Her får forskaren svar på kor tjukk Jostedalsbreen er

3 weeks ago 8


Klimaendringane påverkar Noreg sine isbrear. No slår nye målingar fast kor tjukk den største av dei er.

Og forskarane er overraska:

Isen er både tjukkare og tynnare enn vi trudde, og det var overraskande for oss at nokre område hadde så tynn is, seier Liss Marie Andreassen, isbreforskar i NVE.

– Omfattande arbeid

Fleire aktørar, mellom anna Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet, deltok i prosjektet som gjekk frå 2018 til 2023.

Målingane på den 458 kvadratkilometer store breen vart gjort med radar og både eldre og nyare teknologi.

Funna frå arbeidet vart først omtala av forskersonen.

– Det har vore eit stort arbeid å få målt så mykje av Jostedalsbreen, seier Andreassen.

Totalt er det gjort målingar langs linjer på breen, som i alt er 1100 kilometer lange. I tillegg er dei fleste brearmane målt. Jostedalsbreen har 28 namngjevne brearmar.

JOSTICE forsking på Jostedalsbreen

FLEIRE AKTØRAR: Mellom anna Universitetet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet og Universitetet i Oslo var med i arbeidet.

Foto: JOSTEIN AASEN / NVE

Jostedalsbreen utgjer 20 prosent av Noreg sitt totale breareal. På grunn av utfordrande terreng har forskarane nytta både scooter og helikopter for å kome til.

– I dei inste delane av Tunsbergdalsbreen er isen rundt 630 meter tjukk, medan isen andre stadar er tynnare enn vi trudde. Til dømes er isen 50 meter tjukk ved Lodalsbreen og under 25 meter tjukk ved Grensevarden, seier Andreassen.

Istykkelsen er målt over store deler av Jostedalsbreen. Innfelt figur viser tolking av radargram for å bestemme grensen mellom is og fjell og tykkelsen av isen.

RESULTAT: Grafikken viser mellom anna kor isen er tynnast.

Grafikk: Mette Kusk Gillespie / Forskersonen

Breen kan bli delt i tre

Mette Kusk Gillespie, førsteamanuensis ved HVL og arbeidspakkeleiar for JOSTICE, forklarer at dei nye målingane kan hjelpe forskarar med å finne ut kva som vil skje framover.

Ho seier at dei har funne område med tynn is, som bind saman den midtre delen med den nordlege og sørlege delen.

– Det kan føre til at Jostedalsbreen i framtida kan dele seg i tre delar. Ein søre, midtre og nordre del. I grensa mellom det søre og midtre området er isen under 25 meter tjukk, og der begynner fjellet å kome fram nokre stadar, seier Gillespie.

Ho legg til at det er global oppvarming som gjer at breen forandrar seg.

– Sjølv om det er variasjonar frå år til år, kan vi på generell basis seie at breane har blitt mindre sidan år 2000. Dette forventar vi at kjem til å halde fram.

Konsekvensane av dette vil i hovudsak påverke nærområdet.

– Til dømes vasskraftproduksjon og turisme kan bli påverka av endringane. Samtidig har vi no eit betre grunnlag til å seie kva som kjem til å skje, og då kan vi ta høgde for dette framover, seier Gillespie.

JOSTICE forsking på Jostedalsbreen

FOR Å KOME TIL: Forskarane brukte både scooter, helikopter og beina til hjelp for å få gjort målingane.

Foto: JOSTEIN AASEN / NVE

Kan sjå korleis det ser ut under Jostedalsbreen

Målingane vil også seie noko om korleis landskapet vil sjå ut etter Jostedalsbreen, og ved å trekkje frå tjukknaden til isen med overflatehøgda kan forskarane finne ut korleis landskapet er under breen.

– Vi ser fordjupingar under breen, og desse vil fylle seg med vatn, så når isen smeltar vil det kome fram mange nye bresjøar. Desse vil dekke ein del av landskapet som no er dekka av is, seier Liss Marie Andreassen.

JOSTICE forsking på Jostedalsbreen

OMFATTANDE ARBEID: Målingane vart gjort mellom 2018 og 2023.

Foto: JOSTEIN AASEN / NVE

– På grunn av smelting av breen, vil det skje store endringar framover. I tillegg veit vi kor mykje volum det er i isen, så då kan vi også simulere korleis dei ulike brearmane vil endre seg, legg ho til.

Når «Det internasjonale breåret» blir markert neste år, skal Andreassen og resten av forskarane presentere resultata for eit større publikum.

Men resultata ligg ute, tilgjengeleg for andre forskarar.

– Det er allereie fleire andre i teamet som brukar det vi har funne til å simulere kva som skjer med Jostedalsbreen framover. Så eg trur dette kjem til å bli brukt mykje av både norske og internasjonale forskarar, avsluttar Andreassen.

Publisert 02.11.2024, kl. 08.04

Read Entire Article