– Ja. Du vil ikkje risikere at folk kjem og klagar på han òg, flirer Kristian Blummenfelt om hemmeleghaldet.
Til OL i Tokyo hadde det norske triatlonlaget utvikla eit nytt sykkelstyre som konkurrentane klaga på, og som seinare blei bannlyste. Men det har ikkje forhindra dei i å tenke heilt nytt også til leikane i Paris.
I nesten tre år har dei jobba med å forbetre konkurransedrakta frå Tokyo. I juni var det for tidleg å vise fram noko, men under høgdeopphaldet til triatletane i Frankrike har det komme nokre drypp på sosiale medium testinga.
– Me har prøvd å halde det skjult så lenge som mogleg, men no er det for seint for andre å gjere noko med det. Dessutan held det ikkje å sjå, du må nesten vite, fortel trenar og forskar Olav Aleksander Bu.
Bileta viser at den regjerande olympiske meisteren syklar på ein spesialsykkel med ei kvit drakt full av sømer og små trådar.
Sjekkar regelverket
Det er ein prototyp, eller eit utviklingsverktøy, for å forstå betre korleis luftstraumen rører seg rundt kroppen. På sykkelen er det også installert eit aerodynamisk system. Slik måler dei blant anna kor aerodynamisk drakta er, altså korleis dei kan sikre at ho er tilpassa ulike rørsler i høg fart – fordi dei kan sjå korleis vinden tar i dei ulike trådane.
– I triatlon så har me foreløpig ikkje same reglar som dei har i sykkel, for eksempel på stoffet. Så det gjer at den langdistansedrakta me allereie har, er raskare enn ein aerotrøye på sykkel. Og det er litt av det me prøver å få inn igjen på OL-drakta. Me ser på kva som eigentleg er raskast, og korleis me kan bruke regelverket, for å sjå kva som er lov, fortel Blummenfelt.
Bu står bak mykje av teknologien, saman med selskapet Supras. Prototypen har overgått forventningane, meiner Bu, som allereie er godt kjent for dei mange testane sine, eksperiment og ny teknologi.
– Eg trur det kan komme nokon klager når andre får sjå siste versjon. Men med litt kreativitet er det nokon opningar for korleis ein kan gjere ting innanfor regelverket, og det er vi, seier han.
Heile den norske triatlontroppen vil bruke drakta, som dei ventar med å vise fram offentleg til dei er på plass i Paris.
Kan tene over to minutt (!)
Triatlon i OL består av 1500 meter svømming, 40 kilometer sykkel og 10 kilometer løp. Og spesielt på sykkel har dei sett at det er mykje å tene. Spesielt om ein sit framme i eit felt, rykker eller er aleine i eit brot.
– Det er ikkje snakk om marginar lenger. 142 sekund på sykkel har me målt, altså over to minutt, røper Bu, som trur utviklinga vil vekke nysgjerrigheit i mange miljø.
– Eg har klart å ta av ein god del sekund berre med drakta, ja, så det blir spennande å få den ut i OL-løypa, fortel gullhåpet Blummenfelt.
Inn mot det varme og fuktige vêret i Tokyo hadde dei mykje fokus på å lage eit stoff som kunne transportere ut varmen best mogleg. Og sjølv om det ikkje blir meldt om liknande vêr i Paris, er termoregulering og termodynamikk ein viktig del av prosessen. Dei studerer difor nøye korleis drakta fungerer på ein kropp som jobbar hardt og blir både varm og våt.
– Me har gjort testar med sensorar på både hud og under drakta, og me laga stoffet slik at det imiterer hud så mykje som mogleg. Den har ekstreme pusteeigenskapar, fortel Bu.
Den ferdige drakta får me sjå når triatlonherrane skal ut på den individuelle distansen sin i Paris 30. juli.
Publisert 17.07.2024, kl. 05.19