Heimelaga musefelle hamnar i Høgsterett – følg rettssaka direkte her

5 months ago 30


Det er ei spesiell sak landets høgste rettsinstans har på bordet i dag: avliving av mus.

Og det er så stor interesse for saka at Høgsterett har bestemt seg for å sende direkte rett frå rettssalen, noko som berre har blitt gjort i ei handfull saker før.

Saka kan du følgje her frå klokka 9. Det er sett av 4 1/2 time til behandlinga i Høgsterett.

Lokka dei med Bamsemums

Trebarnsmora Linda Strand i Surnadal var så lei av musene som pila rundt i familien sitt gamle trehus at ho bestemte seg for å ta saka i eigne hender.

Problema skal ha vore så store at det ikkje hjelpte verken med ordinære musefeller, høgfrekvente lydar, gift – eller ein ekstra katt.

Løysinga blei å lokke musene med Bamsemums ut til ein tom, roterande brusboks.

Der fall dei ned i ei gamal sinkbøtte med frostvæske og vatn og drukna.

Musefella som Linda Strand har laga.

Den omstridde musefella med Bamsemums som åte.

Foto: Privat

Med den heimelaga musefella fekk ho tatt kverken på drøssevis med mus i løpet av kort tid.

I dag møter ho i Høgsterett for musedrapa.

– Eg gler meg og synest det er spennande, og har veldig trua på at denne gongen går det vegen, seier Strand.

Linda Strand med katten Rigfar

Katten Rigfar har ikkje klart å hamle opp med alle musene i huset.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Hevdar ho har brote lova

Politiet gav henne først 6000 kroner i bot då dei gjennom eit Facebook-innlegg blei klar over den heimelaga musefella. Tingretten konkluderte med det same.

Men Linda Strand nekta å betale, og viste til at ho forsøkte å verne hus og heim.

Det står ho fast på – og no skal Høgsterett avgjere om kravet til ein dyrevelferdsmessig forsvarleg avlivingsmetode skal gjelde også for skadedyr som mus.

Statsadvokat Magne Nyborg

Statsadvokat Magne Nyborg representerer påtalemakta i musesaka i Høgsterett.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– No har vi ei lov der det går fram at alle pattedyr har krav på å bli behandla på ein god måte, der ein gjer det ein kan for å unngå lidingar, seier statsadvokat Magne Nyborg.

Det same seier dyrerettsorganisasjonen Noah. Dei hevdar bruken av den heimelaga musefella er dyreplageri.

Leiar i dyrerettsorganisasjonen Noah, Siri Martinsen.

Leiar i dyrerettsorganisasjonen Noah, Siri Martinsen.

Foto: Ingeborg Undheim / NRK

– Mattilsynet har gitt klar beskjed om at regelverket skal tolkast slik at denne typen feller er ulovleg, det har dei sagt veldig tydeleg, seier leiar Siri Martinsen.

Eldre hus i Surnadal

Det gamle tømmerhuset i Surnadal har vore bustaden til mange mus dei siste åra. No bur der også ein familie på fire.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Meiner dommen er viktig for mange

Advokat Thor Kleppen Sættem meiner det får store konsekvensar dersom Høgsterett i dag kjem til at Linda Strand skal dømmast. Han har tidlegare uttalt til NRK at hundrevis, om ikkje tusenvis av menneske rundt om i landet, har avliva mus på same måte.

Linda Strand med mobilskjerm med meldingar

Linda Strand har fått mange reaksjonar på saka. Fleire er sinte for det ho har gjort.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

No blir det opp til Høgsterett å avgjere om avlivingsmetoden i Surnadal er ulovleg. Linda Strand angrar ikkje og følgjer forhandlingane frå tilhøyrarbenken.

– Det er kanskje ei viktig sak, eg ser at det er svært viktig for nokre, så eg får ta ein for laget, seier Linda Strand.

Linda Strand

Linda Strand har studert ulike måtar å ta livet av musene på, men fann til slutt sin eigen metode.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Publisert 13.06.2024, kl. 08.47

Read Entire Article