Her jublar youtubaren for orkanen – hittil har fem mista livet

1 week ago 90


– Mr. America er tilbake! jublar Peyton før han tar på seg svømmebriller og finn fram flagget.

For tusenvis av andre i Florida og dei omkringliggande statane er orkanen «Helene» ingenting å juble for.

Hittil har minst fem menneske mista livet i ulukker som ein følgje av orkanen og mange hus og eigedomar har fått store skader.

A residential street is flooded as Hurricane Helene moves through Florida

Stille etter stormen. Enorme vassmassar dekker store område i søraustlege deler av USA.

Foto: @SiliconBassist/X / Reuters

Fleire drepne

Blant dei drepne er ei fire år gamal jente som omkom i ei bilulykke i byen Claremont.

Ekstrem nedbør gjorde forholda på vegen svært vanskelege. To andre barn har livstrugande skadar etter ulukka.

I Tampa, Florida, omkom ein person då bilen han høyrde blei treft av eit fallande skilt. I Alamo i Georgia blei to personar drepne av ein tornado.

I Charlotte, Nord-Carolina, blei ein vaksen person drepen då eit tre fall over huset vedkomande budde i.

Orkanen Helene

Mannskap frå sherriffkontoret i Lee County, Florida, kjempar mot vassmassane som følgde orkanen.

Foto: Lee County Sherris office / AP

Svært kraftig

Stormbølger på opptil seks meter slo innover kysten av Florida med vindar på opptil 155 km/t.

«Helene» er ein av dei kraftigaste stormane i Mexicogolfen på fleire tiår. Når stormen no slår inn over Georgia, er den redusert i styrke til ein tropisk storm.

Styresmaktene åtvarar mot at uvêret vil halde fram med store nedbørsmengder over Carolina-statane, Georgia og Tennessee.

Det er stor fare for jordskred og flaum, til dømes i fjellkjeda Appalachane.

Framleis er fleire millionar menneske utan straum og det er uvisst kor mange som er huslause etter «Helene» sine herjingar.

Youtubaren Mark Peyton har fått over 2000 likes på videoen der han poserer med det amerikanske flagget midt i orkanen.

Som ein av følgarane hans skriv i kommentarfeltet:

– Eg elskar kor rolege desse karane er når dei er eit skritt unna døden!

Mark Peyton

Youtubaren Matt Peyton tar seg ein god slurk energidrikk og viftar med flagget i folketomme gater.

Foto: Mark Peyton på Youtube

Publisert 27.09.2024, kl. 15.00 Oppdatert 27.09.2024, kl. 15.07

Read Entire Article