NRK har fått fleire tips frå folk som har sett ein gigantisk ballong flygande over fleire stader i Nord-Noreg. Den er blant anna observert frå Træna, Gildeskål, Bodø, Evenes, Evenskjer, Bardufoss og Vannøya.
Sidan den blei sett over fleire militæranlegg, har eit spørsmål meldt seg.
Er det ein spionballong?
Det er det altså ikkje.
Det viser seg at det er ein forskingsballong, som er skoten opp frå Esrange Space Center i Kiruna. Den har Nord-Amerika som destinasjon, og er 1,7 millionar kubikkmeter lang.
Det går fram i ei pressemelding frå romfartssenteret i Nord-Sverige.
Skal studere røntgenstrålar
Ballongen er ein såkalla NASA BOOMS-ballong, og det er den største som nokosinne er sendt opp frå Esrange Space Center.
Ballongen brukast til å studere røntgenstrålar i den polare atmosfæren. Resultata brukast til forsking.
Ballongen kan fly omkring 45,7 kilometer over jordoverflata.
Dette er den sjuande gigantiske ballongen dei sender opp frå Kiruna sidan i vår.
– Dette er noko helt unikt, og vi nå har nådd toppen av ballongbonanzaen vår med denne lansering.
Det seier Lennart Poromaa, direktør Esrange Space Center.
Skal til Nord-Amerika
Ballongen er sendt opp i samarbeid med amerikanske NASA.
Ballongen har namnet 60MCF, og er ifølge det amerikanske romfartsetaten NASA av stor betydning for det vitskapelege samfunnet.
– Nokre av instrumenta som blir flydd er så følsame for forstyrringar frå atmosfæren at sjølv å fly litt høgare enn vår typiske høgde på 120 000–130 000 fot kan gi mykje vitskapeleg løn. Kvalifiseringa av denne ballongen vil tillate NASA å fortsette å strekke grensene for det vi gjer til det vitskapelege samfunnet, seier Andrew Hamilton, direktør for NASAs ballongprogram i pressemeldinga.
Publisert 14.07.2024, kl. 12.18