Syskena saksøker kommunane
I 2018 saksøkte syskena, ved hjelp av advokat Mette Yvonne Larsen, Hareid og Ulstein kommune og bad om erstatning.
Er saka forelda?
Tingretten sa då at dei ikkje ville behandle saka fullt ut før dei hadde svar på om ho var forelda - altså at det som hadde hendt var for lenge sidan til at retten kunne seie noko om det.
Ja!
I oktober 2020 kom retten fram til at saka var forelda.
Øvrelid-syskena anka avgjerda til lagmannsretten.
Ikkje forelda likevel
Lagmannsretten meinte våren 2022 at saka ikkje var forelda og at syskena dermed kunne be kommunane om erstatning.
Høgsterett sa nei
Hareid og Ulstein kommune anka avgjerda til Høgsterett. Dei sa likevel nei til å sjå på saka, fordi ho ikkje var prinsipiell nok.
Ei full rettssak
Dermed vart erstatningssaka fullt ut behandla i Frostating lagmannsrett like før jul 2022 – fire år etter søksmålet kom.
Josef Benoni Ness Tveit
Dom i lagmannsretten
Dommen i Frostating lagmannsrett kom i mars 2023: Dei to yngste syskena fekk erstatning frå kommunane. Dei tre eldste fekk ikkje erstatning. Avgjerda blei anka til Høgsterett.
Josef Benoni Ness Tveit
Opphevar dommen
I september 2023 blei det kjent at Høgsterett opphevar heile dommen frå lagmannsretten for dei tre eldste syskena. Dei fekk dermed opp saka si til ny behandling i Frostating lagmannsrett våren 2024.
Mia Sofie Ytreberg / NRK
Fekk erstatning
I juni kom Frostating lagmannsrett til at også dei tre eldste syskena hadde rett på erstatning. Dei fekk omlag 6,6 millionar.