– Eg tenker at dette er jævlig svært, seier Åge Aleksandersen.
Konserten blir Åge sin sin største konsert noko sinne.
Dermed vil Åge gjere som Eminem og Bruce Springsteen har gjort før han: fylle Oslos største konsertarena.
Laurdag 28. juni fyller rockekongen Voldsløkka med storkonsert. Det er plass til om lag 50.000 i publikum på arenaen.
– Eg følte meg liten då eg gjekk ut på grasmatta her, seier Åge om den store arenaen.
Selde ut tre gongar Lerkendal på få minutt
Den første konserten blei seld ut på 14 minutt, så blei den andre konserten utseld på berre fire minutt.
Billettane til den tredje konsert på Rosenborg sin heimebane forsvann om lag like fort.
– Dette slår absolutt alle rekordar. Det er ubeskriveleg.
Det sa Stein Vanebo i Trondheim Stage til NRK like etter at alle billettane til den tredje konserten var utseld.
Totalt er det seld 75.000 billettar til Åge og Sambandet sine avskjedskonsertar på Lerkendal.
2025 blir slutten for Åge og Sambandet
Neste år er det slutt. Det har vore kjent lenge. Konsertane med «Sambandet» blir historie. Dei vann Spellemannpris saman i 1980, og heldt på i nokre år før dei tok ein lengre pause.
Sidan 2003 har dei halde det gåande.
Men det går ikkje stille for seg når eit rikt turnéliv skal avsluttast.
4.–6. september 2025 skal dei fylle Lerkendal stadion til randa som ein siste avskjed.
Publisert 14.06.2024, kl. 11.00 Oppdatert 14.06.2024, kl. 11.04