Full forvirring i Kamerun: «Ingen» veit om presidenten lever

1 month ago 10


Paul Biya har styrt Kamerun i 42 år, og er ein av dei nolevande statsleiarane som har regjert lengst. Demokrati er mangelvare under hans leiarskap, og den omstridde mannen har hatt full kontroll i det sentralafrikanske landet.

Langt over halvparten av folket i Kamerun har aldri hatt ein annan president enn Paul Biya. Det er difor ei enorm omvelting for Kamerun om Biya faktisk er død, slik rykta seier at han er.

Åtvara media mot å skrive om temaet

Rykta vart ikkje mindre av det som skjedde førre søndag. På ein flyplass utanfor hovudstaden Yaounde hadde medlem av regjeringspartiet og ulike ungdomsgrupper samla seg for å ta mot presidenten.

Paul Biya, og hans kone Chantal, kom til Kina-Afrika-topmøtet i September 2024.

Dette er siste kjente bilete av Paul Biya. Han og kona Chantal, kom til Afrika-toppmøtet i Kina i starten av september.

Foto: Reuters

Planlegginga av seremonien på flyplassen vart gjort veldig diskret. Og då alt vart avlyst nokre timar seinare, så skjedde avlysinga like diskré. Kvifor alt vart avlyst, det er ingen klare svar på.

Media i Kamerun er bannlyste frå å skrive om rykta. Innanriksminister Paul Atanga Nji kunngjorde den 9. oktober at all debatt rundt presidentens helse truga freden i landet.

I eit brev som vart sendt ut til landets guvernørar vart det truga med at alle som deltok i diskusjonen rundt presidentens helse ville møte lovens lange arm.

Viktig politikk er sett på vent

Det er langt frå første gong presidenten plutseleg er borte i ein lang periode. Og han har alltid kome tilbake tidlegare.

Regjeringa i Kamerun nektar for at presidenten er død, og har gått ut mot rykteflaumen.

– Statsoverhovudet har gitt seg sjølv eit kort privat opphald i Europa. Men han blir verande, som vanleg, uansett kor han er, merksam på utviklinga av nasjonens liv, sa informasjonsminister René Sadi ifølge ei pressemelding sendt ut for ei veke sidan.

Men no har Biya vore borte så lenge at det er vanskeleg å kalle det «eit kort opphald i Europa», og ein del politiske kriser startar å presse seg på.

Paul Biya og Vladimir Putin

Kameruns president har ofte vore å sjå på ulike toppmøte rundt om i verda. Her på besøk i Russland, saman med president Vladimir Putin.

Foto: AP

Behandlinga av statsbudsjettet drar ut i tid i mangel på ein president, skriv The Africa Report. Landet skal også ha støtt på vanskar med å ta opp statslån, fordi fleire internasjonale institusjonar har sett prosessar på vent mens ein ventar på ei avklaring.

Uvisst kven som kjem etter Biya

Rykta tvinger fram spørsmål om kven som eventuelt skal ta over etter Biya. Sjølv om hans offisielle alder 91 år, så har det aldri blitt gjort klar nokon arvtakar. I alle fall ikkje ein arvtakar som offentlegheita veit om.

Sonen Frank Biya er nemnt, men har aldri vist særleg politiske ambisjonar. Og nummer to på rangstigen i Kamerun er leiar av senatet, Marcel Niat Njifenji, men han er 89 år gamal og har vore sjukare enn presidenten den siste tida.

Difor er det ein flaum av svarlause spørsmål som dukkar opp i takt med at rykta om Biyas død vert sterkare og sterkare. Det er over ein månad sidan sist han viste seg offentleg, under eit Afrika-Kina-toppmøte i starten av september.

  • Er Biya no innlagd på eit sjukehus utanfor Paris i all hemmelegheit?
  • Eller er han på femstjernershotellet som han veldig ofte bruker i Genève?
  • Eller er han allereie død?

Det er veldig få kamerunarar som kan gje deg sikre svar på dei spørsmåla. Styresmaktene i Kamerun påstår at presidenten er ved «god helse», og har sagt at han kjem «veldig snart» tilbake til Kamerun.

Men mange trur ikkje på dette, og meiner at fleire små teikn i sum er bevis på at presidenten faktisk er død – eller i det minste alvorleg sjuk.

Frykt for konflikt

Om presidenten faktisk er død, så kan ein viktig grunn til all hemmeleghaldet vere at det er frykt for ein intern maktkamp og konflikt i Kameruns øvste sjikt. Ein demokratiaktivist Al Jazeera har intervjua er ikkje nådig i si skildring av Kameruns øvste leiarskap.

Demonstrantar i protest mot Paul Biya. "Viktigaste årsak til migrasjon til Europa" står det på plakaten, der Biyas namn er på topp.

Paul Biya er langt frå like populær hos alle. Mange kamerunarar er sterkt kritiske til presidenten. Her frå ein demonstrasjon i Genève. Ein liknande demonstrasjon ville normalt blitt stansa på brutalt vis i Kamerun.

Foto: AP

– Kamerun er ein ugjennomsiktleg avløpsbrønn der sjølv nøkkelaktørar ikkje er i stand til å forstå systemet og manøvrere etter det, seier Kathleen Ndongmo.

Ekspertane ventar ein mogleg konflikt, som kan vekse seg stor om det oppstår rivaliserande fraksjonar.

– Tida etter Biya vil ikkje vere pen om ein fraksjon ikkje ender opp med å vere ein klar vinnar, seier Ndongmo.

Sjølv om frykta for konflikt og brutal maktkamp eksisterer, så er det ein fordel at Kameruns ulike maktstrukturar er fordelt ut over dei mange etniske gruppene i landet. Dermed er risikoen for ein større konflikt mindre.

Likevel er fleire delar av landet prega av høgt konfliktnivå, og ei krise i maktapparatet kan fort få store konsekvensar for hærens evne til å operere i desse områda.

Publisert 17.10.2024, kl. 16.37

Read Entire Article