Her forbyr dei sal av alkohol på julaftan: – Synd

1 day ago 5


Om under tre månader er det jul. Da er det mange som tar seg eit glas – eller fleire.

Jula er ein topp for salet av alkohol. Og i dei aller fleste matbutikkane kan ein kjøpe dette på julaftan.

Men ikkje i Sunnfjord.

– Vi veit at mange barn og unge slit i jula fordi foreldre misbrukar alkohol. Det er 90.000 ungar i Noreg. Dette er eit signal om at vi ønsker å ta barn og unges parti, seier Magne Aardal (SV).

Han er leiar for Utvalet for helse og omsorg, som har meisla ut dei nye reglane.

Illustrasjonsfoto

Kommunen forbyr alkoholsal for å vere på barnas lag. For sterkare saker må ein uansett handle før julaftan. Da er nemleg polet stengd.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Kjøpmann Hjelmbrekke i Spar Jølstraholmen er ikkje imponert over kommunen.

– Eg synest det er synd at Sunnfjord kommune vel å innskrenke, seier han.

Kjøpmannen trur det blir bomtur for ein del folk 24. desember.

– Eg ser ikkje heilt kor dei vil med å vere så restriktive, seier Hjelmbrekke.

Bestemmer sjølv

I nabokommunen Kinn er alkoholsalet til dømes opent til klokka 16 på julaftan.

Kommunane kan nemleg bestemme sjølv over tider for sal og skjenking av alkohol.

Før heilagdagar elles har Sunnfjord sett ei grense til klokka 15. Dei er dermed blant dei 1 prosent strengaste i landet.

På kvardagar kan ein kjøpe øl i nesten alle kommunar til klokka 20, som er makstid. I 2022 var det berre tre kommunar som stengde ølsalet tidlegare, ifølge FHI.

For laurdag og heilagdag er makstid til klokka 18, det var berre seks kommunar som stengde ølsalet tidlegare for to år sidan.

Raymond Lillemo, som er på handletur på Spar Jølstraholmen, forstår poenget til kommunen om å verne barna. Likevel er han ikkje samd i avgjerda.

– I all hovudsak er vi vaksne folk. At det skal vere så store restriksjonar på alkoholkjøp, det er berre tull, seier han.

alkoholsal

Jula er topp for salet av alkohol.

Foto: Andrine Gald Myklebust

– Eit paradoks

Organisasjonen Av-og-til har ein annan oppfatting.

– Jula er ein skikkeleg salstopp når det kjem til alkohol. Og det er da vi bruker ekstra mykje tid med egne og andre sine barn. Dette er eit paradoks, seier generalsekretær Ragnhild Kaski.

Samstundes som kommunen innfører ein av landets strengaste raud dag-ordningar, har dei også fått på plass meir romslege regler for skjenking på uteserveringar, som er i tråd med dei fleste andre kommunane i landet.

Jenny Følling

Ordførar Jenny Følling (Sp) seier saka er symbolsk og ikkje har store konsekvensar.

Foto: ODDMUND HAUGEN / NRK

Det er likevel den strenge raud dag-ordninga som har fått mest merksemd. Ordførar Jenny Følling (Sp) omtaler det som ein symbolsak.

– Eg trur det ikkje vil ha den store praktiske konsekvensen. Dei som ønsker ein øl på julaftan, kan kjøpe det dagen før, seier Følling.

Publisert 04.10.2024, kl. 05.39

Read Entire Article