Gamle dagbøker sentrale i tjue år gamle overgrepssaker

1 week ago 4


Dei gamle dagbøkene liknar dei som unge jenter førte på den tida.

Lister med kjekke gutar ein er forelska i, krimskrams og skildringar av tankar og kjensler i ungdomsåra.

Men innhaldet i dagbøkene til kvinna frå ein stad på Vestlandet, har ført til at i alt fem menn no er dømde for overgrep som skal ha skjedd for om lag tjue år sidan.

På tidspunktet var kvinna under seksuell lågalder. Mennene er dømde for seksuell omgang med mindreårig.

Overgrepa skal ha skjedd på ulike tidspunkt, og ikkje i fellesskap. To av dei fem mennene har tilstått.

Skildra seksuell omgang med eldre gutar

I dagbøkene hadde ho skrive om seksuell omgang med ulike menn hausten 2004. Alle var ein god del eldre enn det ho var på tidspunktet.

Dagbok blei viktig bevis i nær tjue år gamal overgrepssak der totalt fem menn er dømde for seksuelle overgrep mot ei jente som var under 16 år på tidspunktet.

Det var tre komplette dagbøker som blei lagt fram som bevis i retten, i tillegg til omfattande vitneførsel.

Foto: Privat

Den eldste var 16 år eldre enn henne. Blant anna skreiv ho at ho var «dødsforelska» i han.

«Fy faen han er deilig.»

«I dag var eg hos han. Han henta meg. Skal sove hos han.»

Kvinna skildra eit kjærasteforhold med mannen og skreiv om fleire samleie med han. Dei skal ha fått kontakt gjennom felles kjente.

– I dag ser ho at ho hadde eit behov for å bli sett etter at ho hadde blitt utstøtt i klassemiljøet etter dei første overgrepa. Fornærma var 15 år då overgrepa skjedde, og på den tida var ho ikkje klar over at det var straffbart for vaksne å ha sex med barn under 16 år, seier bistandsadvokat Hege Salomon.

– Mannen er overtydd om at dommen er feil og at han ikkje har gjort det han er dømt for, seier mannens forsvarar, Louis Anda.

Fann bøkene då ho rydda

Då ho skulle hjelpe mor si med å flytte for eit par år sidan, fann ho igjen dagbøkene og las det som stod i dei.

I og med at ho var under 16 år då hendingane skal ha skjedd, blir det rekna for overgrep, sjølv om det ikkje nødvendigvis har blitt brukt vald eller tvang.

Etter rådgjeving frå NOK.-senteret, kontakta ho bistandsadvokat og politi.

– Det kom til eit punkt der ho bestemte seg for å stå opp for seg sjølv og ta eit oppgjer med det som skjedde henne i ungdomstida, seier Salomon.

Advokat Hege Salomon

Hege Salomon representerer den fornærma kvinna. ​​​​​​​ Dei meiner dommen er godt grunngitt.

Foto: Javad Parsa / NTB

Forsking har vist at mange som har vore utsette for seksuelle overgrep i barndommen og ungdomstida, bruker så lenge som 17 år før dei fortel om det.

Salomon fortel at kvinna er ressurssterk, men har slite med psykiske etterverknader etter det som skjedde i ungdomsåra.

– Kvifor melde frå så lenge etterpå?

– Ein kjenner ofte på skuld og skam, og er kanskje redd for å ikkje bli trudd. Slik har det også vore for min klient.

To nekta, ein hugsa ikkje

Etter funnet av dagbøkene blei fleire forhold melde, men nokre blei henlagt av ulike grunnar.

Førre veke fekk tre menn i 40- og 50-åra forkynt dommen i Sogn og Fjordane tingrett. Dei blei dømde til 90 dagars fengsel på vilkår for brot på straffelovas paragraf 196.

Dei må også betale kvinna 50.000 kroner kvar i erstatning.

I retten nekta to av dei for å ha hatt seksuell omgang med jenta, medan den tredje ikkje kunne hugse det.

Advokat Louis Anda forsvarer mannen som er 16 år eldre enn kvinna. Dei vurderer saman med forsvararane til dei andre tiltalte, å anke dommen, men har ikkje bestemt seg. Ankefristen går ut 13. oktober.

Louis Anda

Forsvarar til ein av dei dømde mennene, Louis Anda.

Foto: Øyvind Torvund

– Vi meiner dommen er feil, men det er eit spørsmål om min klient orkar å ta den belastninga ein gong til med tanke på den stigmatiseringa han allereie opplever i eit lite lokalmiljø, seier Anda.

Kvinna sin bistandsadvokat seier dei er nøgde med dommen.

– Uansett utfall i saka, er inntrykket mitt at ho er glad for at ho endeleg stod opp for seg sjølv og fortalde om overgrepa, og at ho blei tatt på alvor i rettsprosessen, seier Salomon.

Politiadvokat Sissel Kleiven vil ikkje kommentere saka før dommen er rettskraftig.

Det har ikkje lukkast NRK å få direkte kontakt med advokatane Ivar Blikra og Manal Himmich som forsvarar dei to andre mennene.

Festmiljø med unge jenter og eldre gutar

Sentralt i bevisføringa var innhaldet i dagbøkene.

Retten la vekt på at det som står der festar hendingane i tid og at det samsvarar med det vitne fortel.

Eitt av vitna i saka har forklart seg om eit miljø med fest, alkohol, unge jenter og eldre gutar.

Vitnet var sjølv kjærast med ein av dei no dømde mennene på tidspunktet.

Jørn Jacobsen, juridisk fakultet UiB

Ekspert på strafferett, Jørn Jacobsen, seier det ikkje er uvanleg at i saker langt tilbake i tid, blir dokument viktige bevis.

Foto: Universitetet i Bergen

Jørn Jacobsen er ekspert på strafferett. Han seier bevisføringa i straffesaker i utgangspunktet er fri, at partane kan føre bevisa dei sjølve ønsker for å belyse saka.

– I saker som ligg langt tilbake i tid, så blir det gjerne dokument og liknande frå den gongen som må vurderast.

– Men det er altså berre tale om eitt bevis, og retten må kjenne seg overtydd om at overgrepa har skjedd, seier han.

Historie om overgrepsvaldtekt

Kvinna har sjølv forklart at ho utover hausten 2004 fekk store utfordringar med mental helse og foreldra hennar var fortvila.

Ho klarte ikkje å fortelje dei kva som eigentleg hende henne. Difor dikta ho opp ei historie om ei overgrepsvaldtekt. Denne blei politimeld.

Då kvinna tok kontakt med politiet for to år sidan etter funnet av dagbøkene, fortalde ho at denne tidlegare historia var oppdikta.

Retten har vurdert at truverdet til kvinna si forklaring, ikkje er svekka på grunn av dette.

Publisert 26.09.2024, kl. 16.33

Read Entire Article