Strandryddarane i «In the Same Boat» har sidan 2017 rydda den norske kysten.
I fjor var mange stader så godt som ferdigrydda.
Difor var det ein stor overrasking då ryddarane kom tilbake i år.
Det var nemleg meir søppel enn nokon gong.
Dei driv med systematisk og profesjonell strandrydding. Slik får dei nøyaktige data for kor mykje forsøpling det er langs kysten over tid.
Nokre stadar peikar seg ut med meir søppel enn andre:
Første gong dei store øyværa på ytre kyst av Nordland blei systematisk rydda, blei det funne opp til 250 kilo plastforsøpling per kilometer. Men utfordringane held fram.
Nokon stader har strandryddarane no funne fire gonger meir plast enn då områda blei rydda i fjor.
På Vega fann dei 160 kilo søppel per kilometer strandsone i 2023. I år rydda dei same sone for 795 kilo.
– Det same gjeld frå Mørekysten til Nordkapp, seier Rolf-Ørjan Høgset i In The Same Boat.
Kvifor er det meir søppel no?
Strandryddarane i In The Same Boat har ein teori.
– Vi har visst i fleire år at det ligg mykje søppel og flyt i havet. I vinter har det vore to store stormar etter kvarandre. Då kjem søppelet som ligg langt der ute inn mot land, seier Høgset.
Men meir søppel på strendene er ikkje berre negativt.
Høgset fortel at denne gongen ligg søppelet oppå vegetasjonen langs strendene.
– Sånn sett er det lettare å rydde no enn første gong vi rydda. Det går ikkje an å sjå det på nokon anna måte, viss ikkje gir ein berre opp.
I tillegg trur han at dei forsøpla strendene kan tyde på at norskekysten no har eit reinare hav. Fagfolka støttar han delvis.
– Vinterstormane ryddar ikkje
Både seniorforskar Bjørn Einar Grøsvik og oseanograf Jon Albertsen ved Havforskningsinstituttet trur den store mengda søppel kjem av ekstremvêr.
– Eg trur at klimaendringane, med meir ekstremvêr, bidrar til at meir søppel blir blåst på havet eller frakta til havet på grunn av auka nedbør og flaum. Det kan vere ei forklaring på at meir søppel også strandar langs kysten, seier Grøsvik.
Men om dette gir eit reinare hav, er forskarane mindre sikre på.
– Det er nok ikkje slik at vinterstormar «ryddar» vekk avfallet i havet. Uvêr vil ofte spreie avfallet meir rundt, slik at det enten søkk ned, eller blir rive vekk frå hovudstraumane og da eventuelt strandar, seier Albertsen.
Uansett meiner dei at strandrydding er eit viktig tiltak for hav- og strandsonene.
Etterlyser meir stønad frå staten
Den årlege posten på statsbudsjettet for tiltak mot marin forsøpling har sidan 2021 blitt redusert frå 80 millionar til 30 millionar.
– Det er rart at dei reduserer innsatsen for å få rydda hav og strender når det stadig kjem meir forsking om kor farleg søppel og plast er for oss, seier Høgset.
Leiar for marin forsøpling i Miljødirektoratet, Håkon Arctander, meiner derimot at Noreg har fokus på, og brukar mykje pengar på marin forsøpling.
– Noreg legg betydelege ressursar inn i styrkinga av kunnskapen om farane ved mikroplast. Noreg bidreg til betydeleg innsats til opprydding gjennom nordiske og internasjonale samarbeid.
Heller ikkje statssekretær Kjersti Bjørnstad i Klima- og miljødepartementet er einig i kritikken.
– Det har aldri vore brukt så mykje pengar på opprydding på norske strender som no. Det stemmer at løyvinga til marin forsøpling er redusert i statsbudsjettet, men talet på kroner som blir brukt til strandrydding i Noreg er større enn nokon gong, skriv ho i ein e-post til NRK.
Bjørnstad trekker fram fleire initiativ frå private som bidreg til å betala for ulike oppryddingsprosjekt.
Håper fleire blir motiverte til å rydde
Mange av strandryddarane er organisert i Rydd i tide-programmet. Det er finansiert av Handeles miljøfond.
Pengane kjem frå plastposane vi kjøpar.
Ifølge styreleiaren i In the Same Boat må dei no intensivere ryddeinnsatsen for å få unna søppelet før det blåser på havet igjen.
Dei håper mengdene med søppel som no ligg på norske strender vil motivere fleire til å vere med å rydde.
– Jobben må berre bli gjort. At det kjem inn så mykje no, betyr at vi berre må fortsette å rydde. Mykje som flyt rundt vil fortsette å flyte inn i åra framover, seier Høgset.
Publisert 19.06.2024, kl. 17.14