«Ein dag unnagjort, 105 står att», skriv Kamala Harris på Twitter måndag kveld, like før ho gjekk på podiet utanfor Det kvite hus.
Det var knytt stor spenning til talen og over hundre pressefolk hadde møtt fram.
Dette var nemleg hennar første tale etter at Joe Biden peikte på ho som ny presidentkandidat for demokratane. Talen skjer i samband med eit planlagt arrangement for å hylle idrettsutøvarar som skal konkurrere for USA under OL i Paris.
Harris var til stades som Bidens representant, ettersom han framleis ligg sjuk med korona. Ho brukte ikkje, som mange hadde håpa på, anledninga til å snakke om eigen politikk og ønsket om å bli USAs neste president.
Sjølv om ho det siste døgnet skal ha sete timevis i telefonar med partileiarar, kongressmedlemmar og guvernørar for å styrke seg sjølv som presidentkandidat, sette ho søkelyset på alle andre enn ho sjølv måndag kveld.
Ho viste i staden sin lojalitet til sin president. Før ho hylla utøvarane, hylla ho Biden.
Harris fortalde at ho først blei kjent med Biden gjennom hans avdøde son Beau Biden. Måten han skal ha skildra far sin til henne, skal ho ha kjent att i hans rolle som president.
– Hans ærlegdom, integritet og truskap til hans tru og hans familie, hans stor hjarte og hans djupe kjærleik til landet vårt, er kvalitetar ho drog fram om presidenten.
– Kvar dag kjempar Biden for landet sitt. Vi er djupt takksame for hans teneste til denne nasjonen.
Og så gjekk ho over til å snakke om utøvarane. Det heile var over på fem minutt. Og med det blir det knytt enda meir spenning til neste tale.
Ikkje vore tydeleg nok
Harris har heile vegen blitt kritisert for å ikkje vere tydeleg nok på talarstolen. Dette er ein av grunnane til at ho mista popularitet som Joe Bidens visepresident.
Ho har ikkje klart å legge fram ein klar visjon for landet, eller forklart godt nok korleis ho skal betre liva til potensielle velgarane, skriv New York Times.
Eit år etter innsettinga blei ho sett på som den minste populære visepresidenten gjennom tidene, noko som også kan forklarast med at ho fekk såkalla «upopulære oppgåver» av Biden, som å handtere innvandringa på grensa til Mexico.
Når ho no sikter mot å bli demokratanes nye presidentkandidat, er det derfor viktig at ho klarer å overtyde skeptikarane sine. Men ho har dårleg tid. Det er litt over 100 dagar til amerikanarane går til urnene.
Favoritt, men ikkje formelt
Mange av Harris moglege utfordrarar har det siste døgnet stilt seg bak henne. Harris er derfor ein klar favoritt til å ta over som presidentkandidat.
Men det er ikkje bestemt om det blir henne. Demokratane skal formelt velge sin kandidat i august.
Tidlegare president Barack Obama og tidlegare kongressleiar Nancy Pelosi har begge gått ut og sagt at dei støtter Bidens resignasjon, men har enno ikkje sagt om dei stiller seg bak Harris som ny presidentkandidat.
Ifølge New York Times har kjelder nærme Obama sagt at ein ikkje må lese for mykje inn i dette. Det kan handle om at Obama ikkje ønsker at presidentkandidaten skal få posten gjennom ei «kroning», men heller som følge av ein konsensus i Det demokratiske partiet.
Abort og klima
Biden og Harris står nærme politisk. Begge har arbeidd for ei oppmjuking i abortlovene og ei større satsing på klimatiltak, i motsetning til republikanaranes Donald Trump. Harris går enda litt lenger enn Biden på desse områda, som politisk er hennar sterkaste politiske saker.
Harris har talt for at studentar skal få meir studiestøtte og stilte seg i 2017 bak venstresidas Bernie Sanders plan om meir gratis utdanning. Ho stilte seg også bak Sanders helseplan, men gjekk vekk frå han og lanserte sin eigen, liknande, men meir privatiserte, helseplan, skriv Politico.
Men i motsetning til Biden, har ikkje Harris utmerkt seg særleg utanrikspolitisk. Ho har ofte følgt Bidens politikk.
Trump som konkurrent
Dersom Harris blir demokratanes presidentkandidat, kan ho vente seg ei lang rekke feidar med republikanaranes Donald Trump.
Trump har gått hardt ut mot Joe Biden i sin presidentkampanje og har nærmast konsekvent kalla han «crooked Joe» dei siste månadane, altså «korrupte Joe», gjort narr av alderen hans og gått til fleire personangrep mot demokratar.
Ifølge kjelder New York Times har snakka med, arbeider apparatet rundt Trump no med å finne ut korleis dei best kan sverte Harris. Trumps talsperson har ikkje kommentert saka.
Publisert 22.07.2024, kl. 18.07 Oppdatert 22.07.2024, kl. 18.30