– Kunne gått mykje verre

Han skåra i debuten, men det var først i den siste halvdelen av sesongen han begynte å spele regelmessig. Og han leverte.

Med åtte mål og 11 målgivande pasningar blei han i april i år påskjønt med dei første landslagsminutta sine sidan november 2021.

– Det er gøy å sjå han tilbake i EM. Det kunne gått veldig mykje verre, påpeikar Haugstad.

Det er ei solskinshistorie sjølv om han har vore gjennom ei tung tid, meiner Øvrebø.

Han takka for tilliten på landslaget med å skåre etter berre fire minutt på banen. Det resulterte i eit nytt landslagsuttak to månader seinare, og til slutt ein plass i EM-troppen.

Han har ikkje fått speletid i meisterskapen i år foreløpig, men det kan endre seg i kampen mot England tysdag. Der treng Slovenia truleg poeng for å ta seg vidare i EM.

  • Kampen kan du sjå og følge på NRK TV og på Nrk.no frå klokka 21.00

Se høydepunktene her 03:47

Publisert 25.06.2024, kl. 14.12

Read Entire Article