Helsetilsynet fryktar lege tøyer grensene overfor pasientar – får likevel behalde autorisasjonen

4 months ago 43


Det er ikkje første gang Helsetilsynet stiftar bekjentskap med legen frå Midt-Noreg. For 20 år sidan miste han autorisasjonen etter å ha kyssa og klådd på fleire pasientar.

Men etter nokre år fekk han tilbake retten til å vere lege.

Nyleg dukka ei ny sak opp der ein pasient fortalte at ho hadde blitt invitert med på tur. Undervegs skal legen ha fortalt grove vitsar, og til slutt spurt henne om å få bli med heim.

 «Etter første konsultasjon sendte legen sms til kvinnen for å be om tips til turer i området og inviterte deretter kvinnen med på tur. Kvinnen takket ja til dette og opplevde på turen at legen kom med grove vitser. Legen spurte på slutten av turen om han kunne bli med kvinnen hjem».

Frå brevet der legen forklarer kva som skjedde.

Illustrasjon: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

I fleire månader har Helsetilsynet granska saka.

No slår dei fast at saka er svært alvorleg:

«Sett i lys av din historikk, der du tidligere har blandet sammen roller og utøvd grenseoverskridende handlinger av alvorlig karakter mot flere pasienter, har du ikke den innsikten som skal til på dette området. Det er etter vår vurdering svært bekymringsfullt. Vi vurderer derfor at det er fare for at du også i fremtiden kan oppføre deg grenseoverskridende overfor pasienter.»

Men legen får likevel halde fram som lege, på vilkår.

Det er vår vurdering at dette er ein tilstrekkeleg streng reaksjon for å sikre pasienttryggleik og tillit til helse- og omsorgstenestene, skriv seniorrådgjevar Lisbeth Homlong til NRK.

Lisbeth Homlong

Seniorrådgjevar Lisbeth Homlong i Statens helsetilsyn.

Foto: Statens helsetilsyn

Legen må be om rettleiing

Vedtaket betyr at mannen framleis kan arbeide som lege – men ikkje som før.

Mellom anna kan han ikkje lenger arbeide sjølvstendig, men må vere under oppsyn av ein annan. Han kan berre ha ein arbeidsgjevar, og må informere om vedtaket frå Helsetilsynet. Han må også ta imot rettleiing.

Men han får framleis behalde autorisasjonen.

NRK har stilt Helsetilsynet spørsmål om korleis eit slikt vedtak vil påverke folk si oppfatning av kor alvorleg dei ser på saka.

Saker er ulike og vil bli vurdert forskjellig basert på kva dei handlar om. Korleis folk vil oppfatte dette er vanskeleg å seie noko konkret om, skriv seniorrådgjevar Lisbeth Homlong.

Helsetilsynet har tidlegare fått kritikk frå Pasient- og brukarombodet for å sjå mellom fingrane med legar som ikkje gjer som dei skal.

Ei kartlegging som NRK gjorde tidlegare i år viste at over ein tredel av legane får tilbake autorisasjonen, sjølv om dei har oppført seg seksuelt krenkande mot pasientar.

Kalla det «sosialterapi» og «relasjonsbygging»

Legen avviser framstillinga til pasienten som har klaga, og kallar det i staden «sosialterapi» og «relasjonsbygging». Vidare hevdar han at det var ho som begynte å fortelje grovkorna vitsar, og at han blei med for å ikkje gjere stemninga trykka.

Han skriv også at han fekk god dialog med henne – og berre ønskte å hjelpe.

Legen ønskjer ikkje å seie noko meir om saka til NRK og har klaga på vedtaket til Helsetilsynet.

Blir granska også i Sverige

Helsetilsynet har no rutinemessig varsla styresmaktene i alle EU/EØS-land om vedtaket.

Legen har dei siste åra arbeidd for ulike vikarbyrå i Norden.

Nyleg starta også det svenske Helsetilsynet, IVO, gransking av legen. Leiinga ønskjer ikkje å svare på bakgrunnen for det, så lenge granskinga går føre seg.

Publisert 12.07.2024, kl. 05.27

Read Entire Article