Her byggjer dei friidrettsanlegg i millionklassen, men bygda har ikkje ein einaste utøvar

2 months ago 27


– Eg har to favorittspelarar. Cristiano Ronaldo og Vinícius Júnior, fortel 7 år gamle Emilian Stenberg Skogestad.

Om Emilian er eit stort friidrettstalent veit vi ikkje enno. Det er fotball han er mest opptatt av no.

– Kunne du tenke deg å drive med friidrett?

– Kva meiner du? Kva er det?

– Veit du ikkje kva det er?

– Nei, seier Emilian ærleg, og ler.

Om få veker kan likevel han og dei andre ungane på Moi få prøvd seg på kulestøyt, lengdehopp, hekk og 100 meter.

Sparkar ball på Moi stadion.

Emilian Stenberg Skogestad er mest opptatt av fotball.

Foto: Erik Waage / NRK

For det er slike som Emilian Moi idrettslag no håper dei klarer å rekruttere til friidretten når det splitter nye anlegget opnar. For i dag kan ikkje klubben skryte på seg ein einaste utøvar.

Millioninvestering

Friidrettsanlegget i Moi har materiale av aller høgaste kvalitet etter standarar frå IAAF.

Det har fire løpebanar. Eit område for lengdehopp. Eit område for kulestøyt. Alt dette skal klubbens knappe 400 medlemmar få nyte godt av.

Dekket er lagt på friidrettsanlegget på Moi.

Tartandekket er lagt på nye Moi stadion.

Foto: Erik Waage / NRK

14 millionar kroner er anslaget for kor mykje anlegget vil koste. Det inkluderer restaurering av den gamle fotballbanen og eit splitter nytt friidrettsanlegg, med flaumbelysing.

– Det må vi òg ha, veit du. Vi må ha lys, fortel styreleiar Vidar Holum i Moi IL.

I Norges Friidrettsforbund er dei glade for at Moi satsar.

– Moi er av dei mindre stadene som byggjer eit friidrettsanlegg. Håpet er at dette blir ein inspirasjon og gir mange moglegheita til å prøve friidrett, seier teknisk konsulent Ole Petter Sandvig.

Og det blir ikkje spart på nokon ting i bygginga av det nye anlegget for bygdas drygt 2000 innbyggjarar.

Nytt friidrettsannlegg på Moi.

På stadion er det også lagt opp til kulestøyt.

Foto: Erik Waage / NRK

– Viss du ikkje satsar, så får du iallfall ingen til å starte opp, held han fram.

I Moi håper dei dette er det som skal til for å dra ungdommen heim igjen til bygda.

Fire løpebanar og eit område for lengdehopp

Dagleg leiar i klubben, Svein Arild Bringedal, anslår at dei har investert 40 millionar kroner totalt i idrettsanlegget på Moi sidan 2015.

Svein Arild Bringedal

Svein Arild Bringedal er dagleg leiar i klubben, og har vore leiar for prosjektet.

Foto: Erik Waage / NRK

Ein symjehall, idrettshall, to squashhallar, treningssenter, og trimrom. Ein pumptrack-bane for sykling er under konstruksjon, og no også eit friidrettsanlegg.

Gravemaskin driv med førhandsarbeid for idrettsanlegget på Moi.

I Moi jobbar dei no med å konstruere ein pumptrack-bane. Pumptrack minner om BMX, der ein syklar gjennom ein bane med fleire kuler og hopp.

Foto: Erik Waage / NRK

Klubbleiar Bringedal er ikkje uroa for at klubben ennå ikkje har ein einaste friidrettsutøvar til springe over tartandekket.

– Per nå er det ikkje det, understrekar Bringedal.

– Det skal iallfall ikkje stå på baneforholda. For dei er tilnærma perfekte, spør du meg, legg han til.

Eldsjeler og frivillig arbeid

Anlegget blir bygd ved hjelp av dugnad, og ikkje minst eit næringsliv med rause sponsorbudsjett. Kommunen har også bidratt.

– Det er jo teamarbeid dette her, seier Bringedal.

Gro Helleland er ordfører i Lund kommune

Ordførar i Lund, som opplyser om ein 60 meter-rekord på 9,6, seier dei lager noko som er større enn seg sjølv.

Foto: Erik Waage / NRK

Ordførar i Lund, Gro Helleland, er overtydd om at friidrettsanlegget blir ein kjempesuksess etter kvart.

På spørsmål om andre ordførarar kanskje ser litt misunneleg bort på satsinga i Lund, svarar ho blankt:

– Det må dei berre vere.

Publisert 06.07.2024, kl. 17.35

Read Entire Article